Terrakotta

New in! Eg har lenge sikla etter å strikke noko til meg sjølv i garnet Line. I dag reiste eg innom den lokale garnbutikken og kjøpte meg nytt og fint garn. Eg skal strikke Ella-genseren, som er ein enkel genser med raglanfelling og fletter på framsida. Heilt sikker på at den kjem til å bli mykje bruka. Terrakotta er ein farge som eg synes er så utrulig fin, og som eg håpar på at eg kler. IMG_9441.JPG

IMG_9435.JPG
Ha ei fin helg!

Fastelavn

God kveld!
Hyggelig med fastelavn, sjølv når ein ikkje har planer om å faste, for eg er ein av dei mange som berre likar slike merkedagar for kosen sin skyld. Det er slik det har blitt. Ein tenkjer ikkje så mykje over kva desse merkedagane eigentlig tyder, me vil berre pynte med fastelavnsris og glede oss til påskeferie og vårlige dagar. Eg tenkjer at det er heilt greitt, sjølv om det er greitt og vite litt om kvifor me markerar denne dagen. Viss me skal på quiz eller blir spurt av ungar til dømes. IMG_9336.JPG

IMG_9329.JPG
Denne helga har blitt ei koselig og sosial helg der eg sit att og føler at eg har fått gjort ein del. Måla i huset, vore med venner og hatt middagsbesøk, så eg seier meg nøgd med helg for denne gong. Nå gjer eg meg klar for blåmåndag og feitetysdag, eller nei, helst ikkje.

Eg har og strikka litt, ein frisk og fin luve som eg kallar «Olav Thon»- lua mi. Strikka i Pickles sitt garn Abuelita 4-tråds merino. Eg er så nøgd med den vårfriske luva!
IMG_9325.JPG
IMG_9340.JPGHåpar alle har hatt ein fin fastelavn!

 

Ein grøn start

Den fyrste veka i året er straks over, og eg har synes det har vore godt og kome i gang med jobb, trening og kvardagen. Ferie er herlig det og, men strukturen sklir litt ut og det blir litt mykje av alt, så eg blir litt lei.. Ein ny start var det eg trong, for nå må eg bare bli flinkare til å trene, for eg likar det jo når eg fyrst har kome i gang. Då blir sofaen og strikketøyet sett stor pris på etter ei real økt.

Eg treng og lange morgonar, der eg kan strikke, smårydde, høyre på musikk, blogge, skrive lister og drikke kaffi. Om eg har fri eller skal på jobb så treng eg slike morgonar, slike stunder gjer meg inspirert. Då gløymer eg kaoset rundt meg, for ei lita stund. For det blir jo kaos av husbygging, bryllaup og alt ana som ein skal rekke over.
img_9071
Joli er rydda ut og det einaste som stend att er to jolestjerner som ser ut til å trivast godt – så dei skal få stå. Det er så fint å fylle heimen med lettstelte grøne planter, som passar godt til det grøne strikketøyet. Nytrakta kaffi og yoghurtnøttar er ein fantastisk kombinasjon, noko eg rett og slett ikkje kan leva utan.
IMG_9074.JPG
Ha ein framleis fin helg!

Organisering: Garn

Eg har eit stort ynskje om å organisere garn som i ein garnbutikk, både praktisk og dekorativt. Tenk så morosamt og hatt ein «garnbutikk» heime, å bli inspirert og ha masse flott garn lett tilgjengelig. Det har eg dessverre ikkje hatt plass til enda, så derfor blir garnet mitt lagra i skuffar, korger, kasser og i stort sett alt eg har av oppbevaringsmoglegheiter. Eg mistar fort oversikt, det er garn her som eg har hatt i mange år og mykje nytt. Eg tek ein ryddesjau ein gong i blant, eg har eit hav av påbyrja nøste, i alle slags kvalitetar, litt av alt. Når det blir slik, så blir det nesten for mykje av det gode, eg synes det er vanskelig både med orden og oversikt med slike mengder.

DSC_2773 (2)

Derfor vil eg skrive ein ryddeguide, med tips og råd ein kan nytte seg av. Viss du har fleire gode tips så skriv det gjerne i ein kommentar.

– Etter å ha lest boka til Maria Kondo er det ein ting eg har lært; kvitt deg med det du ikkje treng. Sjølv om ein har planer om å strikke lappeteppe eller hønsestrikk så er det ikkje det du gidder å gjere mest av. Gje burt garn til for eksempel barnehage eller skulefritidsordning, då kan du ha god samvit for at det kjem til nytte hjå nokon andre.

– Legg inn garnet ditt på Ravelry. Det har tatt litt tid før eg har forstått kor genial denne kjente strikke- og heklenettsida er! Ein kan lagre pågåande prosjekt, kva garn ein har og legge inn fullførte prosjekt. Eg synes det er ein genial og enkel måte og til ein kvar tid ha full oversikt over garnlageret. Då finn ein og forslag på kva ein kan bruke garnet på. Dette er jo genialt og litt sært på sama tid. Ein personleg garn-database!

0976e6466592caaa962c67dca4500b88.jpg
Bilete frå pinterest. https://no.pinterest.com/pin/509399407835886972/

– Organsiser garnet etter kvalitet. Samle alt sokkegarnet ein stad, alt babygarnet og finullgarnet. Merk det godt og spar på magebanda slik at du lett finn det att.

– Kjøp dekorative korger og kasser, det er så koselig å ha nytt garn framme og tilgjengelig. Eg synes det finaste er å ta dei sama fargenyansar saman i ei kasse eller korg.

– Det garnet som du vel å behalde må du ha ein plan med. Skriv opp ei liste over kva du vil bruke restgarnet ditt på. Ver realistisk og ta minst eit prosjekt i månaden som du tek frå lageret ditt.

– Pågåande prosjekt er fint å ha i prosjektbaggar, då har du alt du treng til det prosjektet samla på ein stad. Då er det lett å ta det opp igjen viss andre ting har kome før i strikkekøen, som det oftast gjer.

strikk.png
Og når ein har vore flink til å fullført prosjekt, har god oversikt over kva ein har av babyull, sokkegarn også vidare. Då meiner eg at ein kan kjøpe seg nytt og flott garn som ein kan glede seg over. Det er ein evig runddans, men å lage seg eit system trur eg er veldig lurt når ein er litt slik.. Garn-tullerusk.

Strikkeåret 2016

Akk ja, endå eit strikkeår er forbi. Dette året har eg spart på alle magebanda frå garnnøste eg har byrja på. Eg mistenker at eg manglar nokre mageband frå yndlingskufta, men det gjev ein peikepinn på kor mykje eg har strikka dette året her. Eg telte opp 52 mageband og det seier eg meg nøgd med. Hurra for strikkegalskap!
IMG_9009.JPG
Eit strikkeår går fort, så fort at det ikkje er alt eg får vist fram på bloggen. Eg har alltid fleire prosjekt på gang, og gjerne fleire små prosjekt innimellom dei store kufteprosjekta. Slik held eg på, og fullfører mange fleire småprosjekt enn dei litt større og vanskeligare. Så derfor gjekk eg gjennom strikkehaugen min for å sjå om det var noko eg kunne vise fram, og det var det sjølvsagt! Så her kjem strikkeprosjekt som passar når ein må ha noko som passar inntil ein spennande film eller serie.
IMG_9014.JPG
Her har eg strikka ein shorts med strikk i livet og fin knyting, frå klompelompe. Eit artig strikkeprosjekt som gjekk fort. To sokkepar i ulik størrelse som eg strikkar for å få til hæl, det er jo ein kunst og få til vil eg sei.
IMG_9018.JPG
Dette er ei jakke frå Sandnes garn som er strikka i garnet Line. Det kjennes så deilig ut, så finn eg ein fin oppskrift så må eg nok strikke til meg sjølv og. Fantastisk garn. IMG_9021.JPG
Dette lilla Line garnet vant eg på Instagram og det blei ein kjole/tunika. Oppskrift frå Marte Helgetun.IMG_9026.JPG
Dette er eit restegarnprosjekt berre for å kvitte meg med litt garn. Strikka av babyull.
IMG_9028.JPG
Det var dei småprosjekta. Veldig greitt med variasjon når ein strikkar såpass mykje. Her kjem nokre av dei store prosjekta som eg har fullført.
IMG_8697 Denne kufta er min store stoltheit og det vanskeligaste eg nokon gong har strikka. Eg er så glad i denne kufta, og har bruka den mykje.
IMG_8696
Denne genseren er eg også sjukt nøgd med. Vakkert mønster.

Mammas bladrillejakke ligg klar for montering, har ikkje fått tatt bilete av den enda.
Eg har og to sommartoppar som er uferdige, ein i lille lerke og ein i summerwool, dei tek eg fram tidlig på våren.

Mine strikkemål for 2017 er…

.. Skrive strikkedagbok, dokumentere kva eg har fullført.

.. Strikke meir til min framtidige mann.♥

.. Bli meir spenstig når det gjeld fargeval, tørre å prøve andre kombinasjonar.

Tusen takk for eit flott år, eg held fram med bloggen så lenge eg kjenner meg kreativ og har skapartrong. Handarbeid gjev meg så mykje glede i ein hektisk kvardag. Me sjåast i 2017.

Strikka jolegåver

Det blir litt av det kvart einaste år, nokre mjuke pakker under treet til heldige utvalte. Eg tenkjer kvart år at eg skal byrje med strikkegåvene like etter jol, men då er eg mest lysta på ego-strikk. Det er utrulig koselig å strikke noko som mottakaren blir glad for, det er lurt når ein skal gje bort at ein passar på å strikke kvaliteter som tåler litt vask.

15801454_10153984854995836_79282230_n.jpg
Mary-genseren strikka eg i fjor, eg byrja på den omtrent rundt 1.desember og blei ferdig med den til jol. Garnet er Pus av Du store alpakka, eit herlig mjukt, tjukt garn som eg likar godt. Denne fekk veslesyster og eg blir så glad når ho fortel at ho brukar den masse, eg har så lyst til å strikke ein Mary-genser til meg sjølv ein vakker dag. Eg elskar mønsteret!

IMG_8805 (2).JPG
Lilly-hals og perslestrikk-pannebandet strikka eg til snille svigermor. Oppskrift til halsen finn ein i den siste klompelompe boka, og garnet er sjølvsagt merinoull. Merinoull er ikkje så varmt som ull, det har ein ana eigenskap, det er kløfritt og ein kan vaske det. Det er fint å strikke barneklede og småplagg av, men ein må aldri finne på å strikke vottar av garnet. Det gjorde eg, dei vottane blei våte og kalde på eit blunk, det var skuffande vottestrikk.
IMG_8820.JPG
Fint å feste ein liten vaskelapp til strikketøyet synes eg, lurar på om det går å kjøpe desse ferdig laga. Det hadde vore så kult. IMG_8827.JPGKoselig med personlege klistremerke, «jol jol» blei litt feil berre.
IMG_8958.JPG
Heimestrikka sokkar trur eg at vil bli storproduksjon av til neste år, me får sjå om eg får det til slik bestemor gjer. Eit langsiktig mål i livet er å bli ein ræser på sokkestrikk.
IMG_8997.JPG
Her har eg strikka Andrine-sommerkjole og knytelua, eit kjempe snålt sett som eg blei veldig nøgd med. Det var ei lita jente som heiter Natalie som fekk, som eg håpar vil falle i smak. Moro og gje bort strikka gåver, må nok seta meg ned å planlegge neste jol.IMG_9005.JPG
Ha ein framleis god jol!

Knappar

Knappar vekker nokre barndomsminner sjå meg, nokre små glimt som eg synes er koselig å sjå tilbake på. I den gamle boksen til mamma var det alle slags knappar, treknappar, stoffknappar og i variert mengde. Eg synes alltid at det var så moro når ho tok den fram, det var litt som ei skattekiste. Veldig spennande viss eg fekk lov til å tømme ut på bordet og studere dei ulike og rare knappane. Eg hadde nok synes at det hadde vore like moro i dag som då, men for ein litt ana grunn.

Eg og er nok ein byrjande knappe-samlar, kjøper gjerne med meg litt knappar frå garnbutikken viss eg ser noko som eg har lyst på. Eg lagrar dei i ein te-boks, praktisk og lett å halde oversikt. Her får ikkje Pascal putte labben sin nedi for å sei det slik.

IMG_8751.JPG
Eg som strikkar så mykje brukar ein del knappar, å det blir fort litt dyrt når ein stadig må kjøpe knappar. Dessutan har eg sakna å ha eit lite lager her heime, for då er det fort gjort å finne knappar som passar plagget. Eg bestemte meg derfor å søke rundt på Etsy for å sjå om eg likegodt kunne gjere eit godt knappe-kjøp.
IMG_8759.JPG
Eg var på utkikk etter enkle knappar som ville vera fine til strikkeplagg. Eg synes sjølvsagt at det er treknappar som gjer seg aller best til det føremålet. Eg kjøpte fine treknappar i ulike størrelsar på Heartsupplies, her var det rask levering og fine prisar.
IMG_8763.JPG
Det billigaste er sjølvsagt knappar av plastikk, det kan vere fint på småstrikk og kanskje til ulike hobbyprosjekt. Kjøpte desse knappane frå CartmellCrafts.
IMG_8769.JPG
Nokre andre knappar som eg likar godt er dei frå Snella og Petronella som ein får tak i sjå dei fleste garnbutikkar. Desse er av porselen og har eit bodskap på seg. Desse kostar litt, men eg synes dei gjer seg fint på silkemjukt og eksklusivt garn. Gjerne småstrikk eller innimellom på store plagg.

Håpar dykk fekk nokre tips! Ha ein fin laurdag.

Dilla på oker

Hei hei!
Etter ei lita bloggpause er det på høg tid med ein liten strikke-oppdatering.
Eg har gjort ferdig nokre prosjekt som har ligge i UFO-korga mi, bruka opp restegarn og rydda i garnlageret mitt. Det har faktisk minka litt, med litt meiner eg ikkje noko merkbart men at eg veit at det har minka. Brukt opp eit nøste, kjøpt ti nye. Slikt blir det garnlager av!

Denne vinteren har eg hatt heilt dilla på oker, synes bare fargen er så fin og spesiell. Ein farge som overraskande mange kler, og som passar godt inn i den årstida me snart skal inn i nå, nemleg hausten. Å få fram fargane på bileta var ikkje så lett. Eg har derfor justert fargane noko, men vil legge til at fargane er litt ljosare enn på bileta.

IMG_8693.JPG

Her er Andrine-sommerkjole med okergul merino frå Sandnes garn. Denne strikke eg og ferdigstilte på 2-3 veker (slappe veker). Den er så moro å strikke og veldig enkel men ser avansert ut. Herlig strikk på passe tjukke pinnar, garnet glir lett, så dette er eit perfekt sommarprosjekt.

Eg synes kvit inntil oker er den beste fargekombinasjonen. Eg ser at mange blandar med duse fargar, lys rosa, blå eller lilla. Eg synes då at fargen ikkje kjem til sin rett, og den vil dermed sjå «skitten» ut. Dessutan synes eg mønsteret kjem meir fram om ein vel kvit i staden for rar fargemiks. Dette er bare meint som eit velmeinande råd.

IMG_8697.JPG

Her er min store stoltheit, nemlig yndlingskofta frå kofteboken 2. Eg er så glad i dette bladliknande mønsteret i uendelige variasjonar. Denne er vanskeleg å strikke, eg måtte ha godt ljos og telle masse – men den er så verdt det! Garnet er alpakkaull frå Sandnes garn, eit godt og varmt garn. Ei jakke som eg brukar mykje når det er skikkelig bikkjekaldt ute.

IMG_8696.JPG
Dette er min absolutte favorittgenser. Den er lett, feminin og akkurat passe tynn. Eg har bruka den i sommar på dei kaldaste dagane, den er så god å ha på seg. Strikka i garnet sterk av du store alpakka, som har blitt eit av mine favorittgarn. Denne er så fin at eg kan bruke den til alt, likar den veldig godt. Fargen er og nydelig frisk og passe gul.
13819596_10153577882070836_1718193178_n
Det var ein liten oppdatering frå strikkehaugen min, ein ana oppdatering er at eg har fått ring på fingeren. No blir det bryllaup!

Naturleg

 

Sjå her! Nå vil eg vise fram kva eg strikkar på for tida. Merkar at eg blir glad for lett og svalt garn i naturfargar. Akkurat nå held eg på med Catriona-jakke frå Sandnes garn, hefte 1606, Sommer barn. Oppskrift og garn vant eg på ein Instagram konkurranse, så det er kjempe morosamt!

DSC_2776 (2)

Eg har fleire ullgenserar og varme plagg som eg har lagt til side framfor lin, bomull og andre lette kvalitetar. Eg er klar for sommar og varme dagar, då blir det litt slik.
Det blir nok ein strikke-sondag i dag, på tide å legge føtene høgt og sette på ein fengande Tv-serie. Alle pratar jo om SKAM, kanskje eg får sette på det? 🙂 DSC_2773 (2)

Ha ein fin sondag, om du strikkar eller ei!

Chunky wool

Fyrste gongen eg hørte om det så berre lo eg, «strikke med pinnestørrelse 30 liksom..». I det siste har eg kome over fleire og fleire bilete på Instagram av overdriven grovstrikk.
Eg får liksom ikkje heilt bestemt meg, er det kult eller blir det bare too much? Eg tenkjer sjølvsagt at det ikkje er noko godt for hendar og ganske så stive og upraktiske plagg, men likevel – så statement.

Dei norske garnleverandørane ligg litt bak enda, Pickles byrja sin bedrift med grovstrikka puffar og held fram med grovstrikk. Skappelgenserane er nokså grovstrikka, men langt i frå dette. Lite av dette på det norske markedet, heilt til eg kom over at interiørbutikken Feel har byrja med eige garn – og der har dei skikkelig grovstrikka klede.

1
http://www.hibridblog.com

hibrid-10.jpg

http://www.hibridblog.com 
Eg elskar strikk i interiøret, så tøft det blir.

1e02711f536e6a883bdb7bbd0095f67c
http://honestlywtf.com

12386673_10153290926365836_1572290960_n.jpg

Skjermbilete av Instagram profilen til Feel (feel_Norge)
Min søte mamma kjem nok til å riste på hovudet når ho ser denne trenden, men eg trur likevel at eg vil driste meg til å prøve å strikke noko med så grove pinnar. Eg kjem nok ikkje til å bruke ein så grovstrikka genser så ofte, men eg er veldig freista til å prøve.

Kva synes du? Tøft eller too much?