Crêpes med kvit sjokoladekrem

Åhh.. For ein nydelig sommar, endelig litt temperatur, nå skal eg ikkje klage på at det er for varmt, det er perfekt uansett, me må kose oss nå og nyte lange dagar. I dag har eg vore ute og ordna i hagen, Pascal ligg under trillebåra mens eg nappar ut løvetann frå plenen, me kosar oss veldig. Eg har bare hatt han i tre veker, men det kjennes ut som at han alltid har vore her. Han er heilt perfekt i mine auger, ei liten kosegut, einaste ulempe er at han er like vill etter garn som meg. Haha, dårlig kombinasjon.
Edvin_Pannekaker_Eirefjell-87
Eg tenkte at eg ville dele ei heilt nydelig oppskrift på crêpes, altså tynne pannekaker og ein silkemjuk sjokoladekrem som er at kvit sjokolade. Eg lagde det i førre veke og skulle gjerne hatt ei runde til, men nå får det halde. Ein kan ikkje ete så mykje ein vil av det, men uansett om ein gjer det, så er det likevel verdt kvar einaste kalori. Oppskrifta låg på ein fin blogg som heiter klisjèhjemmet. Oppskrifta er så god at ein lett kan doble den.

Crêpes:
250 gram kveitemjøl
3 ss sukker
Salt
4 egg
6 dl mjølk
60 gram smør

Bland alt det tørre saman fyrst, smelt smør og tilsett egg og mjølk, rør godt slik at det blir ei klumpfri røre. La røra svelle på benk i 15 minuttar. Steik og server.

Edvin_Pannekaker_Eirefjell-79
Kvit sjokoladekrem
Lag gjerne kremen nokre timar før servering, gjerne dagen før den skal serveras.
3 dl kremfløte
300 gram kvit sjokolade

Varm opp kremfløten til kokepunktet, knekk sjokoladen i ein bolle. Hell den varme fløten over sjokoladen og rør til det er ei jamn blanding. Sett blandingen kaldt, enten frysaren eller i kjøleskåpet. Pisk den opp, ha den i kjøleskåpet nokre timar eller server med eingong. Den blir fastare om den får stått kjølig etter den har blitt piska. Server med friske bær.

Edvin_Pannekaker_Eirefjell-80
Edvin_Pannekaker_Eirefjell-81

Server gjerne med nutella om du har. Nam nam!

It’s closure but it sure feels nice

Søte jordbær, lange kveldar og spennande utfluktar er det som har prega
sommaren min så langt. Sjølv om det er fint med sommar så må eg ærlig innrømme
at eg gledar meg veldig mykje til å koma i gang med skulen igjen.
Rutiner, privatliv og haustkveldar er noko av det som eg ser fram til, men det
som blir det aller beste er at eg får to nye tantebarn! Det vil sei at når 2013 er over så
er eg tante til tre hjerteknuserar og det blir utrulig fint. ♥ ♥

Nokre bilder frå sommaren:

20130722_123522
Mule Varde

20130713_191707
Gjennomført Låvefest!

20130713_181055

20130725_105047
Fornebu

20130727_192126

Jentehelg i Kristiansand. Vin, drinkar, latter og lange samtaler om kjærlighet og tap.

20130720_102537

Strikketøy i solsteiken! For eit år sidan starta eg på ein enkel cardigan, men eg er
så himla rask til å legge det frå meg og starte på noko nytt når eg sitt fast.
Nå har eg lært meg raglanfelling og funnet ut kor pinlig enkelt det er, så nå kan
eg snart vise resultatet på bloggen. Den blir veldig fin om eg må sei det sjølv! 🙂
Det er så mykje fint garn på pickles akkurat nå, kriblar etter å starte på noko nytt
til meg sjølv.