Organisering: Strikkepinnar

Eg er alltid på utkikk etter praktisk oppbevaring for hobbysakene mine, mykje blir lagra i gjennomsiktige plastboksar eller prosjektbager. Men når ein skal halde det vedlike så er ein nødt til å rydde i det regelmessig, for rot blir det uansett. Denne gongen vil eg vise fram korleis eg held orden i strikkepinnane mine, dette er eit heilt greitt system fram til eg finn noko betre.
20180407_104955.jpg
20180407_113301.jpg
Settpinnar / strømpepinnar. Her har eg berre samla sett på fem pinnar i kvar gummistrikk. Brukar ein Anton Berg – boks og må leite fram det eg skal ha. Eg ynskjer meg enten eit mappesystem med lommer eller ein boks med inndeling, ser for meg at det er mykje meir praktisk og lettvint.
20180407_113650.jpgRundpinnar. Her brukar eg Namaste-organsierar som er brukarvennlig og fin. Desse finnes i ulike størrelsar og fargar. Det som er negativt er at ein ikkje får plass til tjukke strikkepinnar og at lommene er opne under slik at rundpinnane nokre gonger dett ut.
20180407_113710

Hadde eg hatt masse plass på hobbyrommet/babyrommet mitt så skulle eg laga eit system som dette. Både estetisk vakkert og praktisk, dette såg ut som ein skikkelig arbeidsbenk. Viss du vil sjekke ut steg for steg er linken her. Virkelig imponerande, dette må vere det alle strikkerar ynskjer seg.
circularneedlerack.jpg

Om ein vil vere ekstra organisert. Då kan ein registrere det ein har i ravlery.com. Dette er meir tidkrevjande, men viss ein er flink til å bruke strikke- og heklesamfunnet så er det genialt. Då kan ein legge inn størrelse og kva ein har av settpinnar og rundpinnar og halde oversikt slik. Når ein startar på eit nytt prosjekt så kan ein legge inn kva for strikkepinnar ein brukar og då veit ein kva som er ledig. Det er veldig nerdete, men utrulig praktisk og greit!

Korleis oppbevarar du strikkepinnane dine?

Organisering av garn

IMG_9562
Nå er eg skikkelig inne i ryddemodus, etter nokre kapittel av boka Synnøves system så kjenner eg meg gira til å få full oversikt og orden. For det å få baby gjev ein domino-effekt i huset. Mitt kjære hobbyrom skal ryddas vekk til fordel for babysaker og då må eg finne ein god langsiktig løysning på korleis garnet mitt kan lagras fint og ryddig. Resten av hobbysakene mine må eg vurdere etter kor hyppig det blir bruka og korleis eg kan lagre det. Har eg lært ein ting av ryddedamene Synnøve Skarbø og Marie Kondo så er det at ein må rydde etter kategori og ikkje rom, for elles kan det fort bli halvhjerta. Så derfor tek eg føre meg garnlageret mitt fyrst og deretter andre ting. Eg har skrive innlegg om dette tidligare, – og kjem sikkert til å gjere det igjen men her er det førre innlegget om garn-organisering (Ganske nøyaktig eit år sidan).
IMG_9564Eg har garnet mitt lagra jamt over heile huset og i fleire rom, eg ser at det ikkje er så praktisk. Eg har garn i tv-benken, ein full bed-roller med øydelagde hjul, hyller, korger, handlenett og dekorative boksar med garn. Eg merkar at eg har ikkje så god oversikt som eg skulle ynskje. Eg manglar oversikt og system over kva eg faktisk har av garn.
IMG_9577Fyrst måtte eg samle saman alt eg har av garn for å få meg eit overblikk. Eg har ein god miks av alt, effektgarn, merino, ull, til store prosjekt og til små prosjekt. Det er mykje som eg har samla på i mange år og som eg aldri kjem til å sakne om det forsvinn. Derfor fylte eg ein papirpose med restegarn og heile nøste som eg aldri kom til å bruke. Innimellom kjente eg at det gjorde litt vondt, for eg har stor affeksjonsverdi til garnet mitt, men eg var i modus så eg berre haldt fram. Når eg hadde fylt posen med garn så måtte eg bare få det ut av huset med eingong, for av erfaring veit eg at eg kan angre meg litt og ta noko tilbake, sjølv om eg ikkje har planer med det. Eg gav det vekk til SFO, dei blei glade og eg blei letta, så det var heilt klart vinn-vinn. Ana garn som var til genserar og var heilt og fint bestemte eg meg for å prøve å selje, ein låg pris og ti minuttar seinare var det selt. Fantastisk!
IMG_9636Etter å ha kvitta meg med så mykje garn så følte eg meg ganske flink, litt skrekkslagen men flink. Då byrja eg å rydde alt i korgstativ, på den måten er det lett tilgjengelig og godt synlig. Eg organiserte garnet i merinoull, babyull og ull og alpakka. Det eg har spart på er heile nøste, og garn som kan strikkas på pinnestørrelse 2,5  – 4. Eg har allereie lagt opp til ei lita kufte frå lagergarnet og det kjem eg til å halde fram med.
IMG_9625
IMG_9660
Slik blei resultatet etter min ryddesjau, eg er så nøgd med korleis det blei. Enkelt og oversiktelig, og viss eg skal sjå på garn frå ein kategori så er det berre å ta med ei korg og kikke gjennom. Eg elskar det og skal verkeleg gjere alt for at dette systemet ikkje blir øydelagt eller nedprioritert. Fram til eg får min eigen draum oppfylt med eit hobbyrom med innebygde spesiallaga garnhyller og eit stort sybord og alle oppskriftene mine sortert, så brukar eg hjørnet på soverommet mitt til garnlagring. Håpar dette var til inspirasjon!

 

Roterommet

Heilt sidan me flytta inn i huset så har me hatt eit «roterom». Der alt som ikkje har hatt ein fast plass har blitt lagt. Her lagrar me bøkar, hobbysaker og alt mogleg ana rot. Eg har irritert meg over dette rommet i lang tid nå, og eg føler at dette rommet påverkar resten av huset. Etter nokre episodar med «norske rotehjem» fant eg ut at eg måtte ta tak i dette rommet, for eg orkar ikkje å ha det slik.22768335_10154783270165836_1573167735_o.jpg
22752063_10154783269940836_337719315_n.jpg
Slik såg det ut då eg starta med å tømme rommet. Eg må legge til at dette er midlertidig oppbevaring, for mesteparten av dette skal opp på loftet (bortsett frå garnet og hobbytinga mine). Men foreløpig er loftet fullt av barneklede frå 80-talet så der skal svigermor vere med på dugnad, men det tek me til våren eller sommaren. Ein ting om gongen, nå skal bruksarealet fyrst koma i orden. Eg har framleis ting som eg ikkje veit kva eg skal gjere med. Gamle bilete frå ungdomsskulen til dømes, det er jo morosamt og ha, men korleis organisere det best mogleg? Det får eg tenke litt på.
22711152_10154783269945836_1478481697_n
Slik skulle eg gjerne hatt det, men tinga må sorteras og ryddas i fyrst.
22751940_10154783270100836_2003717146_n
Slik blei resultatet etter fleire timars arbeid, så godt og få sett gjennom alt og sortert John Gunnar sine ting og mine ting frå kvarandre. Nå har eg askar som eg skal ta med til bruktbutikken, posar med sommarklede og klede som eg skal legge i Fretex container.
Det er ikkje sikkert at ryddeguruen Marie Kondo hadde blitt imponert, for ho er nok litt streng. Men eg er sikker på at Synnøve Skarbø hadde blitt litt imponert over prosessmålet. For nå er eg eit steg nærare oversikt og orden, sjølv om det framleis er ein lang veg og gå. Neste rom som eg må ta for meg er kontoret mitt, men der må eg ha ein skikkelig plan før eg startar. For der blir det forandring!

Rydd deg lykkelig

IMG_8735.JPG
Til overskrifta. «rydd deg lykkelig» høyres både fornuftig, fristande og tidkrevjande ut. Særlig det sistnemnte når me må ha plass til bikkjebur, krykker til min skada mann, kjøttkvern til elgkjøt, jolegåve-innkjøp og alt ana «rot» som tek stor plass. Me bur litt trongt akkurat nå, og sjølv om eg elskar dette vesle huset så ser eg kor godt det blir med meir lagringsplass, større kjøken og fleire rom. Både for dei som går på fire bein, eitt bein og to bein.

Eg ser for meg at når me flyttar inn i det nye huset så skal det vere system og alt skal ha ein fast plass. På kjøkenet som me har bestilt skal det vere fleire bestikkskuffar, krydder-innsatsar og oppbevaringsboksar. Det blir godt med oppbevaringsplass og eit praktisk og fint kjøken. I matkjellaren blir det eit hyllesystem og fryseskåp. Eg veit at rydding gjev meg ein lykkekjensle, ein får meir oversikt og ro i heimen når alt er sett i system.IMG_8748.JPG
Å lesa om rydding tidlig på morgon er så avslappande med nytrakta kaffi, men så ser eg rundt meg og blir meir eller mindre småstressa over alt som skal gjeras før middagsgjestene kjem. Eg får hive meg rundt og ta med nokre tips på vegen. Ha ein fin sundag!

IMG_8733.JPG