Forglemmegei

Det er noko spesielt med forglemmegei, den skil seg ut på ein spesiell måte synes eg. Eg tenkte at eg ville dele diktet om korleis forglemmegei fekk dette namnet. Eg synes det er så søtt, at eg nesten kunne hatt det på veggen.

_DSC1095

Når våren kjem, flyr ein engel gjennom verda og kallar på alt som skal opp av jorda.

Fyrst seier engelen: Vesle snøklokker, vakn opp! Så kjem snøklokkene fram. Så seier engelen: Mine skjønne hestehov, vakn opp! Og hestehoven tittar fram. Deretter blåveis og kvitveis – alle vårblomane, ein etter ein. Og alt saman kjem: graset, lauvet på trea, og hele sommaren kjem.

Men så var det ein liten blom som venta og venta. Er det ikkje snart min tur, tenkte blomen, for den ville så gjerne hilse på sola og sommaren. Men ennå hadde ikkje engelen kalla på den.

«For – glem – meg ei» kviskra blomen. «Ja, det er sant» svara engelen. For han høyrer kva alle blomstrane kviskrar.

Forglemmegei skal du heite frå denne dag! Og slik fekk blomen namn. Alltid stend den og ser opp i himmelen – liksom den heile tida takkar for at den ikkje blei gløymt.1435327385642[1]
20150626_171107[1]

DIY: Blomsterskilt

Eg var innom Panduro i førre veke og kom ut med mykje nytt, så nå kan det godt hende at det kjem nokre DIY innlegg i tida som kjem. Eg strikkar framleis, men etter at Pascalpus kom i hus så har det blitt noko mindre strikking – fordi han bit av garn om han får moglegheita. Sommaren er uansett tida for å halde på med mange andre hobbyar, eg prøvar meg på hagearbeid, eg lærer litt nytt og har mykje glede av det – sjølv om eg heilt klart ikkje klarer å halde alt like fint. Førre veke blei eg ferdig med nokre blomsterskilt som er både dekorative og praktiske, ein fin aktivitet som ein kan gjere med litt eldre barn (om ein har).
Her kjem instruksane på blomsterskilta, inspirasjon fant eg på pinterest.

Blomsterpinnar-10

 Du treng:
Grillspyd i tre eller ispinnar
Hobbyleire (eg bruka leire som skal luft-tørkas)
Hobbymåling
Tynne penslar
Kniv
Sprit-tusj
Kjevle (eg bruka vinflaske med klingfilm uttapå)
Eventuelt lim

Blomsterpinnar-12

Slik gjer du:
Kutt grillspyda i ynskja lengde. Kjevle ut leira, skjær opp like delar. Legg to delar saman med grillpinnen i midten og press det godt saman. Er leiren våt klistrar dei seg saman, har den tørka kan ein enten ha på litt lim eller fukte den litt.
La dei tørke i nokre dagar, mål eit strøk med kvit måling, for då tåler dei litt fukt.
Dekorer skilta slik du ynskjer, gjerne med friske og fine fargar.

Blomsterpinnar-13Blomsterpinnar-14 Blomsterpinnar-17 Blomsterpinnar-21

Koselig med sommar! Ein ana tips litt på tampen, kjøp blomsterpotter på brukthandel og spraylakker dei, det blir så fint!

Katt_ vår_2015-1293

Framleis god sommar, kosar frå Pascal.