Barnehagesett

IMG_9740.JPGNå er eg litt stolt. Eg har vore på ufo-kjøret lenge og føler at motivasjonen har vore deretter. Eg hadde kjempe lyst til å strikke eit barnehagesett til vesleguten byrjar i barnehagen. Eg valte meg ut Henrik babysett og har stort sett berre heldt på med dette strikkeprosjektet. Eg har strikka feil, rekt opp igjen, og gjort så godt eg kan for eit mest mogleg fint resultat. Det blei ikkje perfekt, eg ser det blir ganske ujamt der eg strikkar på settpinnar.

DG365_18_Forside.jpeg
Eg gjorde ganske mange endringar ifrå oppskrifta, og synes at det gjorde at fargen blei endå meir synleg. Vottane har allereie blitt bruka ei god stund, men settet er for stort enda. Det er utrulig koselig å strikke klede til han, eg får sjå om det kanskje blir småstrikk til han framover. Å strikke hals og bukselivet dobbelt blir utrulig fint og forseggjort synes eg, det ser så ordentlig ut, så det vil eg gjere meir av.

Slik kosepose ser så godt ut, det er for seint for M nå, men tenk å strikka ein slik pose i restegarn.

img_9748img_9739img_9745
Ha ei fin veke!