Barnehagesett

IMG_9740.JPGNå er eg litt stolt. Eg har vore på ufo-kjøret lenge og føler at motivasjonen har vore deretter. Eg hadde kjempe lyst til å strikke eit barnehagesett til vesleguten byrjar i barnehagen. Eg valte meg ut Henrik babysett og har stort sett berre heldt på med dette strikkeprosjektet. Eg har strikka feil, rekt opp igjen, og gjort så godt eg kan for eit mest mogleg fint resultat. Det blei ikkje perfekt, eg ser det blir ganske ujamt der eg strikkar på settpinnar.

DG365_18_Forside.jpeg
Eg gjorde ganske mange endringar ifrå oppskrifta, og synes at det gjorde at fargen blei endå meir synleg. Vottane har allereie blitt bruka ei god stund, men settet er for stort enda. Det er utrulig koselig å strikke klede til han, eg får sjå om det kanskje blir småstrikk til han framover. Å strikke hals og bukselivet dobbelt blir utrulig fint og forseggjort synes eg, det ser så ordentlig ut, så det vil eg gjere meir av.

Slik kosepose ser så godt ut, det er for seint for M nå, men tenk å strikka ein slik pose i restegarn.

img_9748img_9739img_9745
Ha ei fin veke!

Nytt strikketøy

Hei!
Nå har eg endelig komme igang med eit nytt etterlengta prosjekt. Den siste tida har eg bare heldt på med kortvarige og garn-slankande strikkeprosjekt. Eg har vore litt flink, men kjente at strikkelysta meldte seg når hausten kom. IMG_0343

Eg har lagt opp til eit babysett til vesle guten min. Synes den jadegrønne fargen er så fin! Oppskrifta heiter Henrik babysett og er ifrå Dale Garn. Eg strikkar i størrelse 1 år og det er tenkt til barnehagestart, som eit tynt og godt ullsett utover våren. Eg skal legge ut igjen når eg har kome litt lengre.
IMG_0352.JPGIMG_0341.JPG
Bilderesultat for henrik babysett
( Bildete lånt frå Dale garn)

Eg skal prøve å kikke innom litt oftare, synes det er koselig å blogge men føler at tida berre flyg!