Strikkeåret 2016

Akk ja, endå eit strikkeår er forbi. Dette året har eg spart på alle magebanda frå garnnøste eg har byrja på. Eg mistenker at eg manglar nokre mageband frå yndlingskufta, men det gjev ein peikepinn på kor mykje eg har strikka dette året her. Eg telte opp 52 mageband og det seier eg meg nøgd med. Hurra for strikkegalskap!
IMG_9009.JPG
Eit strikkeår går fort, så fort at det ikkje er alt eg får vist fram på bloggen. Eg har alltid fleire prosjekt på gang, og gjerne fleire små prosjekt innimellom dei store kufteprosjekta. Slik held eg på, og fullfører mange fleire småprosjekt enn dei litt større og vanskeligare. Så derfor gjekk eg gjennom strikkehaugen min for å sjå om det var noko eg kunne vise fram, og det var det sjølvsagt! Så her kjem strikkeprosjekt som passar når ein må ha noko som passar inntil ein spennande film eller serie.
IMG_9014.JPG
Her har eg strikka ein shorts med strikk i livet og fin knyting, frå klompelompe. Eit artig strikkeprosjekt som gjekk fort. To sokkepar i ulik størrelse som eg strikkar for å få til hæl, det er jo ein kunst og få til vil eg sei.
IMG_9018.JPG
Dette er ei jakke frå Sandnes garn som er strikka i garnet Line. Det kjennes så deilig ut, så finn eg ein fin oppskrift så må eg nok strikke til meg sjølv og. Fantastisk garn. IMG_9021.JPG
Dette lilla Line garnet vant eg på Instagram og det blei ein kjole/tunika. Oppskrift frå Marte Helgetun.IMG_9026.JPG
Dette er eit restegarnprosjekt berre for å kvitte meg med litt garn. Strikka av babyull.
IMG_9028.JPG
Det var dei småprosjekta. Veldig greitt med variasjon når ein strikkar såpass mykje. Her kjem nokre av dei store prosjekta som eg har fullført.
IMG_8697 Denne kufta er min store stoltheit og det vanskeligaste eg nokon gong har strikka. Eg er så glad i denne kufta, og har bruka den mykje.
IMG_8696
Denne genseren er eg også sjukt nøgd med. Vakkert mønster.

Mammas bladrillejakke ligg klar for montering, har ikkje fått tatt bilete av den enda.
Eg har og to sommartoppar som er uferdige, ein i lille lerke og ein i summerwool, dei tek eg fram tidlig på våren.

Mine strikkemål for 2017 er…

.. Skrive strikkedagbok, dokumentere kva eg har fullført.

.. Strikke meir til min framtidige mann.♥

.. Bli meir spenstig når det gjeld fargeval, tørre å prøve andre kombinasjonar.

Tusen takk for eit flott år, eg held fram med bloggen så lenge eg kjenner meg kreativ og har skapartrong. Handarbeid gjev meg så mykje glede i ein hektisk kvardag. Me sjåast i 2017.

Strikka jolegåver

Det blir litt av det kvart einaste år, nokre mjuke pakker under treet til heldige utvalte. Eg tenkjer kvart år at eg skal byrje med strikkegåvene like etter jol, men då er eg mest lysta på ego-strikk. Det er utrulig koselig å strikke noko som mottakaren blir glad for, det er lurt når ein skal gje bort at ein passar på å strikke kvaliteter som tåler litt vask.

15801454_10153984854995836_79282230_n.jpg
Mary-genseren strikka eg i fjor, eg byrja på den omtrent rundt 1.desember og blei ferdig med den til jol. Garnet er Pus av Du store alpakka, eit herlig mjukt, tjukt garn som eg likar godt. Denne fekk veslesyster og eg blir så glad når ho fortel at ho brukar den masse, eg har så lyst til å strikke ein Mary-genser til meg sjølv ein vakker dag. Eg elskar mønsteret!

IMG_8805 (2).JPG
Lilly-hals og perslestrikk-pannebandet strikka eg til snille svigermor. Oppskrift til halsen finn ein i den siste klompelompe boka, og garnet er sjølvsagt merinoull. Merinoull er ikkje så varmt som ull, det har ein ana eigenskap, det er kløfritt og ein kan vaske det. Det er fint å strikke barneklede og småplagg av, men ein må aldri finne på å strikke vottar av garnet. Det gjorde eg, dei vottane blei våte og kalde på eit blunk, det var skuffande vottestrikk.
IMG_8820.JPG
Fint å feste ein liten vaskelapp til strikketøyet synes eg, lurar på om det går å kjøpe desse ferdig laga. Det hadde vore så kult. IMG_8827.JPGKoselig med personlege klistremerke, «jol jol» blei litt feil berre.
IMG_8958.JPG
Heimestrikka sokkar trur eg at vil bli storproduksjon av til neste år, me får sjå om eg får det til slik bestemor gjer. Eit langsiktig mål i livet er å bli ein ræser på sokkestrikk.
IMG_8997.JPG
Her har eg strikka Andrine-sommerkjole og knytelua, eit kjempe snålt sett som eg blei veldig nøgd med. Det var ei lita jente som heiter Natalie som fekk, som eg håpar vil falle i smak. Moro og gje bort strikka gåver, må nok seta meg ned å planlegge neste jol.IMG_9005.JPG
Ha ein framleis god jol!

Strikkesundag

Eg elskar strikkesundag, legge seg under eit pledd, fyre i omnen, sjå på tv-seriar og ta fram strikketøyet. Eg kunne ikkje levd utan slike dagar, for då får eg energi til ei ny jobbveke og kvardagen.

DSC_2105 (2)DSC_2111 (2)DSC_2104 (2)
Akkurat no held eg på med ei kufte frå kofteboken 2. Eg strikkar med oker i alpakkaull frå Sandnes garn. Eit nydelig garn som eg har bruka til ei jakke tidligare som held seg fin. Eg elskar garn, det gjer seg så i ei korg eller kasse til pynt.

Ha ein fin sundag! Viktig å bruke ein dag på å lade opp batteria sine.

 

Feriestrikk

… Eller strikkerot som det er akkurat no.
Når eg ser tilbake på mine strikkeprosjekt så ser eg at eg har strikka ein god del i sommar. Monteringshaugen har auka gradvis og eg har starta på nye prosjekt utan at eg har vore heilt ferdig med det eg har heldt på med. Nå har det berre blitt ein haug med rot og det er unødvendig. Det er ei uvane eg har, som eg berre burde slutte med.

IMG_8658

Så nå skal eg ta meg saman, sy på knappar, feste trådar, lage duskar og sy i bukse-strikk. Det er ikkje det mest lystprega arbeidet som finnes, men det blir bra når eg kan pakke det vekk og planlegge kva som blir gåver.

IMG_8673

Eg får hive meg rundt, for på måndag startar eg endelig i jobb og då blir det mindre tid til hobbysyssel.

Perlemorsgenser

DSC01250 (2)

Hei!
Nå er det lenge sidan eg har oppdatert på strikkefronten, på tide å syne fram det som eg har strikka på i det siste. Eg har falt helt pladask for perlemorsgenseren (direktelink til mønsteret). Eg kjem garantert til å strikke mange variantar av denne genseren for mønsteret er heilt nydelig. Ser avansert ut, men den er utrulig kjappstrikka. Den er nesten heilt perfekt, det einaste ein burde vurdere undervegs er om det er nok masker på armane. Eg har ikkje prøva genseren på nokon, men frå eit augemål kan dei sjå tynne ut. Sett bort i frå det, så er genseren perfekt slik eg ser det.

DSC01223 (2)

DSC01226 (2)

Denne varianten har eg strikka i dobbel tråd med Alpakka silke, av Sandnes garn. Garnet er ein eksklusiv blanding av baby alpakka og mulberry silke. Eit herlig silkemjukt garn, det kostar litt men eg synes at det er verdt det. Genseren er tynn, men varmeregulerande så eg kan tenkje meg at den passar fint for ein sval vår, slik som nå.

DSC01227 (2)

DSC01230 (2)

DSC01231 (2)

Denne varianten av perlemorsgenseren har eg strikka av ein tråd med babyull lanett og ein tråd med silk mohair, begge frå Sandnes garn. Dette er ein vintergenser, den er ganske tjukk i førehald til som er strikka i alpakka silke. Silk mohair røyter ein del, og kanskje klør litt, derfor ville eg hatt ein tynn trøye under, passar nok best til fotografering for å vere ærlig.

DSC01237 (2)

Til slutt vil eg vise denne genseren her og, det er ikkje ein perlemorsgenser men ein genser eg fant på drops design. Den er strikka i Rauma babyull, kløfri og praktisk genser. Ein morosam genser å strikke. Raglan-felling er heilt klart enkelt og praktisk.

DSC01248 (2)

Akkurat nå har eg ikkje noko spennande strikketøy mellom fingrane, om det er nokon som har
nokon tips så må eg nok innom ein garnbutikk denne veka.

Ha ein fin måndag!

Nokre jolegåver

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å strikke jolegåver i år, for eg trudde at det bare ville bli stress. Men når eg kom over den fine Islandsgenseren i Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen så klarte eg bare ikkje å halde meg. Eg måtte strikke den, så eg la inn ein bestilling til Sandnes garn på deilig alpakkaull.
IMG_8609
Inspirasjon til fargevalet fant eg når eg søkte på #islandsgenser på instagram.
Mønsterstrikk er ikkje det som eg gjer mest av, men å strikke denne genseren har gitt meg god trening i nettopp det, avstanden frå fargebytte er ikkje så langt og det er eit stort pluss for meg.
10921735_10152498087750836_386882176_n
Etter Islandsgenseren sat eg igjen med så mykje restegarn at eg bestemte meg for å strikke ei jakke til yngstemann og. Det gjekk akkurat, og eg blei ferdig med denne på jolaften, ferdig montert og vaska. Eg tenkte at det ville gå fort med denne, men eg bruka mykje lengere tid enn eg trudde.
IMG_8606
Den siste tanteguten min fekk heimestrikka hals i gåve. Denne halsen er strikka i babyull og er eit plagg guten kan bruke lenge, veldig praktiske og fine synes eg. Det blei litt ulik vanskelighetsgrad på gåvene, men får sjå korleis eg løyser dette til neste jol. Det er jo litt slik med strikking at ein følger dei impulsane som ein får, ein må og bli inspirert og motivert for kvart einaste prosjekt.
10913140_10152498097935836_1858819094_n
Til nokon av dei eldre så strikka eg hjarte som eg hang på vinflasker,
litt moro synes eg. Fine til å bruke som joletrepynt etterpå.

Nå er eg i gang med litt egostrikk og småstrikk, viser det fram seinare.
Ha ei fin veke.

Leila Hafzi

Førjolstida er det koseligaste synes eg, ingenting kan måle seg med baking, jolemusikk og kvalitetstid med familien. Jolegåvene starta eg tidlig med i år, og har berre noko småplukk igjen, eg gjer alt for å unngå å havne på eit kjøpesenter som er stappfullt av stressa folk. Då har eg ekstra tid til å gjera akkurat det som eg har lyst til i desembermånaden. Det passar meg fint.

IMG_4801.JPG

Eg tenkte at eg ville vise fram Leila Hafzi jakka mi som eg strikka på i sommar. Den er strikka i perlestrikk med alpakka ull frå Sandnes garn, knappen og merket kjøpte eg på nettsida deira. Oppskriften er i Leila Hafzi kolleksjonen vol. 1.
Dette er det finaste hittil som eg har strikka, eg er utrulig stolt og tenkjer at det er ei tidlaus jakke som eg kan bruke til mykje. Mamma har montert jakka, eg veit at eg må lære det sjølv, men eg er ikkje så nøye som ho og synes derfor at det er fint og trygt når ho tek tak i det.

Ha ei fortsatt fin førjolstid!

Summer Wool

Nå skal eg vise fram to strikkeprosjekt eg har heldt på med i år, det tek gjerne
litt tid med meg, men når eg faktisk fullfører så blir eg så inspirert at eg kan
starte med ti nye prosjekt samtidig. Det er så mykje fint nå, eg har lyst på
ein genser i marineblå, ein flettegenser, ein perlestrikka jakke og ein genser
som ville passa perfekt til påska i 2015. Det boblar liksom litt over sjølv om eg
akkurat nå held på med ein genser frå DIY frå Sandnes garn og ein Leila Hafzi jakke.
Eg må le litt, men det gjeld nok bare å fullføre det eg held på med.

Vimpeltee

Nå er eg ferdig med Vimpel-tee toppen frå Pickles. Eg innrømmer at fargevalet var
noko dristig, så eg er i tvil om korleis eg skal style toppen, nokon forslag? Eg bruka garnet
summer wool, som er ein blanding av bomull og merino som gjer at toppen eignar
seg godt til norsk sommar. Eg ville ikkje ha mønsteret på heile toppen, då hadde
eg nok aldri blitt ferdig. Eit moro strikkeprosjekt, rundfelling er heller ikkje så gale.

IMG_0541

Eg har og fullført noko som har ligge i monteringshaugen i evighetar.
Ein baby-topp som er frå Dale garn nr.277. Eg strikka den i eit utgått babygarn
frå pickles. Eg ville bare bli kvitt litt garn og strikka utan mål og meining, ofte
då det bare blir liggande.

DIY

Sandnes garn  har kome med eit nytt strikkehefte som heiter DIY,
altså do it yourself. Eg klør litt etter å starte på noko nytt, det fristar
veldig, likevel må fornuften seta ned foten. Eg må strikke ferdig genseren
som eg held på med nå, eg må bli ferdig med litt jolegåvestrikk,
strikke ferdig babysokkar og lista fortsett i det uendelige.
Eg er glad i å strikke, men føler at det er ein pakkeavtale
som innheld både halvstrikka sokkar og mykje restgarn i alle
kvalitetar. Fleire som har det slik? 

Sjølv om eg ikkje skal hoppe på noko nytt akkurat no så må det vera
lov å drøyme seg vekk i duse fargar, klassiske snitt og design som kjem
igjen gong på gong. Sandnes garn er så i vinden med skappelgarn,
moderne oppskriftshefter og herlig garn.

Modell 6 ( . )Modell 4 ( ... )Modell 5 ( .. )Modell 7 ( . )Modell 10 ( ... )