Siste innspurt

Hei!
Nå er det siste innspurt før jolaften, og eg har framleis
nokre ærender igjen før eg kan sei meg heilt ferdig.
Eg får alltid følelsen av at eg ikkje har kjøpt «nok», så eg
vil bare legge til litt meir  for å vera sikker på at eg har kjøpt
minst like fin gåve som eg får. Eg hatar og åpne ei gåve
på jolaften som er mykje dyrare og finare enn avtalt.

Dessutan vil eg bare legge til at det er tanken som teller, eg blir alltid
glad når eg får eit fint kort for eksempel. Eg har jo alt som eg treng,
så ting er det faktisk ikkje så farlig med lengere. Eg veit at eg høyres
gamal ut, men det finaste med heile jola er stemningen og minnene.
Det som eg har sett mest fram til i år, er faktisk og samle
venninene mine, for det er så sjeldent me ser kvarandre.

gåve

Eg har eit lite innpakkingstips: 
Når eg pakkar inn gåver så blir det ofte mykje restar, når ein klypper av
på sidene. I dag sparte eg på restane som er tjukke remsar.
Eg snurra det rundt ei lita gåve, litt hjerte-dekor og ein tråd.
Resultatet blei ein rustikk innpakkning som eg synes var ein smart måte
og bruke opp alt papiret på.

lla 028

sb 015

pus 018

One Step Closer

Hei!
Nå er eg inne i ei periode det alt skjer på ein gong, både i forhald til joleforberedelsar og
på høgskulen. Eg kjenner at det skal bli utrulig fint med joleferie tidlig i år, då blir det
baking og kvalitetstid med venner og familie.
Ha ei fin førjolstid!