Organisering: Strikkepinnar

Eg er alltid på utkikk etter praktisk oppbevaring for hobbysakene mine, mykje blir lagra i gjennomsiktige plastboksar eller prosjektbager. Men når ein skal halde det vedlike så er ein nødt til å rydde i det regelmessig, for rot blir det uansett. Denne gongen vil eg vise fram korleis eg held orden i strikkepinnane mine, dette er eit heilt greitt system fram til eg finn noko betre.
20180407_104955.jpg
20180407_113301.jpg
Settpinnar / strømpepinnar. Her har eg berre samla sett på fem pinnar i kvar gummistrikk. Brukar ein Anton Berg – boks og må leite fram det eg skal ha. Eg ynskjer meg enten eit mappesystem med lommer eller ein boks med inndeling, ser for meg at det er mykje meir praktisk og lettvint.
20180407_113650.jpgRundpinnar. Her brukar eg Namaste-organsierar som er brukarvennlig og fin. Desse finnes i ulike størrelsar og fargar. Det som er negativt er at ein ikkje får plass til tjukke strikkepinnar og at lommene er opne under slik at rundpinnane nokre gonger dett ut.
20180407_113710

Hadde eg hatt masse plass på hobbyrommet/babyrommet mitt så skulle eg laga eit system som dette. Både estetisk vakkert og praktisk, dette såg ut som ein skikkelig arbeidsbenk. Viss du vil sjekke ut steg for steg er linken her. Virkelig imponerande, dette må vere det alle strikkerar ynskjer seg.
circularneedlerack.jpg

Om ein vil vere ekstra organisert. Då kan ein registrere det ein har i ravlery.com. Dette er meir tidkrevjande, men viss ein er flink til å bruke strikke- og heklesamfunnet så er det genialt. Då kan ein legge inn størrelse og kva ein har av settpinnar og rundpinnar og halde oversikt slik. Når ein startar på eit nytt prosjekt så kan ein legge inn kva for strikkepinnar ein brukar og då veit ein kva som er ledig. Det er veldig nerdete, men utrulig praktisk og greit!

Korleis oppbevarar du strikkepinnane dine?

Rydd deg lykkelig

IMG_8735.JPG
Til overskrifta. «rydd deg lykkelig» høyres både fornuftig, fristande og tidkrevjande ut. Særlig det sistnemnte når me må ha plass til bikkjebur, krykker til min skada mann, kjøttkvern til elgkjøt, jolegåve-innkjøp og alt ana «rot» som tek stor plass. Me bur litt trongt akkurat nå, og sjølv om eg elskar dette vesle huset så ser eg kor godt det blir med meir lagringsplass, større kjøken og fleire rom. Både for dei som går på fire bein, eitt bein og to bein.

Eg ser for meg at når me flyttar inn i det nye huset så skal det vere system og alt skal ha ein fast plass. På kjøkenet som me har bestilt skal det vere fleire bestikkskuffar, krydder-innsatsar og oppbevaringsboksar. Det blir godt med oppbevaringsplass og eit praktisk og fint kjøken. I matkjellaren blir det eit hyllesystem og fryseskåp. Eg veit at rydding gjev meg ein lykkekjensle, ein får meir oversikt og ro i heimen når alt er sett i system.IMG_8748.JPG
Å lesa om rydding tidlig på morgon er så avslappande med nytrakta kaffi, men så ser eg rundt meg og blir meir eller mindre småstressa over alt som skal gjeras før middagsgjestene kjem. Eg får hive meg rundt og ta med nokre tips på vegen. Ha ein fin sundag!

IMG_8733.JPG