DIY: Lag din eigen jolepynt

Heisann.
Nå har eg laga noko nytt i heimen som eg vil vise fram og forhåpentlegvis inspirere til å lage ting sjølv. Joleverkstad er den aller finaste joletradisjonen, høyre på jolemusikk i bakgrunnen og samle familien rundt eit bord for å lage jolegåver eller pynt til heimen. Eg har ikkje alltid gjort det i vaksen alder, men då eg var liten hadde me ofte joleverkstad og eg synes det var utrulig koselig å samlast på denne måten.

DSC_1836 (2)
Nå har eg laga dekorasjon på trollhassel-kvisten min som eg tenkte passa til vinteren. Eg er glad i og ha det mest mogleg enkelt og det synes eg at eg fekk til.
DSC_1813
Eg laga hjarte og nokre andre figurar av leire frå panduro. Stakk ut med pepperkakeformer og let det turke i nokre dagar. Eg bruka mohair silk til snor, greitt å bruke opp litt restegarn. Ein kan og måle figurane, eller strø på glitter.

Girlander er dekorativt og spennande, inspirasjonen har eg funnet på pinterest. Du treng ullkuler, spiss nål og tråd.
DSC_1826 (2)
DSC_1830 (2)
Eg trer kulene innpå tråden, lagar ein knute slik at kulene sit fast og henger girlanderen på kvisten min. Enkelt og dekorativt.

Eg vil ynskje alle ei god veke.

 

Brodering

I sommar byrja eg med litt brodering, veldig enkelt med berre korssting. Eg synes at det er utrulig morosamt, både enkelt og avansert på sama tid. Frå materiell til ferdig produkt så tek det innmari lang tid, men nå vil eg gjerne vise fram to broderi som eg har gjort ferdig.
DSC_1792

DSC_1797

Bilete av sjiraffen er eit broderi som eg har kjøpt på europris, ferdig kit som gjer det lettvint for ein nybyrjar.

DSC_1796
Dette er mitt favorittbilete, det heng i gangen hos oss. Eg kjøpte mønsteret på Etsy, her. Der finn du mange fine mønster, mykje fint. Nål, tråd og og stoffet kjøpte eg på Panduro. Det som eg synes er morosamt med bilete av Pascal i koppen er at det er akkurat slik han er, både ramp og søtnos.

DIY: Blomsterskilt

Eg var innom Panduro i førre veke og kom ut med mykje nytt, så nå kan det godt hende at det kjem nokre DIY innlegg i tida som kjem. Eg strikkar framleis, men etter at Pascalpus kom i hus så har det blitt noko mindre strikking – fordi han bit av garn om han får moglegheita. Sommaren er uansett tida for å halde på med mange andre hobbyar, eg prøvar meg på hagearbeid, eg lærer litt nytt og har mykje glede av det – sjølv om eg heilt klart ikkje klarer å halde alt like fint. Førre veke blei eg ferdig med nokre blomsterskilt som er både dekorative og praktiske, ein fin aktivitet som ein kan gjere med litt eldre barn (om ein har).
Her kjem instruksane på blomsterskilta, inspirasjon fant eg på pinterest.

Blomsterpinnar-10

 Du treng:
Grillspyd i tre eller ispinnar
Hobbyleire (eg bruka leire som skal luft-tørkas)
Hobbymåling
Tynne penslar
Kniv
Sprit-tusj
Kjevle (eg bruka vinflaske med klingfilm uttapå)
Eventuelt lim

Blomsterpinnar-12

Slik gjer du:
Kutt grillspyda i ynskja lengde. Kjevle ut leira, skjær opp like delar. Legg to delar saman med grillpinnen i midten og press det godt saman. Er leiren våt klistrar dei seg saman, har den tørka kan ein enten ha på litt lim eller fukte den litt.
La dei tørke i nokre dagar, mål eit strøk med kvit måling, for då tåler dei litt fukt.
Dekorer skilta slik du ynskjer, gjerne med friske og fine fargar.

Blomsterpinnar-13Blomsterpinnar-14 Blomsterpinnar-17 Blomsterpinnar-21

Koselig med sommar! Ein ana tips litt på tampen, kjøp blomsterpotter på brukthandel og spraylakker dei, det blir så fint!

Katt_ vår_2015-1293

Framleis god sommar, kosar frå Pascal.