Fraiser

I går baka eg Pascal Dupuy’s Fraisier, som er ei kake beståande av dynka sukkerbrød,
fløyelsmjuk eggekrem, søte jordbær og marsipanlokk. Eg fekk god respons på kaka,
det er ein fransk klassiker, som vil imponere på eit kakebord.

Oppskriften er henta her.

IMG_8569
IMG_8546IMG_8577
Eg er fornøgd med kaka, men eg hadde litt lite krem mot slutten, så den blei
ujamn som synes godt på marsipanlokket.

Endå ei ..

Hallo!
For ei veke sidan fekk eg oppdrag av min «bonus-mamma» Reidun,
å bake ei kake til ein venninekveld. Eg laga ei mousse-kake
som eg har laga mange gonger før, mandelbunn, mousse og fingerkjeks.
Oppskriften på mousse er henta frå Sverre Sætre, den store kakeboka,
som er ei bok som eg brukar mykje. I mousseoppskriften
synes eg det kan vera godt  å bruke meir bringebær enn det som
stend i oppskriften, men da tilsetter eg 1 gelantinplate ekstra.

Mandelbunn:
4 Eggekviter
150 gram malte mandlar
150 gram melis

Visp eggekvitene stive, tilsett mandlar og melis.
Eg bruka 24 cm form.
170 grader i 35 minuttar.

Bringebærmousse:
6 Plater gelantin
300 gram bringebær
120 gram eggekviter
120 gram sukker
1/2 dl kremfløte

Legg gelantinen i kaldt vatn. Varm opp bringebær og
mos bærene til ein purè. Klem ut vatnet av gelantinen og
rør dette i den varme bærpurèen. La det avkjøles noko.
Visp eggekvitene stive og bland dette med bærene.
Pisk saman sukker og fløte og vend dette inn til slutt.
Ha det i bakeformen og legg i kjøleskapet.

Pynt med fingerkjeks og friske bær før servering!

Ha ei fin veke!