Gulrotsuppe

Hei!
Dagar som blir bruka på lange skiturar synes eg det er
veldig greit med lettvindte middagar som er både sunne og
gode. Gulrotsuppe lagar eg ofte, puresupper generelt, fordi det 
er så himla lettvindt og fordi eg er så himla lat! Eg lagar suppa
basert på kva eg har i kjøleskåpet, den blir jo god uansett.

IMG_20130306_174607

Du treng:
1 kg gulrøttar
3 dl matfløte
5 dl h mjølk
1 sjarlottlauk
1 dl kraft
1 appelsin
1 stk stjerneanis
litt chili

Slik gjer du:
Fres lauk, anis og chili i ein kjele.
Tilsett oppkutta gulrøttar og kok inn med
mjølk og kraft. Når gulrøtane er møre tek du ut
stjerneanisen og mosar til jevn konsistens.
Spe med fløte. Ha i saft frå ein appelsin og
smak til med salt og pepper.

Tilbehør kan vera raude linser, kyllingstrimlar, krutongar eller noko ana.

IMG_20130323_171217

Ha ei fortsatt fin påske! 🙂

Vår beste dag

Hei!
Bestått praksis, meir fritid og ljosare tider er det som gjer meg motivert
akkurat no. Eg har for tida dilla på Marit Larsen sin tolkning av Vår beste dag,
fantastisk vakker song. ☆ Her kjem dei siste instagram bileta mine.

Tiger
Tiger, han er den finaste på alle måtar.

Morgon
Eg synes frukost er det beste måltidet, spesielt når eg har god tid og kan kose
meg skikkelig. Hurra for studiedagar!

vinter
Eg er ei kløne på ski, men likevel synes eg at det er så godt og koma seg ut i finveret.

Ha ein fin dag! ♡