DIY: Lag din eigen jolepynt

Heisann.
Nå har eg laga noko nytt i heimen som eg vil vise fram og forhåpentlegvis inspirere til å lage ting sjølv. Joleverkstad er den aller finaste joletradisjonen, høyre på jolemusikk i bakgrunnen og samle familien rundt eit bord for å lage jolegåver eller pynt til heimen. Eg har ikkje alltid gjort det i vaksen alder, men då eg var liten hadde me ofte joleverkstad og eg synes det var utrulig koselig å samlast på denne måten.

DSC_1836 (2)
Nå har eg laga dekorasjon på trollhassel-kvisten min som eg tenkte passa til vinteren. Eg er glad i og ha det mest mogleg enkelt og det synes eg at eg fekk til.
DSC_1813
Eg laga hjarte og nokre andre figurar av leire frå panduro. Stakk ut med pepperkakeformer og let det turke i nokre dagar. Eg bruka mohair silk til snor, greitt å bruke opp litt restegarn. Ein kan og måle figurane, eller strø på glitter.

Girlander er dekorativt og spennande, inspirasjonen har eg funnet på pinterest. Du treng ullkuler, spiss nål og tråd.
DSC_1826 (2)
DSC_1830 (2)
Eg trer kulene innpå tråden, lagar ein knute slik at kulene sit fast og henger girlanderen på kvisten min. Enkelt og dekorativt.

Eg vil ynskje alle ei god veke.

 

Luedilla

Hei!
Denne hausten har eg halde på med mykje småstrikk, og gjerne luer.
Eg har fleire luer i monteringsbunken, men legg ut det eg har no.
Tidligare har eg ikkje bruka så mykje merinoull, men det er nydelig å strikke av og mange fine fargar ein kan velje på.
Eg vil og vise fram molekule-teppet mitt, det er heilt perfekt og eg er så glad i det. Ull er ein god investering!

DSC_1763

Dessa fine luene er knyte-lua frå klompelompe.

DSC_1765 (2)

Dette er ei damelue som og finnes i klompelompe-boka

DSC_1767

Djevellue eller hjelmlue frå boka Myk start.

DSC_1769 DSC_1772
Pascal ville sjølvsagt vere med på bloggen, nå er han både kastrert og litt vaksen.