Summer Wool

Nå skal eg vise fram to strikkeprosjekt eg har heldt på med i år, det tek gjerne
litt tid med meg, men når eg faktisk fullfører så blir eg så inspirert at eg kan
starte med ti nye prosjekt samtidig. Det er så mykje fint nå, eg har lyst på
ein genser i marineblå, ein flettegenser, ein perlestrikka jakke og ein genser
som ville passa perfekt til påska i 2015. Det boblar liksom litt over sjølv om eg
akkurat nå held på med ein genser frå DIY frå Sandnes garn og ein Leila Hafzi jakke.
Eg må le litt, men det gjeld nok bare å fullføre det eg held på med.

Vimpeltee

Nå er eg ferdig med Vimpel-tee toppen frå Pickles. Eg innrømmer at fargevalet var
noko dristig, så eg er i tvil om korleis eg skal style toppen, nokon forslag? Eg bruka garnet
summer wool, som er ein blanding av bomull og merino som gjer at toppen eignar
seg godt til norsk sommar. Eg ville ikkje ha mønsteret på heile toppen, då hadde
eg nok aldri blitt ferdig. Eit moro strikkeprosjekt, rundfelling er heller ikkje så gale.

IMG_0541

Eg har og fullført noko som har ligge i monteringshaugen i evighetar.
Ein baby-topp som er frå Dale garn nr.277. Eg strikka den i eit utgått babygarn
frå pickles. Eg ville bare bli kvitt litt garn og strikka utan mål og meining, ofte
då det bare blir liggande.

Summer wool

Nå har eg kjøpt eit nytt strikkeprosjekt til lange ljose kveldar, det var på tide. Eg skal strikke vimpel-tee, som er ein lett topp med trekantmønster som er i frå pickles. Gledar meg til å sjå korleis fargane blir sammen, rosa og lys oransje. Eg likar dette garnet fordi det er så friske fine fargar og for at det er mjukt garn som er blanding av merino og bomull.

20140427-191948.jpg

20140427-192006.jpg

Kvardagsgenser

Då eg strikka skappelgenseren var eg så utrulig stolt at eg klarte og fullføre
eit så stort prosjekt. Mens nå grøssar eg litt av tanken, for genseren har strekt
seg i alle retningar, den er så stygg at eg kun brukar den når eg er aleine.
Den er like vid i halsen som den er livet, så ikkje meir grovstrikk på meg.
Likevel har skappelgenseren vore starten for meg, hadde eg ikkje strikka den
så ville eg ikkje strikka genserar etterpå heller.

Sjølv om det har vore nedtur med skappelgenseren for min del, ville eg likevel
ha ein kvardagsgenser, så denne genseren har blitt til mens eg har strikka.
Tok utgangspunkt i knasj cardigan og strikka med extra fine merino frå pickles.
Eg er veldig fornøgd med kvardagsgenseren, fin passform og fine fargar.

IMG_9544
IMG_9515IMG_9552IMG_9540

Knæsj Cardigan

Eitt år tok det før eg blei ferdig med Knæsj Cardigan, eg har lagt strikketøyet
frå meg så mange gonger og etterkvart tatt det fram igjen. Det stoppa opp
fordi eg trudde raglanfelling var vanskelig, men har vist seg og vera
utrulig enkelt og ein slepp så mykje etter arbeid med montering.

Oppskrift og garn er frå pickles, som eg likar godt fordi det er enkle
oppskriftar, klassisk snitt og masse fint garn.

1463101_10151682374645836_1934085161_n

IMG_8836

Endringar som eg gjorde med oppskrifta er at eg strikka fram og tilbake, i staden for og
strikke rundt og klyppe den i to og eg strikka lengre armar enn i oppskrifta.

Må innrømme at eg er både stolt og fornøgd med at eg klarte og fullføre,
nå skal eg i gang med eit ana strikkeprosjekt i meg sjølv, dette har gitt meirsmak!

Ny lue

IMG_20130210_145047
20130210_132542

New in!
Eg er så fornøgd med mi egenproduserte lue, synes både farge og fasong
passar godt! Nå er eg i gang med nr. 2, denne gongen vil eg ha litt mønster
på den, men synes det er vanskelig og finne noko, så eg skriblar litt på eit
ruteark for og finne noko som kan passe.

Eg blei inspirert til å strikke min egen lue då eg såg det tøffe paljett-settet til Martine,
http://www.fullavull.wordpress.com 😀