Organisering: Garn

Eg har eit stort ynskje om å organisere garn som i ein garnbutikk, både praktisk og dekorativt. Tenk så morosamt og hatt ein «garnbutikk» heime, å bli inspirert og ha masse flott garn lett tilgjengelig. Det har eg dessverre ikkje hatt plass til enda, så derfor blir garnet mitt lagra i skuffar, korger, kasser og i stort sett alt eg har av oppbevaringsmoglegheiter. Eg mistar fort oversikt, det er garn her som eg har hatt i mange år og mykje nytt. Eg tek ein ryddesjau ein gong i blant, eg har eit hav av påbyrja nøste, i alle slags kvalitetar, litt av alt. Når det blir slik, så blir det nesten for mykje av det gode, eg synes det er vanskelig både med orden og oversikt med slike mengder.

DSC_2773 (2)

Derfor vil eg skrive ein ryddeguide, med tips og råd ein kan nytte seg av. Viss du har fleire gode tips så skriv det gjerne i ein kommentar.

– Etter å ha lest boka til Maria Kondo er det ein ting eg har lært; kvitt deg med det du ikkje treng. Sjølv om ein har planer om å strikke lappeteppe eller hønsestrikk så er det ikkje det du gidder å gjere mest av. Gje burt garn til for eksempel barnehage eller skulefritidsordning, då kan du ha god samvit for at det kjem til nytte hjå nokon andre.

– Legg inn garnet ditt på Ravelry. Det har tatt litt tid før eg har forstått kor genial denne kjente strikke- og heklenettsida er! Ein kan lagre pågåande prosjekt, kva garn ein har og legge inn fullførte prosjekt. Eg synes det er ein genial og enkel måte og til ein kvar tid ha full oversikt over garnlageret. Då finn ein og forslag på kva ein kan bruke garnet på. Dette er jo genialt og litt sært på sama tid. Ein personleg garn-database!

0976e6466592caaa962c67dca4500b88.jpg
Bilete frå pinterest. https://no.pinterest.com/pin/509399407835886972/

– Organsiser garnet etter kvalitet. Samle alt sokkegarnet ein stad, alt babygarnet og finullgarnet. Merk det godt og spar på magebanda slik at du lett finn det att.

– Kjøp dekorative korger og kasser, det er så koselig å ha nytt garn framme og tilgjengelig. Eg synes det finaste er å ta dei sama fargenyansar saman i ei kasse eller korg.

– Det garnet som du vel å behalde må du ha ein plan med. Skriv opp ei liste over kva du vil bruke restgarnet ditt på. Ver realistisk og ta minst eit prosjekt i månaden som du tek frå lageret ditt.

– Pågåande prosjekt er fint å ha i prosjektbaggar, då har du alt du treng til det prosjektet samla på ein stad. Då er det lett å ta det opp igjen viss andre ting har kome før i strikkekøen, som det oftast gjer.

strikk.png
Og når ein har vore flink til å fullført prosjekt, har god oversikt over kva ein har av babyull, sokkegarn også vidare. Då meiner eg at ein kan kjøpe seg nytt og flott garn som ein kan glede seg over. Det er ein evig runddans, men å lage seg eit system trur eg er veldig lurt når ein er litt slik.. Garn-tullerusk.

Strikkeåret 2016

Akk ja, endå eit strikkeår er forbi. Dette året har eg spart på alle magebanda frå garnnøste eg har byrja på. Eg mistenker at eg manglar nokre mageband frå yndlingskufta, men det gjev ein peikepinn på kor mykje eg har strikka dette året her. Eg telte opp 52 mageband og det seier eg meg nøgd med. Hurra for strikkegalskap!
IMG_9009.JPG
Eit strikkeår går fort, så fort at det ikkje er alt eg får vist fram på bloggen. Eg har alltid fleire prosjekt på gang, og gjerne fleire små prosjekt innimellom dei store kufteprosjekta. Slik held eg på, og fullfører mange fleire småprosjekt enn dei litt større og vanskeligare. Så derfor gjekk eg gjennom strikkehaugen min for å sjå om det var noko eg kunne vise fram, og det var det sjølvsagt! Så her kjem strikkeprosjekt som passar når ein må ha noko som passar inntil ein spennande film eller serie.
IMG_9014.JPG
Her har eg strikka ein shorts med strikk i livet og fin knyting, frå klompelompe. Eit artig strikkeprosjekt som gjekk fort. To sokkepar i ulik størrelse som eg strikkar for å få til hæl, det er jo ein kunst og få til vil eg sei.
IMG_9018.JPG
Dette er ei jakke frå Sandnes garn som er strikka i garnet Line. Det kjennes så deilig ut, så finn eg ein fin oppskrift så må eg nok strikke til meg sjølv og. Fantastisk garn. IMG_9021.JPG
Dette lilla Line garnet vant eg på Instagram og det blei ein kjole/tunika. Oppskrift frå Marte Helgetun.IMG_9026.JPG
Dette er eit restegarnprosjekt berre for å kvitte meg med litt garn. Strikka av babyull.
IMG_9028.JPG
Det var dei småprosjekta. Veldig greitt med variasjon når ein strikkar såpass mykje. Her kjem nokre av dei store prosjekta som eg har fullført.
IMG_8697 Denne kufta er min store stoltheit og det vanskeligaste eg nokon gong har strikka. Eg er så glad i denne kufta, og har bruka den mykje.
IMG_8696
Denne genseren er eg også sjukt nøgd med. Vakkert mønster.

Mammas bladrillejakke ligg klar for montering, har ikkje fått tatt bilete av den enda.
Eg har og to sommartoppar som er uferdige, ein i lille lerke og ein i summerwool, dei tek eg fram tidlig på våren.

Mine strikkemål for 2017 er…

.. Skrive strikkedagbok, dokumentere kva eg har fullført.

.. Strikke meir til min framtidige mann.♥

.. Bli meir spenstig når det gjeld fargeval, tørre å prøve andre kombinasjonar.

Tusen takk for eit flott år, eg held fram med bloggen så lenge eg kjenner meg kreativ og har skapartrong. Handarbeid gjev meg så mykje glede i ein hektisk kvardag. Me sjåast i 2017.

Bruk opp restgarn

Eg har alltid eit mål om å bruke opp restar og minke litt før eg kjøper nytt og deilig garn. Denne gongen klarte eg det ganske så fint utan at det blei ein UFO nedst i strikkehaugen. Eg blei faktisk ferdig, og då har eg litt betre samvit når eg planlegg neste strikkekaup.
DSC_2836

DSC_2829
Eg samla saman alle smånøsta som eg hadde av sandnes babyull og strikka ein stripete bukse.  Eg synes at det blei kul fargekombinasjon og ei fin bukse så dette burde gje meirsmak.

Akkurat nå planlegg eg kva eg skal strikke på i haust. Eg tenkjer både på eventuelle gåver og litt egostrikk. Eg får sjå det endar opp med. Ha ein framleis fin sundag!