Heimelaga müsli

Hei! For ei nydelig påske det har vore, skyfri himmel og mange fine trilleturar med guten vår og firbeinte. Våren kviskrar oss i øyra, me let oss rive med – finn fram lettare klede og fantaserar om rosèvin på verandaen. Me ynskjer oss fuglekvitter og bare vegar, gjerne rett over nyttår – som om me ikkje vil innsjå kvar me bur. Snapchat-860021510[1].jpg
Vårteikn frå Telemark. 

Er det ein ting eg har lært gjennom desse fem vekene som nybakt mor, så er det at eg ikkje kan ete kake, sjokolade og godteri kvar gong eg får besøk. Det går berre ikkje når ein har såpass mykje gjester som me har hatt. Eg kjenner meg motivert for å koma igang med aktivitet og sunne, normale vaner. Når eg er på helsestasjonen, på barseltreff og liknande treng rask energi, så derfor tenkte eg lage litt snacks som eg kan ta med meg og ete viss eg blir svolten eller viss søtsuget melder seg.
IMG_9951
Dette treng du:  4 ss honning, 2 1/2 ss ljos sirup, 2 1/2 dl nøytral olje, 2 ss vaniljesukker, 400 g havregryn, 75 g sesamfrø, 75 g solsikkekjerner, 75 g gresskarkjerner, 100 g mandlar, 100 g valnøttar, 100 g kokos. (200 g rosiner eller tranebær)
IMG_9972
Smelt honning, sirup og vaniljesukker, bland saman alt det tørre utanom kokos og rosiner/tranebær saman med olje og den søte blandinga. Fordel müsli-blandinga på steikebrett og steik på varmluft 180 grader i 15 minuttar, vend det nokre gonger og steik til det er gyllent. Tilsett kokos og eventuelt rosiner/tranebær og steik vidare i 10 minuttar, eller til det er så godt steikt som du likar det. La det avkjøle seg og ha på ein tett beholder.
IMG_9973.JPGIMG_9981.JPG

Server med tyrkisk yoghurt, bær eller syltetøy.

Fløtekarameller

Hei!
Det er ikkje mykje som slår heimelaga fløtekaramellar,
så derfor vil eg dele ein nydelig oppskrift som er henta frå
Love Manuela. 

fløtekarameller

2 1/2 dl kremfløte
2 1/2 dl lys sirup
50 gram smør
250 gram lys brunt sukker
450 gram sukker

Ha alle ingrediensane i ein tykkbunnet kjele.
Kok opp til middels varme, rør konstant med ein tresleiv
til blandinga kjem på 120 grader. Bruk sukkertermometer,
og ver forsiktig med karamellblanding, veldig varmt.

Bruk ei kakeform på 18 x 26 cm og kle den med bakepapir.
Hell i karamellen og la det avkjølas i minst 2 timar før du kuttar
opp i passande bitar.

Dette er så godt!