God Morgon

God morgon!

Dette er ein restefest-juice, med litt halvblaute jordbær og innturka ingefær.
Veldig god, ikkje så søt men fyldig og frisk, akkurat som eg likar vin.

IMG_0016

Ingefær, paprika, jordbær, kålrot og gulrot.

IMG_0023

Akkurat nå har eg dilla på Lana Del Ray – Brooklyn Baby. Ha ein fin dag!

Morgon-boost

IMG_9999

Ingenting er som eit glas med nypressa juice om morgonen, det er så enkelt og
friskt. Det er litt tullete å ikkje bruke fruktkjøttet, men når eg puttar det
i juiceren med skall og det heile kjennes det likevel greitt og kaste det.
Det beste er jo å ha i seg alt, så kanskje eg får blande i fruktkjøtt neste gong?

I denne juicen har eg bruka ingefær, eple og grønkål, det blir så godt!
Eple gjev juicen ein sødme som binder smakane saman, ingefær eller sitron
brukar eg for at den skal bli frisk og syrleg. Grønkål gjev ein nydelig farge, klorofyll!

IMG_0004

Juicen nytas med ein gong, gjerne mens du høyrer på  på Sia med Chandelier!
Eg har så lyst på ei lysekrone eg kan svinge meg i 😉 !

IMG_9988

Ha ein fin dag!

Juicing

Eg har blitt ein juicer, og synes det er så moro med nye smakskombinasjonar.
Eg har lagd juice av jordbær, kiwi, ingefær, spinat, rødbete, gulrot, selleri, salat, tomat,
paprika, agurk, eple, appelsin, mango og ertar. Det er så enkelt, ein må tilsette det som har
sama farge slik at det skal sjå delikat ut, også treng ein balanse, om du tilsett berre grønnsaker
blir det ikkje såå godt, men tilsett eit eple eller appelsin og litt ingefær så blir det ein
innertiar med ein gong.

Eg har Philips HR1865, den tek grove grønnsaker veldig lett, bråkar ikkje og
er lettvind og vaske. Olala.. Her kjem nokre bilder:

20130908_165707
Appelsinjuice med ingefær

20130902_190124
Jordbær, ingefær, eple og appelsin
20130912_165708
Rødbete, ingefær og eple 
20130919_081946
Gulrot, appelsin og ingefær.

20130922_095924

Agurk, kiwi, spinat, ingefær og seller.