Bringebærbollar

Endå ein oppskrift frå flinke fotballfrue, denne gongen har eg prøva meg på
bringebærbollane, nysteikte bollar med kvitsjokolade- og bringebærfyll. NAM!

Eg brukar ikkje oppskriften slavisk, det er ein perfekt «slumpe-oppskrift»,
der ein kan smake seg fram sjølv, bare hugs på at deigen minnar om
ein pepperkakedeig, berre ikkje så hard. Når ein berre brukar mandelmjøl
så smakar bollane litt for mykje mandlar for min smak, derfor tilsett eg
også kokosmjøl og sesam-mjøl for ein meir nøytral smak.
Sama med kesam og kremfløte, eg brukar heller lettare alternativ sidan
eg ikkje et lavkarbo fast.

1375920_10151646206000836_1128497980_n
Ingrediensar:
2 egg
6 ss sukrin
6 ss kesam
4 ss fløte
160 gram mandelmjøl
ei klype salt
4 ss kardemomme
6 ss fiberhusk
100 gram smelta smør
Fyll:
Bringebær
Kvit sjokolade (Gjerne med stevia for at det skal vere sukkerfritt)

Slik gjer du:
Visp saman egg og sukrin.
Smelt smør og tilsett alt det andre.
Deigen skal vere fast, la den kvile i 10 minuttar slik at
fiberhusken skal trekke til seg væske og binde deigen.
Lag bollar i passande størrelsar, legg på steikebrett,

steik på 180 grader i 20 – 25 grader, dei sprekk litt opp når dei er ferdige.

1391797_10151646205915836_450578514_n

Håpar det smakar! 🙂

Kanelsnurrar

I dag har eg bakt herlige kanelsnurrar, dei er sukkerfrie,
lavkarbo og utrulig enkle. Må prøvas!
Oppskriften har eg henta frå fotballfrue og er så god at den
må delas vidare. ♥  Eg bruka steviosa i stadenfor sukrin, dette er noko
søtare så ta litt og litt om gongen og smak deg fram, eller bruk mengda
sukrin som er oppgitt i teksten.

kanel

Du treng:
2 Egg
3 ss kesam
3 ss sukrin (eller steviosa)
1 ts kardemomme
2 ts honning rørt ut i 1 dl varmt vatn
2 ss fiberhusk
1 ts bakepulver
1 klype salt
40 gram kokosmjøl
40 gram mandelmjøl
40 gram sesam-mjøl
30 gram smelta meierismør

sukrin gold, kanel og kesam til smøring.

kanel
Forvarm ovnen til 180 grader.
Pisk saman egg og sukrin (steviosa), tilsett det tørre.
Tilsett kesam, honning og smelta smør. Bland det godt saman til
ein deig som har litt sama konsistens som pepperkake-deig.
La deigen ligge i kjøleskap i ti minuttar.

Strø sukrin gold (steviosa) og kanel på eit bakepapir.
Form lange pylser av deigen og trykk den flat, litt tjukkare enn
tommelen og lang. smør over kesam og strø over sukrin og kanel.
Rull saman og sett på steikebrett.
Eg steikte mine i rundt 20 minuttar, men det var bare på over- og undervarme.
Når dei er ferdige så avkjølas dei på rist. Kan frysas.

IMG_8792

God helg  ♥ !