Jolestemning

img_8938
Sjølv om eg nyt stille minuttar på morgonkvisten, så kan eg ikkje påstå at eg har alt på stell nå før jol. Eg har ikkje vaska noko meir enn det eg gjer til vanleg, ikkje tatt fram det eg har av jolepynt og har ikkje rukke å baka noko til jol. Eg har ikkje så høge krav til meg sjølv, for når lysta ikkje er så stor så er det greitt å gjere det enkelt. Det blir nok jol uansett tenkjer eg, sjølv om eg ligg litt etter.

Det er ikkje fulle kjøpesentre, såpelukt eller blinkande jolepynt som gjev meg jolestemning uansett, det er kosen og vere i lag med dei ein er glad i. Så nå har eg sendt ut jolekort til folk eg ikkje treffer så ofte. Eg håpar korta kjem fram i posten og gledar mottakarane. Ha ei framleis fin førjolstid!

 

Hus og hage

Hei! Nå er me i full gang med husprosjekt, snekkerane gjer ein fantastisk jobb og me ser forandring frå dag til dag. Det er så moro, dette kjem til å bli så fint og me gleder oss til sluttresultatet. Her er status på huset akkurat nå, riving og skrot. Simba elskar denne delen av prosessen, han er ein skrotnisse som gjerne vil spare på alt. Haha..img_20160917_144936

Det får bli meir husprat når me har kome lengre, akkurat nå er det ikkje så mykje å vise fram. Nå blir det litt hageprat. I sommar blei eg så inspirert då me var i København. Då var me innom kongens hage og sjølvsagt botanisk hage og det var så vakkert der. Eg leitar etter inspirasjon i andre sine hagar, blomsterbutikkar og på nett og kjem til å legge ned ein del arbeid for å få det fint og frodig. Eg ynskjer meg ein hage som er fin heile året, ein hage som både er lettstelt og frodig.
_DSC3002.JPG
20160917_131021DSC_2913 (2).JPG

Til våren vil me mest sannsynleg flytte inn i huset vårt, og då synes eg at det er koselig å ha noko og glede seg til. Derfor har eg sett laukblomar ned i jorda i håp om at det vil blomstre fint til våren.  Eg elskar tulipanar, dei er elegante, takknemlige og fargerike, så eg håpar at dei vil trivast her. Simba har tendensar til å grave i blomsterbed, men me får ta ein vurdering av friheten hans. DSC_2390
_DSC3111.JPG
Eg har pynta opp både brua og mjølkerampa med lyng, det gjer seg så på hausten synes eg. Eg får gå på tur med Simba og Pascal, det er så fint ute i dag. Ha ein framleis fin sundag! 🙂

Makrame

Hei og hopp!
Denne bloggposten vil eg bruke til å vise fram litt nytt i heimen. Eg er så heldig som bur ein liten kjøretur unna ein gardsbutikk og der finn eg alltid noko nytt som eg får lyst på. Denne gongen fekk eg med meg heim nokre korger og teljos-halderar.

DSC_2085 (2)DSC_2084 (2)DSC_2093 (2)

Makrameen har eg laga sjølv, søkte på youtube og fant gode instruksjonar, det er ikkje vanskelig men ein må berre vera nøye. Ein kan bruke potter, teljos-halderar, flasker og skåler. Så moro med litt nytt i heimen. Då eg tok inn potteplanta så trudde Pascal at han kunne klatre i den, og då velta heile potta. Eg får vera streng kattemamma nokre dagar og håpe at han mistar interessa for å herje med mine ting.