Livsnyting

I dag har eg og Pascal drive på med noko som heiter livsnyting. Me har ete frukost, kosa litt, leika og kikka på fuglane som flyg forbi snuta til veslepus. Pascal vil så gjerne fange ein fugl, han sit på rekkverket på verandaen og ventar på byttet sitt. Sjølv om det blir for vanskelig å fange ein fugl, så har han fanga ei fluge. Det er jo ein viktig milepæl for Pascal.

_DSC1401

_DSC1395

_DSC1392

Akkurat nå så kosar eg meg med ei bok som heiter Du elsket alltid havet skrive av Lucy Clarke, ei spennande feriebok. Den handlar om eit dødsfall og ei reisedagbok, meir vil eg ikkje sei. Eg gler meg til å finne ut kva som har hendt.
Nå skal eg ut og kose meg enda litt meir, ha ein strålande dag!

Womankind

image

Hei.
Nå har eg tatt sommarferie. Eg er endelig ferdig med mine 3 år på førskulelærarutdanninga, tenk på det, det har gått så fort og eg har lært så mykje. Eg angrar ikkje ein dag på at eg tok denne utdanninga, det kjennes bare riktig ut.
Nå skal sommarferien nytas, lesa bøkar, strikke, drive med hagearbeid og besøke venner.

På fredagen henta eg eg liten guttepus på 12 veker, han heiter Pascal, oppattkalla etter mitt store idol. Pascal er ein utrulig snill, kosen, leiken, sosial og tillitsfull katt. Eg blei forelska i han ved fyrste blikk, han er bare så god! Einaste problemet er at han hoppar opp på fanget mitt kvar gong han ser ein tråd eller eit garn. Det er faktisk fryktelig irriterande, han prøvar og bite av alt som han kjem over. Han har fått restegarn frå skappeljakka, men det er ikkje like spennande som det som eg har.

image

Pascal er dessutan veldig nysgjerrig, han hoppar opp på bordet mange gonger dagleg, det får han ikkje lov til. Sjølv om eg er streng så føler eg ikkje at det nyttar, han bare hoppar opp igjen, et på blomane mine og gjer seg upopulær. Han tek att på sjarmen, for han er fryktelig søt.

image
Ha ein fin dag!

Italiensk på menyen

I dag kom den siste eksamenskarakteren, så nå har eg offisielt bestått andre året av førskulelærarstudiet. Eg blei hoppande glad når eg såg at eg hadde fått toppkarakter på pedagogikk, utrulig moro, den skal eg leve lenge på. Så da blei det feiring med italiensk pizza og tiramisu til dessert.

20140624-173428-63268097.jpg20140624-173428-63268692.jpg

Oppskrift på pizza fant eg i kokeboka til Trine Sandberg, Trines mat heiter boka. Eg lagde ein med blåmuggost og ein med mozarella. Det var så utrulig godt, til og med for dei kresne.20140624-173429-63269239.jpg

Til dessert lagde eg Tiramisu ala Pascal, som er  frå hans dessertkokebok. Den er ikkje spesielt søt, bare fyldig med smak av mascarpone og kaffi. Eg strevde litt med kremen, den heldt på å skilje seg, men då sette eg den i eit varmt vannbad og eg fekk redda den. Den var så utrulig god på smak, men veldig mektig.

Ha ein fin kveld!