Søtpotetlomper

I dag på menyen hadde me søtpotetlomper med kyllingfilet, hummus og grønnsaker. Det smakte utrulig godt, og det som gjer maten så bra er at eg kan hente mykje av grønnsakene frå hagen.

20140707-155256-57176172.jpg20140707-155256-57176780.jpg20140707-155258-57178847.jpg

20140707-155257-57177403.jpg

Søtpotetlompene laga eg på slump, kokte opp skrelte søtpoteter til dei blei møre. Bruka stavmikser og hadde dei i ein bakebolle, tilsatte litt salt og mjøl til passende konsistens. Nokon blei litt tjukke, andre blei avlange mens nokon blei perfekte.

20140707-155258-57178187.jpg
Hummus er kikertpure, eg bruka to boksar med kikerter, 1 ts salt, pepper, 3 fedd kvitlauk, rapsolje, kruspersille og sitronsaft. Den kan lagas sama dag som servering, men den blir bare betre over natta.

20140707-160135-57695177.jpg

 

Vegetargryte med couscous

20130429_154118

Tre ord: Enkelt, sunt og gørr gøtt (kjempe godt).

Du treng:

Vegetargryte
1 raudlauk
2 kvitlauksfedd
1 frisk chili
1/2 ts ingefær
1 bit heil kanel
4 gulrøttar
3 ss olivenolje
1/2 squash
2 1/2 dl grønnsaksbuljong
1 boks hermetiske kikerter
spinat
salt og pepper

Couscous
500 gram couscous
5 dl vatn
finhakka persille
1 ss olje
1/2 ts salt

Finhakk lauk, kvitlauk og chili. Gulrøttane og squash i terningar.
Varm olje i panna, fres lauk, kvitlauk, chili, ingefær til lauken er blank.
Tilsett gulrøt, kanel og buljong. La det koke i 10 minuttar.
Ha i squash og kikerter. Smak til med salt og pepper.

Kok opp vatnet til couscousen, ha det kokande vatnet i ein bolle med lokk
og ha i salt og olje, legg på lokket og la det trekke i 5 minuttar.

Mot slutten kan ein vende inn frisk spinat og blande grønnsakene og
couscousen sammen. Nam nam! 🙂

20130429_154218