Lussekattar

I dag 13.desember er det Luciadagen og i den anledning har eg
baka lussekattar. Det er så koselig når heile huset luktar bakst.

IMG_8579

Oppskrifta fant eg her og det blir omtrent 30 lussekattar.

Ingrediensar:

150 gram smør
5 dl mjølk
50 gram gjær
1 gram safran / 1/2 ts gurkemeie
150 gram sukker
1/2 ts salt
2 ts kardemomme
13 dl kveitemjøl
Rosiner og samanvispa egg til pensling og pynt.
IMG_8552
Slik gjer du:

Smelt smør, tilsett mjølk og kjenn etter at den er lunka. tilsett gjær og ha blandinga
i ein bakebolle. Ha i sukker, salt, safran / gurkemeie, tilsett mjøl til den blir passe fast.
Ta over plast og la deigen heve til dobbel størrelse.

Set omnen på 250 grader.
IMG_8576
Bak ut, del leiven i 30 delar. form som ulike typer lussekattar.
Klikk her for tips. Eg prøva meg på nokon variantar, men synes
«julegris» var den enklaste.

La lussekattane etterheve, pynt deretter med rosiner og pensle med
egg. Steik dei i 5 – 8 minuttar til dei er gylne og avkjøl dei på rist.

IMG_8585

Bakeglede


Det er ikkje mange ting som slår det å vakne tidlig ein morgon utkvilt og klar for ein ny dag. Dette skjer ikkje så ofte om hausten, sidan dette er årstida der eg føler meg mest trøtt. I dag har eg baka vaniljemuffins, det luktar bakverk i den vesle hybelen og eg synes at det er så koselig.

Nå skal eg på cupcake-kurs med Manuela Kjeilen, bakebloggaren som er aktuell med to nye kokebøkar som eg verkeleg gleder meg til å slite ut. Ha ein fortsatt fin sundag!