Vimpel-tee oppdatering

Endelig begynnar vimpel-tee toppen min å ta form. Eg har så vidt starta på mønsteret, men synes det blir så friskt og fint. I oppskrifta skulle eg egentlig hatt vimpel-mønster på heile greia, men eg synes kanskje det kan bli litt for mykje. I hvert fall når eg valte knalle fargar og i utgangspunktet ikkje er så glad i mønsterstrikk.

20140522-130015-46815781.jpg

20140522-130014-46814505.jpg

20140522-130015-46815196.jpg

Eg er spent på korleis det blir til slutt 🙂

Summer wool

Nå har eg kjøpt eit nytt strikkeprosjekt til lange ljose kveldar, det var på tide. Eg skal strikke vimpel-tee, som er ein lett topp med trekantmønster som er i frå pickles. Gledar meg til å sjå korleis fargane blir sammen, rosa og lys oransje. Eg likar dette garnet fordi det er så friske fine fargar og for at det er mjukt garn som er blanding av merino og bomull.

20140427-191948.jpg

20140427-192006.jpg