Terrakotta

New in! Eg har lenge sikla etter å strikke noko til meg sjølv i garnet Line. I dag reiste eg innom den lokale garnbutikken og kjøpte meg nytt og fint garn. Eg skal strikke Ella-genseren, som er ein enkel genser med raglanfelling og fletter på framsida. Heilt sikker på at den kjem til å bli mykje bruka. Terrakotta er ein farge som eg synes er så utrulig fin, og som eg håpar på at eg kler. IMG_9441.JPG

IMG_9435.JPG
Ha ei fin helg!

Strikk til mannen

Å strikke eit plagg til det motsette kjønn er ingen enkel sak, i alle fall ikkje her heime. Han har sterke meiningar om kva han meiner at han kler både av fargar og snitt. Ikkje mønster på bærestykke, ikkje cardigan og i alle fall ikkje fargar. Eg er derimot ikkje einig, for eg meiner at han kler veldig mange fargar og eg får nesten gåsehud når eg ser menn i strikk. Det ser så flott ut!
IMG_8790.JPG
Ein ana ting som gjer at det er utfordrande å strikke til mannen i huset er kva som finnes av oppskrifter til menn. For heilt ærlig så er det mykje som ikkje er fint på ein mann, – eller retting; min mann. Ein mann som er svært lite urban og vågal i klesvegen. For eg ser at oversize- skappelgenser ikkje er fint på ein slik mann som eg har, og at rundfelling kan gje genseren eit feminint preg. Mønsterstrikk derimot synes eg er veldig flott, berre ein vel eit bærestykke som passar fint til brede skuldrar. Men eg likar det jo praktisk og, utan for mykje montering og fjas, for ei vanskelig oppgåve eg har valt meg.

Men så, endelig, etter eit år med planlegging og utspørjing så kom eg over ei oppskrift i haustens KK Strikk. Enkel mønster- og strukturstrikk som gjev plagget eit røft uttrykk, raglanfelling som eg kan utvide og legge masker imellom for ein maskulin felling og litt halvtjukke pinnar. Eit så stort plagg må jo og gå litt framover. Så då bestilte eg garn, valte ut farge utan å sei noko til mannen før pakka låg på postkontoret.
IMG_8782.JPG
Det blei ikkje eit dristig fargeval eller snitt, men det kunne det heller ikkje bli denne gongen. Mørkebrunt garn frå Gjestal som er eit blandingsgarn av bambusull og akryl. Det blir ikkje ein turgenser, men meir ein kvardagsgenser som ikkje klør. Det viktigaste for meg er at han likar genseren og at den sit fint på han. Då skal eg vere fornøgd.

Nokre dagar seinare såg eg at Sandnes garn lanserte eit nytt hefte 1619 Herre, så bra at det endelig kjem meir utval for menn. Kva er vel kjekkare enn ein mann i heimestrikka genser? Eg ser at dei brukar både tweed, merino og alpakka garn i oppskriftene, det kan ikkje bli ana enn gode plagg. Det kan godt hende at det blir meir strikk til mannen viss dette prosjektet blir ein suksess.
9041619-1_1_1_1.jpg9041619-9_1.jpg
Bileta er lånt frå sandnesgarn.no

Bruk opp restgarn

Eg har alltid eit mål om å bruke opp restar og minke litt før eg kjøper nytt og deilig garn. Denne gongen klarte eg det ganske så fint utan at det blei ein UFO nedst i strikkehaugen. Eg blei faktisk ferdig, og då har eg litt betre samvit når eg planlegg neste strikkekaup.
DSC_2836

DSC_2829
Eg samla saman alle smånøsta som eg hadde av sandnes babyull og strikka ein stripete bukse.  Eg synes at det blei kul fargekombinasjon og ei fin bukse så dette burde gje meirsmak.

Akkurat nå planlegg eg kva eg skal strikke på i haust. Eg tenkjer både på eventuelle gåver og litt egostrikk. Eg får sjå det endar opp med. Ha ein framleis fin sundag!

Naturleg

 

Sjå her! Nå vil eg vise fram kva eg strikkar på for tida. Merkar at eg blir glad for lett og svalt garn i naturfargar. Akkurat nå held eg på med Catriona-jakke frå Sandnes garn, hefte 1606, Sommer barn. Oppskrift og garn vant eg på ein Instagram konkurranse, så det er kjempe morosamt!

DSC_2776 (2)

Eg har fleire ullgenserar og varme plagg som eg har lagt til side framfor lin, bomull og andre lette kvalitetar. Eg er klar for sommar og varme dagar, då blir det litt slik.
Det blir nok ein strikke-sondag i dag, på tide å legge føtene høgt og sette på ein fengande Tv-serie. Alle pratar jo om SKAM, kanskje eg får sette på det? 🙂 DSC_2773 (2)

Ha ein fin sondag, om du strikkar eller ei!

Strikkesundag

Eg elskar strikkesundag, legge seg under eit pledd, fyre i omnen, sjå på tv-seriar og ta fram strikketøyet. Eg kunne ikkje levd utan slike dagar, for då får eg energi til ei ny jobbveke og kvardagen.

DSC_2105 (2)DSC_2111 (2)DSC_2104 (2)
Akkurat no held eg på med ei kufte frå kofteboken 2. Eg strikkar med oker i alpakkaull frå Sandnes garn. Eit nydelig garn som eg har bruka til ei jakke tidligare som held seg fin. Eg elskar garn, det gjer seg så i ei korg eller kasse til pynt.

Ha ein fin sundag! Viktig å bruke ein dag på å lade opp batteria sine.

 

Perlemorsgenser

DSC01250 (2)

Hei!
Nå er det lenge sidan eg har oppdatert på strikkefronten, på tide å syne fram det som eg har strikka på i det siste. Eg har falt helt pladask for perlemorsgenseren (direktelink til mønsteret). Eg kjem garantert til å strikke mange variantar av denne genseren for mønsteret er heilt nydelig. Ser avansert ut, men den er utrulig kjappstrikka. Den er nesten heilt perfekt, det einaste ein burde vurdere undervegs er om det er nok masker på armane. Eg har ikkje prøva genseren på nokon, men frå eit augemål kan dei sjå tynne ut. Sett bort i frå det, så er genseren perfekt slik eg ser det.

DSC01223 (2)

DSC01226 (2)

Denne varianten har eg strikka i dobbel tråd med Alpakka silke, av Sandnes garn. Garnet er ein eksklusiv blanding av baby alpakka og mulberry silke. Eit herlig silkemjukt garn, det kostar litt men eg synes at det er verdt det. Genseren er tynn, men varmeregulerande så eg kan tenkje meg at den passar fint for ein sval vår, slik som nå.

DSC01227 (2)

DSC01230 (2)

DSC01231 (2)

Denne varianten av perlemorsgenseren har eg strikka av ein tråd med babyull lanett og ein tråd med silk mohair, begge frå Sandnes garn. Dette er ein vintergenser, den er ganske tjukk i førehald til som er strikka i alpakka silke. Silk mohair røyter ein del, og kanskje klør litt, derfor ville eg hatt ein tynn trøye under, passar nok best til fotografering for å vere ærlig.

DSC01237 (2)

Til slutt vil eg vise denne genseren her og, det er ikkje ein perlemorsgenser men ein genser eg fant på drops design. Den er strikka i Rauma babyull, kløfri og praktisk genser. Ein morosam genser å strikke. Raglan-felling er heilt klart enkelt og praktisk.

DSC01248 (2)

Akkurat nå har eg ikkje noko spennande strikketøy mellom fingrane, om det er nokon som har
nokon tips så må eg nok innom ein garnbutikk denne veka.

Ha ein fin måndag!

Trøstestrikk

Herlig med vår!

Det er den finaste årstida, og eg gler meg til alle koselige hendingar som skjer utover våren. Det blir nok til tider frustrasjon og stress, men og ein heil del kos og gleder!

Sjølv om våren er vakker så held eg på med litt trøstestrikk. Eg har strikka feil på eit prosjekt som eg held på med og må derfor rekke opp heile greia. Når slike ting skjer blir eg så fortvila og umotivert at eg treng nokre dagar, veker og av og til måneder for å lade opp til eg skal rekke opp og starte på nytt. Det er kjedelig, men min kloke mamma seier at det er betre å rekke opp og starte på nytt enn å irritere seg over eit prosjekt som ein ikkje blir nøgd med i ettertid. Det er jo sant, men eg treng litt tid og har derfor starta med ein spennande strikkeprosjekt som gjev litt trøst:

image

Nemleg den fine perlemorsgenseren som kjem frå paelas. Eg strikkar den i eksklusivt garn frå sandnes, alpakka silke som inneheld 70% babyalpakka og 30% silke. Utrulig fin den blir, eit morosamt prosjekt!

image

Eg laga meg også ein god og enkel lunsj i dag. Eg blanda saman chiafrø og biola bringebær til ein passande konsistens og hadde frosne bringebær inntil, veldig godt om ein likar slikt.

Ha ein fin vårdag!

Islenderen

Heisann.

Nå kom eg nesten akkurat inn døra etter ein fin skitur, etter ei lang periode med praksis og store skriftlige arbeid kan eg endelig ta litt fri. Det er meiner med litt er at nå framover blir det travelt med bacheloroppgåve, flytting, eksamen og sosiale tilstelningar. Det blir nok ei tid som kjem til å gå kjempefort, men sjølv om eg er travel så har eg alltid tid til strikketøyet mitt.

image

Så til overskrifta. Islenderen. Eg synes at Islendergenseren er utrulig fin, men ser for meg at den kan bli litt kjedelig å strikke. Eg synes den tradisjonelle varianten er fin og klassisk men når Sandnes garn hadde strikka ein modell i marineblått synes eg den var heilt utrulig fin. Eg får liksom ikkje heilt bestemt meg, om eg i heile tatt vil starte på eit så stort prosjekt og kva for fargar eg skal velje. Dei er fine på kvar sin måte, klassisk eller moderne?

image

image

Bildene er lånt frå sandnesgarn.no

Nokre jolegåver

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å strikke jolegåver i år, for eg trudde at det bare ville bli stress. Men når eg kom over den fine Islandsgenseren i Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen så klarte eg bare ikkje å halde meg. Eg måtte strikke den, så eg la inn ein bestilling til Sandnes garn på deilig alpakkaull.
IMG_8609
Inspirasjon til fargevalet fant eg når eg søkte på #islandsgenser på instagram.
Mønsterstrikk er ikkje det som eg gjer mest av, men å strikke denne genseren har gitt meg god trening i nettopp det, avstanden frå fargebytte er ikkje så langt og det er eit stort pluss for meg.
10921735_10152498087750836_386882176_n
Etter Islandsgenseren sat eg igjen med så mykje restegarn at eg bestemte meg for å strikke ei jakke til yngstemann og. Det gjekk akkurat, og eg blei ferdig med denne på jolaften, ferdig montert og vaska. Eg tenkte at det ville gå fort med denne, men eg bruka mykje lengere tid enn eg trudde.
IMG_8606
Den siste tanteguten min fekk heimestrikka hals i gåve. Denne halsen er strikka i babyull og er eit plagg guten kan bruke lenge, veldig praktiske og fine synes eg. Det blei litt ulik vanskelighetsgrad på gåvene, men får sjå korleis eg løyser dette til neste jol. Det er jo litt slik med strikking at ein følger dei impulsane som ein får, ein må og bli inspirert og motivert for kvart einaste prosjekt.
10913140_10152498097935836_1858819094_n
Til nokon av dei eldre så strikka eg hjarte som eg hang på vinflasker,
litt moro synes eg. Fine til å bruke som joletrepynt etterpå.

Nå er eg i gang med litt egostrikk og småstrikk, viser det fram seinare.
Ha ei fin veke.

Leila Hafzi

Førjolstida er det koseligaste synes eg, ingenting kan måle seg med baking, jolemusikk og kvalitetstid med familien. Jolegåvene starta eg tidlig med i år, og har berre noko småplukk igjen, eg gjer alt for å unngå å havne på eit kjøpesenter som er stappfullt av stressa folk. Då har eg ekstra tid til å gjera akkurat det som eg har lyst til i desembermånaden. Det passar meg fint.

IMG_4801.JPG

Eg tenkte at eg ville vise fram Leila Hafzi jakka mi som eg strikka på i sommar. Den er strikka i perlestrikk med alpakka ull frå Sandnes garn, knappen og merket kjøpte eg på nettsida deira. Oppskriften er i Leila Hafzi kolleksjonen vol. 1.
Dette er det finaste hittil som eg har strikka, eg er utrulig stolt og tenkjer at det er ei tidlaus jakke som eg kan bruke til mykje. Mamma har montert jakka, eg veit at eg må lære det sjølv, men eg er ikkje så nøye som ho og synes derfor at det er fint og trygt når ho tek tak i det.

Ha ei fortsatt fin førjolstid!