DIY: Eukalyptus-krans

20171203_143535Denne helga har gått verkeleg fort, føler at eg har gjort så mykje og samtidig vore så sosial. Ja, nokre helger blir slik. I dag har eg rydda og vaska igjen, og hatt middagsgjester, det synes eg er kjempe koselig. Men nå kjenner eg meg klar for avslapping resten av kvelden. I dag lagde eg meg ein superenkel krans og den pyntar så fint opp i heimen, dessutan så luktar den fantastisk. Den er fersk og fin nå, men eg synes at eukalyptus held seg bra når den har tørka og. Så eg håpar at eg kan la den henge ei stund for eg synes rett og slett at den er heilt herlig. Eg hadde eukalyptus i brudebuketten min og, og det var perfeksjon.
20171203_140437
Til kransen treng du ikkje meir enn det eg har på dette bilete, med mindre du vil ha litt meir pynt. Tjukk ståltråd, tynnare og litt mjuk ståltråd, hage-saks, klyppe-sak, tråd og den planten du vil bruke. Det er sikkert fleire måtar og binde ein krans på, men eg gjer det heilt enkelt, eg ser jo at dei som kan det gjer det finare enn meg men eg er fornøgd med asymmetri og at det ser «tilfeldig» ut.
20171203_142656
20171203_143453
Slik blei den! Viss du søker opp # eukalyptuskrans på Instagram så får du opp enda fleire variasjonar. Ha ein framleis fin 1.advent.

Loppis

13392982_10153470296010836_1929006566_n

Heisann. I går var eg på verdas koseligaste loppemarknad i Åsgrend. Ein idyllisk og koselig grend som ligg i Kvitseid kommune. Her er det ein utrulig fin gardsbutikk som er verdt eit besøk. I går på loppemarknaden var eg på utkikk etter noko til heimen, gjerne noko spesielt og litt slitt. Eg fant så mykje meir enn det eg hadde forventa å finne, til og med klede, som eg stort sett aldri kjøper bruka. Nå skal eg vise nokre av funna mine.

DSC_2791.JPGDSC_2781.JPGDSC_2793.JPGDSC_2784
Krakken tenkte eg å bruke som blomsterbord, er veldig usikker om eg skal måle den, men synes og at den er fin slik som den er. Litt skeiv når eg skrudde den heilt opp ser eg.
Rammene synes eg var råtøffe, tenkte ikkje å gjere noko med dei, men skal vise bilete når eg har hengt dei opp. Vasen kjøpte eg på Siloen, fin til vårblomster. Bøkane er litt ymse, kjøpte nokre diktsamlingar, nokre faktabøkar og denne vakre romanen som eg håpar heng saman til eg skal lese den. DSC_2800.JPG
Eg føler at eg gjorde nokre gode kjøp, synes det er utrulig fint med ein kombinasjon av bruka og nytt. Å gå på loppemarknad er ein kunst, eg må bestemme seg på førehand kva ein er på jakt etter og sjølvsagt vere tidlig ute.

Kjøkkenkroken

DSC_2771.JPGMin bestemor sat alltid på kjøkenet store delar av dagen. Sette på poteter, hørte på radio, løyste kryssord og venta på at kaffien i koppen skulle bli kald. Ein liten korg med kulepennar, tran og augedropar sto jamt på bordet. Det var og ei spesiell lukt på kjøkenet, litt innestengt og ein blanding mellom sjampo med blomsterlukt og mogleg matvarer som hadde gått ut på dato. Det er noko nostalgisk ved å sitte på kjøkenet, her i det gamle huset..
DSC_2752.JPGDSC_2764.JPGDSC_2745.JPG

Vakker vårdag

Nye blader i posten, fri på ein fredag og solskin gjer denne dagen ganske så bra. Nå som eg har heldt på å sådd så har eg funnet ut at eg har gjort nokre nybyrjar-feil. Eg har sådd frøa altfor tett, så noko har eg klart å fordele i nye avispapir-potter, mens noko ana må eg prikle som det så fint heiter. Eg er fryktelig spent på om det i det heile tatt blir noko i minikjøkenhagen min, – eg får bare prikle og ordne på så best eg kan.

DSC_2561.JPGDSC_2568.JPGDSC_2564.JPG

Ha ein fin vårdag!

Frukost

Eg er veldig glad i lange frukostar, lage rundstykke og seta på kaffien. Det er noko heilt ana enn å ta med seg eit par knekkebrød i bilen på morgon. I dag laga eg rundstykke med litt grovt og fersk oregano. Det smakar så godt med urter i gjærbakst, nam!


Her kjem oppskrift på gode oregano-rundstykke

9 stk.
25 gram gresskarkjerner
25 gram linfrø
25 gram sesamfrø
25 gram solsikkekjerner
100 gram grovbakstmjøl / rugmjøl
400 gram kveitemjøl
20 gram gjær
1 ts salt
4 dl vatn
1 kvast grovhakka oregano

DSC_2398
Bland ut gjæren med vatnet, tilsett alt det tørre.
Dekk bollen med plast og la den heve i ein times tid.
Mjøl på bakebordet, del i emne, legg på brett og la dei etterheve i ca. ein time.

Set omnen på 180 grader og steik til dei er ferdige, eg sjekkar alltid om det er ein
dunkelyd når eg trur dei er ferdige. Avkjølas på rist.
God baking!

DSC_2412

Ha ein framleis god påske, her går det i late dagar med familie, quiz og matlaging.

Strikkesundag

Eg elskar strikkesundag, legge seg under eit pledd, fyre i omnen, sjå på tv-seriar og ta fram strikketøyet. Eg kunne ikkje levd utan slike dagar, for då får eg energi til ei ny jobbveke og kvardagen.

DSC_2105 (2)DSC_2111 (2)DSC_2104 (2)
Akkurat no held eg på med ei kufte frå kofteboken 2. Eg strikkar med oker i alpakkaull frå Sandnes garn. Eit nydelig garn som eg har bruka til ei jakke tidligare som held seg fin. Eg elskar garn, det gjer seg så i ei korg eller kasse til pynt.

Ha ein fin sundag! Viktig å bruke ein dag på å lade opp batteria sine.

 

Honningkaker

Hei.
I dag har eg baka honningkaker, dei blei innmari gode synes eg. Oppskrifta fant eg i månadens Lev Landig. Dei er gode å eta for seg sjølv, men eg kan førestelle meg at dei er knallgode med ein mild ost på. Dei har ein herlig kombinasjon av ingefær, sitron og søtt, liknar på pepperkaker berre at dei er mjuke og ljose i førehald. Eg synes det er spennande å prøve noko nytt, smake på nye kombinasjonar og utvide repertoaret litt.

DSC_1903 (2)

Oppskrift på honningkaker

150 g honning (Gjerne kortreist)
100 g brunt sukker
125 g smør
2 egg
1 økologisk sitron
500 g kveitemjøl
1 ts hornsalt
1 ts ingefær
1 ts kanel

Ha honning, sukker og smør i ein kjele på middels temperatur, rør til sukkeret har smelta. Avkjøl noko. Pisk egg, riv sitronskallet, tilsett dette.
Bland det tørre i deigen. La deigen stå kjølig i minst 30 minuttar. Set omnen på 200 grader, kjevle deigen og stikk ut former. Steik i 6-8 minuttar. Til du ser at kakene har blitt større og fått litt farge. Avkjøl på rist.

DSC_1889 (2)DSC_1897 (2)DSC_1898 (2)DSC_1911 (2)DSC_1912 (2)
Ha ein framleis fin sondag!