Bringebærbollar

Endå ein oppskrift frå flinke fotballfrue, denne gongen har eg prøva meg på
bringebærbollane, nysteikte bollar med kvitsjokolade- og bringebærfyll. NAM!

Eg brukar ikkje oppskriften slavisk, det er ein perfekt «slumpe-oppskrift»,
der ein kan smake seg fram sjølv, bare hugs på at deigen minnar om
ein pepperkakedeig, berre ikkje så hard. Når ein berre brukar mandelmjøl
så smakar bollane litt for mykje mandlar for min smak, derfor tilsett eg
også kokosmjøl og sesam-mjøl for ein meir nøytral smak.
Sama med kesam og kremfløte, eg brukar heller lettare alternativ sidan
eg ikkje et lavkarbo fast.

1375920_10151646206000836_1128497980_n
Ingrediensar:
2 egg
6 ss sukrin
6 ss kesam
4 ss fløte
160 gram mandelmjøl
ei klype salt
4 ss kardemomme
6 ss fiberhusk
100 gram smelta smør
Fyll:
Bringebær
Kvit sjokolade (Gjerne med stevia for at det skal vere sukkerfritt)

Slik gjer du:
Visp saman egg og sukrin.
Smelt smør og tilsett alt det andre.
Deigen skal vere fast, la den kvile i 10 minuttar slik at
fiberhusken skal trekke til seg væske og binde deigen.
Lag bollar i passande størrelsar, legg på steikebrett,

steik på 180 grader i 20 – 25 grader, dei sprekk litt opp når dei er ferdige.

1391797_10151646205915836_450578514_n

Håpar det smakar! 🙂

Grove rundstykker

IMG_20130423_081048

I siste utgåve av ShapeUp fant eg ein fristande oppskrift på lavkarbo rundstykker
som falt i smak hos meg. Oppskriften er veldig enkel.

Du treng:
75 gram sesamfrø
75 gram linfrø
100 gram valnøttar
2 dl kokosmjølk
2 egg
2 ts bakepulver
1 ss fiberhusk
1 ts salt

20130424_083827

Slik gjer du:
Sett på  Fuck You av Maria Mena på full guff.
Sett steikeovnen på 200 grader.
Knus sesamfrø og linfrø i ein blender og grovhakk valnøttane med ein kniv.
Bland alle ingrediensane sammen.
La røra svele i 12 minuttar, fiberhusken tjuknar og trekker til seg fuktighet.
(Er røra for tjukk, så spe ut med litt vatn)
Ha rundstykkene i former, strø gjerne over sesamfrø.
Steik på midterste rille, i ca. 15 minuttar og avkjøl på rist.

20130424_091331

Cottage Cheese, spinat og tomat.

IMG_20130424_120654

Eg slenger ved eit bilde av årets fyrste tur på Eikeskar!