DIY: Eukalyptus-krans

20171203_143535Denne helga har gått verkeleg fort, føler at eg har gjort så mykje og samtidig vore så sosial. Ja, nokre helger blir slik. I dag har eg rydda og vaska igjen, og hatt middagsgjester, det synes eg er kjempe koselig. Men nå kjenner eg meg klar for avslapping resten av kvelden. I dag lagde eg meg ein superenkel krans og den pyntar så fint opp i heimen, dessutan så luktar den fantastisk. Den er fersk og fin nå, men eg synes at eukalyptus held seg bra når den har tørka og. Så eg håpar at eg kan la den henge ei stund for eg synes rett og slett at den er heilt herlig. Eg hadde eukalyptus i brudebuketten min og, og det var perfeksjon.
20171203_140437
Til kransen treng du ikkje meir enn det eg har på dette bilete, med mindre du vil ha litt meir pynt. Tjukk ståltråd, tynnare og litt mjuk ståltråd, hage-saks, klyppe-sak, tråd og den planten du vil bruke. Det er sikkert fleire måtar og binde ein krans på, men eg gjer det heilt enkelt, eg ser jo at dei som kan det gjer det finare enn meg men eg er fornøgd med asymmetri og at det ser «tilfeldig» ut.
20171203_142656
20171203_143453
Slik blei den! Viss du søker opp # eukalyptuskrans på Instagram så får du opp enda fleire variasjonar. Ha ein framleis fin 1.advent.

Vakker vårdag

Nye blader i posten, fri på ein fredag og solskin gjer denne dagen ganske så bra. Nå som eg har heldt på å sådd så har eg funnet ut at eg har gjort nokre nybyrjar-feil. Eg har sådd frøa altfor tett, så noko har eg klart å fordele i nye avispapir-potter, mens noko ana må eg prikle som det så fint heiter. Eg er fryktelig spent på om det i det heile tatt blir noko i minikjøkenhagen min, – eg får bare prikle og ordne på så best eg kan.

DSC_2561.JPGDSC_2568.JPGDSC_2564.JPG

Ha ein fin vårdag!

Makrame

Hei og hopp!
Denne bloggposten vil eg bruke til å vise fram litt nytt i heimen. Eg er så heldig som bur ein liten kjøretur unna ein gardsbutikk og der finn eg alltid noko nytt som eg får lyst på. Denne gongen fekk eg med meg heim nokre korger og teljos-halderar.

DSC_2085 (2)DSC_2084 (2)DSC_2093 (2)

Makrameen har eg laga sjølv, søkte på youtube og fant gode instruksjonar, det er ikkje vanskelig men ein må berre vera nøye. Ein kan bruke potter, teljos-halderar, flasker og skåler. Så moro med litt nytt i heimen. Då eg tok inn potteplanta så trudde Pascal at han kunne klatre i den, og då velta heile potta. Eg får vera streng kattemamma nokre dagar og håpe at han mistar interessa for å herje med mine ting.

Nytt i heimen: Stubbebord

Rett til overskrifta, me har fått oss stubbebord!
Eg har sett det rundt omkring, instagram, interiørblad og i butikkar. Eg har vore usikker på om eg har ville hatt det sjølv, for det var ei tid der eg synes at pallesofa og trommelbord var fint. Stilen endrar seg, det er heilt sikkert, men me kan i tilfelle berre bruke det som ved om eg går lei. Akkurat nå synes eg det er utrulig tøft, kvifor har me ikkje gjort dette før?
Det einaste me har gjort er å tatt av barken og olja det, det er ei tørrgran, men ser det sprekker litt opp.
Eg er uansett utrulig nøgd, synes det er skikkelig stilig og passar inn som eit blikkfang.
DSC_1807

DSC_1810
Bileta på veggen er postkort frå Emmeselle som er ramma inn. Figuren på stubben er frå Willow Tree og heiter «hope».
Postkortet er illustrert av Elsa Beskow og garnet er i frå Sandes Garn.

DSC_1805

Lovi

20140307-145756.jpg

20140307-145832.jpg

20140307-145900.jpg

20140307-145932.jpg

20140307-145948.jpg

20140307-150002.jpg

Eg elskar dessa Lovi-figurane, dei er så fine, leikene og spesielle.
Løve synes også at dei var spennande, han må alltid utforske viss det er noko nytt som han ikkje har sett før. Eg bestilte figurane på lovi.fi, som er ein nettbutikk i Finland som sender til Norge på få dagar, noko eg garantert skal benytte meg meir av.
Figuane sendas flatpakka i tre, som eit postkort også må du bygge figurane sjølv. Kjempe kjekt!

Nå er eg i gang med å bake dåpskake til ein liten tante-prins, skal legge ut bilder litt seinare. God helg!

Strikkedilla

Hei.

Min strikkehistorie starta i fjerde klasse, då bestemor såg seg lei på at eg
alltid fingerhekla og lærte meg då og strikke. I mange år etter strikka
eg skjerf i alle fargar og fasongar, men blei etterkvart lei av dette.
Så min strikkedilla starta i fjor, då ei klassevennine introdusera meg for
julekulene til Arne & Carlos. Etter dette har eg strikka fleirfoldige julekuler,
sokkar, babyklær og skappelgenseren. Eg har også fått augne opp for
strikk og hekling i interiør og synes dette er så fint.

Her er litt inspirasjon:


Vase «Couture» // Lunehjem

Hekla lampeskjerm // Pickles

Dekorativ oppbevaring // Ferm Living

På ynskjelista mi // Riviera Maison

Ei nydelig pute // Lenes Hjerterom

Enkel brødkurv // Garnstudio