Ice ice baby

I denne sommarvarmen er det heilt nødvendig å kjøle seg ned fleire gonger i løpet av dagen. Eg kom over ein genial måte å lage morosam is som ein kan nyte med god samvit – og med berre 1 ingrediens. Melonis-5
Du treng:
Isformer
ispinnar
Vannmelon
Stavmiksar
Melonis-22
Slik gjer du:

kjøyr vannmelonen fin med ein stavmiksar, kutt opp skalet slik at det passar til isforma.
Stikk pinnane i skalet. la dei ligge i frysaren nokre timar eller natta over. For å få dei ut av forma tek du dei berre i varmt vatn fyrst, då går dei lett ut v forma. Server på ein varm sommardag! _DSC1086 (2)

Eg tenkte og at eg ville dele nokre søte bilete av søte Pascalgull 🙂
Kattekorg-18Kattekorg-6

Eg smeltar av han, liten god gut 🙂

Matinspirasjon

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg nærmar meg slutten på ein hektisk eksamensperiode,
eg er ferdig med fem og har to att, eg har markeringstusjar
og lesesalar langt opp i halsen, men held ut litt til.
For i sommar skal eg virkelig kose meg, eg skal bake, lage mat,
invitere på jentekveldar, gå på fjellturar og jobbe.

Eg legg ut nokre matbilder, ikkje noko avansert berre veldig
enkel og rask kvardagsmat. Eg legg ut mykje på instagram, så
legg meg gjerne til på brukarnamnet ingridvanilje. 🙂

20120809_155657

Kylling og salat.

20130507_073754

Heimelaga granolia med friske bær og tyrkisk yoghurt.

 

20130526_182530

Salat med storfe, asparges, fetaost, pinjekjerner, sukkerertar og avokado

20130305_090809

Brødskive og vatn

20120809_183447

Morellar.

 

20130524_181030

Ben&Jerry’s med charentais melon og blåbær.

 

20130502_165255

Salat med byggryn, tomater, fetaost, paprika, sukkerertar og ruccola.

 

 

20130521_102322IMG_20130521_103734

Dette ser litt hardcore ut, men det smakte så utrulig reint og nøytralt.
Spinat, kiwi, eple, sitronsaft, matyoghurt og hvetegress(i pulverform) som er
miksa saman og silt. Hvetegress er jo noko som ein må venne seg til,
men resten er vanlige råvarer.

20130417_163408

Tikka masala med salat og yoghurtdressing. Det er også utrulig godt med
kanelsteikte rotgrønnsaker og nanbrød.

 

20130418_161922

Baconsurra torsk med blomkålpure, spinar og gulrot.
Eg prøvde og baconsurre laks, men synes ikkje at det var
så godt.

 

20130523_075911
Mat for hjernen, rett før eksamen. Brødskive med røkelaks og hjerte-agurk.

20130525_173224

Posjert egg, dampa asparges, mango, spinat, tomat og agurk.

20130524_170914

Laks med mango – avokadosalat. Herlig, frisk sommarrett.
Mango, avokado, tomat med limesaft.

IMG_20130526_193850

Blir mykje av det sama, men ein variasjon kan vere med heimelaga sitronsmør,
det er latterlig godt.

Kokosboller

Kokosbollar er ein svakhet for meg, det er så utrulig godt
på ettermiddagen saman med ein kopp kaffi.
Eg har lagd heimelaga kokosbollar og dei er minst like
gode som dei ein kjøper på butikken. Eg har henta oppskrifta
frå Kristine Weber’s kokebok sunn og sterk med protein.

20130422_170611

Oppskrift på nydelige kokosbollar:
12 stk.
3 eggekviter
3 ss sukrinmelis
4 gelantinplater
2 ss vatn
100 g mørk sjokolade
2 ss kokos (valfritt)

Blautlegg gelantinplater i kaldt vatn. Stivpisk eggekvitene
og tilsett sukrinmelisen.
Smelt gelantin etter anvisning på pakka og hell i ein tynn stråle
over eggekvitene mens du vispar.
Sett kaldt i eit par timar.
Smelt sjokolade og dypp kokosbollane eller hell over smelta sjokolade.
Sett kjølig.

20130422_170751

20130422_170623

Nytas med god samvittighet!

Tomatsuppe

Hei!
Eg blir altfor ivrig om våren, så då gjeng både skjerf og vottar i
gløymeboka, det er fortsatt kaldt ute, men eg lurar meg sjølv
når sola skin ute. Derfor har eg blitt litt sår i halsen, eg ba jo
om det, men det er så himla kjedelig.

På slike dagar er det håplaust og få i seg noko mat,
ingenting smakar noko.
Det einaste som fristar er då heimelaga tomatsuppe,
fyldig på smak, leikande lett og sunt for kroppen.

20130408_145106

Her kjem oppskrift:
7 tomater
olje
5 dl ferdigblada hønsebuljong
2 – 3 ss tomatpure
4 -5 små sjarlottlauk
3 fedd kvitlauk
litt tørka chili
matfløte
Valgfritt tilbehør (makaroni, egg, kesam, krutongar..)

Gjerne flå tomatane før, eg gjorde ikkje det, berre kutta dei opp.
Mål opp og kutt opp det du treng.
Fres lauken i olje i ei gryte. Ha i tomatpure og buljong.
Tilsett tomatane og chili.
La det småkoke i cirka 20 – 30 minuttar.
Kjøyr suppa jamn med ein stavmiksar.
Server!

20130408_155036
20130408_155053

Avokadosuppe

Heisann!

På sondag såg eg på programmet Hellstøm rydder opp hjemme, eg blei både
veldig inspirert og litt tankefull etter programmet. Kva treng egentlig kroppen
vår av næring? Får me i oss det me trenger gjennom eit vanlig norsk
kosthald eller treng kroppen også tabletter og supermat for å dekke ulike behov?
Eivind Hellstrøm hadde eit godt poeng når han sa at mat handlar om
meir enn bare næring. Det handlar også mykje om gode matopplevelsar,
det å lage mat saman og det å ta til seg kunnskap og erfaring.
Eg synes konseptet supermat er spennande, men eg kjem nok aldri til
å bli fanatisk. Kosttilskudd er noko ana, her er eg nok enda meir skeptisk,
eg vil heller spise vitaminer gjennom mat, enn å ta ei pille for det eg treng.

Eg trur på god, sunn og variert mat. Så klart synes eg også mykje av det som
inngår i supermat er godt, men eg kan godt eta eit kakestykke nå og da
utan å få dårlig samvittighet. For meg handlar det om og ha sunne
vaner som ein kan leve med.

Nok om det, nå skal eg legge ut ein oppskrift på ei kald avokadosuppe, som
er både enkel og utrulig frisk og god. Det er viktig at avokadoene
du skal bruke er mjuke og ikkje for harde. Som tilbehør har eg enten
kyllingfilet, eller spinat og ruccola. Det er så godt.

Oppskriften er frå kokeboka Miss Dahl’s frodige fristelser.

Avokadosuppe

2 modne avokadoer
1 eple, utan kjerne, skrelt og kutta i bitar
2,5 dl yoghurt naturell
ei klype tørka chili
Saften av 1/2 lime
5 dl kyllingkraft
Koriander til pynt

Ha avokado, eple, yoghurt, chili og limesaft i ein blender.
Varm opp krafta for å trekke fram smaken.
Hell kraften over i blenderen og miks til ei glatt og fyldig suppe.
Sett suppa i kjøleskapet ei stund før servering.

Håpar det smakar!