Kokosboller

Kokosbollar er ein svakhet for meg, det er så utrulig godt
på ettermiddagen saman med ein kopp kaffi.
Eg har lagd heimelaga kokosbollar og dei er minst like
gode som dei ein kjøper på butikken. Eg har henta oppskrifta
frå Kristine Weber’s kokebok sunn og sterk med protein.

20130422_170611

Oppskrift på nydelige kokosbollar:
12 stk.
3 eggekviter
3 ss sukrinmelis
4 gelantinplater
2 ss vatn
100 g mørk sjokolade
2 ss kokos (valfritt)

Blautlegg gelantinplater i kaldt vatn. Stivpisk eggekvitene
og tilsett sukrinmelisen.
Smelt gelantin etter anvisning på pakka og hell i ein tynn stråle
over eggekvitene mens du vispar.
Sett kaldt i eit par timar.
Smelt sjokolade og dypp kokosbollane eller hell over smelta sjokolade.
Sett kjølig.

20130422_170751

20130422_170623

Nytas med god samvittighet!

Bounty Sjokolade

Heisann!
Eg er ein håplaus livsnytar, eg elskar å kose meg med
søtsaker, likevel vil eg prøve å finne sunnare alternativ.
Eg har tidligare prøva sukrin, og eg veit at mange brukar dette,
men for meg smakte det ikkje noko godt,
eg klarer ikkje å venne meg til den kalde ettersmaken.

Derfor bestemte eg meg for å prøve stevia, som er eit ana
alternativ til sukker. Det er viktig å merke seg at stevia er
5 gonger søtare enn vanlig sukker, derfor vil overdosering
føre til ein søt-bitter ettersmak og overskygge dei andre smakane.

20130316_125604

Nå har eg laga Bounty Sjokolade, og eg synes resultatet blei
latterlig godt.. Og sunt! Om eg skal prøve å forklare sukkersmaken
vil eg sei at den er «breiare» enn vanlig sukker, den er på ein heilt ana
måte liksom. Eg bruka eldorado mørk kokesjokolade, og den er jo
litt søt, det passa godt. Mitt tips er å trekke med ein søt sjokolade
i starten, og heller trekke med dei mørkaste typane når ein har vendt
seg til den nye smaken.

Oppskrift på Bounty Sjokolade:
50 Cocosa Extra Virgin
1 ss Steviosa sukker
2 dl kokosmjølk (Evt. mjølk eller fløte)
200 gram kokosmasse

Glasur:
150 gram sjokolade
2 ss Cocosa Extra Virgin

20130316_124455

Slik gjer du:
Smelt Cocosa over svak varme og rør inn stevia, tilsett kokosmjølk.
Bland sammen med kokosmassen og sett i kjøleskap i ein time.
Form til kuler, sett på brett og i frysaren til dei er frosne.

Smelt sjokolade og cocosa i vannbad, dypp kokosbitane
ved å bruke ein pinsett eller gaffel. La dei stivne i kjøleskap.
Oppbevar i kjøleskap eller frysar.

Herlighet så godt! 😀