One more chance to be inspired

Det nærmar seg jol, det er ei fin høgtid som både vekker mykje sorg og glede. Ein minnas dei som ein har mista og kjenner på saknet av dei. Og så gler ein seg over alle dei gode menneska ein har rundt seg, for dei må ein ikkje gløyme. Det blir litt ekstra med kjensler i høgtida, og det er viktig å ta seg tid til å kjenne på.
20171125_103108
20171126_085440.jpg
Eg har starta så smått på jolevask og pyntinga. Eg brukar mange produkt frå C Heyerdahl, og det er mykje på grunn av at det luktar så reint. Eg er så nøgd med desse såpene, og kjøper dei på min lokale gardsbutikk «Siloen».
Det blir enkelt her i år, ljos i glasi og etter kvart nokre nissar, men eg har ikkje nok til å pynte eit heilt hus. Synes det er heilt greitt og ha det litt enkelt. Eg tenkjer at eg har lyst til å lage kransar til å henge ute, men spørs om at det endar med at eg kjøper.
20171126_145451
Eg gjer alt eg kan for å redusere stresset, for denne joli kjenner eg bare at det ikkje går. Bare tanken på alt som skjer i desember gjer at eg gruar meg, eg må bare akseptere at eg kan ikkje vere med på alt. Det er viktig å lytte til seg sjølv og eigne grenser, uansett om ein er gravid eller ei. Det har lett for å bli for mykje og advent skal vere ei hyggelig ventetid. Så eg hentar meg inn der eg kan, kosar meg der eg kan og senkar skuldrane. Eg skal gjere ting som gjev meg energi, slik som her om dagen, då eg og venninna mi lagde Sarah Bernhardt (link for oppskrift). Det er slike ting eg gjerne vil ha tid til, også droppar eg kjøpesenter-stresset og det synes eg er ein fin ting.
20171127_180438

Litt strikke-relatert slik på tampen. Her er buksa som eg strikkar på. Snøløvbukse trur eg den heiter. Eg strikkar den i mini sterk, eit nydelig silkemjukt og tynt garn. Heilt herlig frå fødsel til våren tenkjer eg. Så koselig og strikke så smått, eg nyter det berre. 20171125_154058.jpg
Ein liten sjavfie, nå er eg i 2. trimester og føler at tida går så fort. Eg er så stolt av at det endelig byrjar å synes og det er fint synes eg. Eg kjenner masse spark og full aktivitet der inne så det er veldig koselig.

Garnkjøp i vinterland

I dag har eg vore innom min lokale garn- og interiørbutikk. Den er sesongstengt mellom jol og påske så nå gjeld det og fylle opp i garnlageret sitt. Eg held på med hemmelig jolegåvestrikk så derfor kan eg ikkje vise fram ferdige prosjekt heilt enda. Så då får eg vise fram mitt nye garnkjøp.
23768695_10154847523790836_1440204733_o
Eg kjøpte nokre nøster mini sterk frå Du store alpakka. Dette skal bli to ullbukser med selar og snøløvmønster. Det er nokså kjappstrikka så då tenkte eg ein bukse i nyfødt størrelse og ein som passar til hausten. Grønfargen synes eg var heilt utrulig fin, og håpar den kjem godt fram på bilete. Dei søte skoa bruka min mann då han var liten, og eg synes det er kjempefint og ta vare på slike koselige ting.

23798047_10154847523780836_1092101404_o.jpg

Eg synes det er så koselig og endelig ha ork og motivasjon til å strikke igjen, kjenner at det gjer noko med meg. Nå er strikkemotivasjonen her som aldri før, og eg ser fram til å gjere ferdig nokre prosjekt og starte på nye prosjekt til barnet som kjem. Eg skal oppdatere når eg har kome igang, for desse er det ingenting hemmelig med.

Ny strikkebok

Strikkelysten har ikkje vore til stades på fleire månadar, eg har rett og slett ikkje hatt særlig overskot til det. Eg har kjøpt garn, lagt opp og rekt opp igjen før eg har fått strikka fyrste omgang. Gnisten har nok berre ikkje vore til stades, og eg har sjølvsagt sakna strikkegleda. Men eg merkar at nå, endelig etter så mange månadar så må eg strikke igjen, det kriblar i fingrane og det kjennes så godt. Eg har kjøpt meg ny og fin strikkebok; «Strikk meg» av @knitsandpieces på Instagram.
20171028_124951.jpg
Eg har jo veldig mange strikkebøkar nå men eg blei så positivt overraska over at denne var så grundig og ryddige oppskriftar. Dette er ei bok med høg kvalitet, den er veldig ordentlig og nøye. Den er utrulig stor og tjukk og heilt fantastisk gjennomført og fin. Det er ei slik type strikkebok som ein får lykkekjensle av. Så herlig! Nokre av oppskriftene har eg frå før, men eg er meir glad i og bla i ei bok enn mange lause ark.
Eg har lyst til å strikke det aller meste, det klør i fingrane til å produsere nokre plagg.
20171029_115754
Eg kjøpte og litt garn til den vakre Snøløvgenseren, det måtte bli sterk frå du store alpakka. Dette blir fint altså, oker er ein heilt fantastisk farge samtidig som den er kjønnsnøytral. Det er herlig når ein kjenner seg motivert for eit nytt strikkeprosjekt. Nå skal eg halde koken framover.