Pink Lemonade

Eg veit ikkje om noko bedre på ein varm sommardag enn iskald heimelaga lemonade,
det er så avkjølande og leskande i solsteiken.

Ha ein liter vatn i ein kjele, tilsett 1 ss steviasukker (eller vanlig sukker),
varm opp til sukkeret løyser seg opp og avkjøl. Tilsett sitronsaft frå 3 store sitronar.
Tilsett tranebærjuice eller fun light vannmelon, eller dropp det, for då blir det vanlig lemonade.
Smak deg fram, finn ut kor surt eller søtt du likar det.
Server med isbitar og sitronskiver!

IMG_8603

IMG_8606

Strikkedilla

Hei.

Min strikkehistorie starta i fjerde klasse, då bestemor såg seg lei på at eg
alltid fingerhekla og lærte meg då og strikke. I mange år etter strikka
eg skjerf i alle fargar og fasongar, men blei etterkvart lei av dette.
Så min strikkedilla starta i fjor, då ei klassevennine introdusera meg for
julekulene til Arne & Carlos. Etter dette har eg strikka fleirfoldige julekuler,
sokkar, babyklær og skappelgenseren. Eg har også fått augne opp for
strikk og hekling i interiør og synes dette er så fint.

Her er litt inspirasjon:


Vase «Couture» // Lunehjem

Hekla lampeskjerm // Pickles

Dekorativ oppbevaring // Ferm Living

På ynskjelista mi // Riviera Maison

Ei nydelig pute // Lenes Hjerterom

Enkel brødkurv // Garnstudio