Ice ice baby

I denne sommarvarmen er det heilt nødvendig å kjøle seg ned fleire gonger i løpet av dagen. Eg kom over ein genial måte å lage morosam is som ein kan nyte med god samvit – og med berre 1 ingrediens. Melonis-5
Du treng:
Isformer
ispinnar
Vannmelon
Stavmiksar
Melonis-22
Slik gjer du:

kjøyr vannmelonen fin med ein stavmiksar, kutt opp skalet slik at det passar til isforma.
Stikk pinnane i skalet. la dei ligge i frysaren nokre timar eller natta over. For å få dei ut av forma tek du dei berre i varmt vatn fyrst, då går dei lett ut v forma. Server på ein varm sommardag! _DSC1086 (2)

Eg tenkte og at eg ville dele nokre søte bilete av søte Pascalgull 🙂
Kattekorg-18Kattekorg-6

Eg smeltar av han, liten god gut 🙂

Søtpotetlomper

I dag på menyen hadde me søtpotetlomper med kyllingfilet, hummus og grønnsaker. Det smakte utrulig godt, og det som gjer maten så bra er at eg kan hente mykje av grønnsakene frå hagen.

20140707-155256-57176172.jpg20140707-155256-57176780.jpg20140707-155258-57178847.jpg

20140707-155257-57177403.jpg

Søtpotetlompene laga eg på slump, kokte opp skrelte søtpoteter til dei blei møre. Bruka stavmikser og hadde dei i ein bakebolle, tilsatte litt salt og mjøl til passende konsistens. Nokon blei litt tjukke, andre blei avlange mens nokon blei perfekte.

20140707-155258-57178187.jpg
Hummus er kikertpure, eg bruka to boksar med kikerter, 1 ts salt, pepper, 3 fedd kvitlauk, rapsolje, kruspersille og sitronsaft. Den kan lagas sama dag som servering, men den blir bare betre over natta.

20140707-160135-57695177.jpg

 

Morgon-boost

IMG_9999

Ingenting er som eit glas med nypressa juice om morgonen, det er så enkelt og
friskt. Det er litt tullete å ikkje bruke fruktkjøttet, men når eg puttar det
i juiceren med skall og det heile kjennes det likevel greitt og kaste det.
Det beste er jo å ha i seg alt, så kanskje eg får blande i fruktkjøtt neste gong?

I denne juicen har eg bruka ingefær, eple og grønkål, det blir så godt!
Eple gjev juicen ein sødme som binder smakane saman, ingefær eller sitron
brukar eg for at den skal bli frisk og syrleg. Grønkål gjev ein nydelig farge, klorofyll!

IMG_0004

Juicen nytas med ein gong, gjerne mens du høyrer på  på Sia med Chandelier!
Eg har så lyst på ei lysekrone eg kan svinge meg i 😉 !

IMG_9988

Ha ein fin dag!

Lakseburger

Heisann!
I dag har eg laga ein lavkarbo-rett, det som er fint
med denne livsstilen er at ein blir mett på ein heilt ana
måte med feitt og at ein legg ekstra fokus på spennande
tilbehør. Det som eg synes er negativt er alt som ein
må velge vekk, derfor er ikkje det ein livsstil som eg kan
leva med, men eg kan ha lavkarbo-middagar i blant.

Oppskrifta på hamburger»brød», fant eg på fotballfrue,
mens oppskrifta på laksen fant eg på godfisk.
Før du prøvar dette ut så vil eg presisere at
det ikkje er brød, slik som me kjenner til, men det
er ei røre basert på egg, med ein litt meir svampete konsistens.
Det smakar godt, men likevel annleis.

20130410_153000

Oppskrift på lakseburger:

Laksefilet
salat
rømme
ost
krydder

Brødet ( 6 stk )
3 egg
1/2 ts salt
1/2 ss Fiberhusk
100 gram Philadelphia
1/2 ts bakepulver
6 ss linfrø
sesamfrø
havsalt
oregano

Slik gjer du:
Skil egga, visp saman alt minus eggekvitene.
Pisk eggekvitene stive, vend dei inn i røra med
ein slikkepott. Fordel røra i seks på bakepapir,
strø over linfrø, oregano og havsalt.
Steik på 180 grader, i 15 minuttar.

Finhakk laksen, bland saman med graslauk og salt og
pepper, steik 2 minuttar på kvar sida, ha på ost til den
smeltar. Server med ein frisk salat.

20130410_152914
IMG_20130408_143417

Ryan Gosling på kjøleskåpet, looooking good! 😉

Gulrotsuppe

Hei!
Dagar som blir bruka på lange skiturar synes eg det er
veldig greit med lettvindte middagar som er både sunne og
gode. Gulrotsuppe lagar eg ofte, puresupper generelt, fordi det 
er så himla lettvindt og fordi eg er så himla lat! Eg lagar suppa
basert på kva eg har i kjøleskåpet, den blir jo god uansett.

IMG_20130306_174607

Du treng:
1 kg gulrøttar
3 dl matfløte
5 dl h mjølk
1 sjarlottlauk
1 dl kraft
1 appelsin
1 stk stjerneanis
litt chili

Slik gjer du:
Fres lauk, anis og chili i ein kjele.
Tilsett oppkutta gulrøttar og kok inn med
mjølk og kraft. Når gulrøtane er møre tek du ut
stjerneanisen og mosar til jevn konsistens.
Spe med fløte. Ha i saft frå ein appelsin og
smak til med salt og pepper.

Tilbehør kan vera raude linser, kyllingstrimlar, krutongar eller noko ana.

IMG_20130323_171217

Ha ei fortsatt fin påske! 🙂