DIY: Adventsstake

Heisann.
Endelig fekk eg gjort ferdig adventsstaken min. Eg mangla berre mose for å få gjort den ferdig og på grunn av sno her eg bur så måtte eg få tak i mose ein plass det er bart. Eg synes det er koselig med joletradisjonar, og det er ikkje så nøye om ein ligg litt bak, det kjem på plass tidsnok likevel. I dag henta me joletre til å ha ute, innmari koselig å kunne gå rett ut for å finne seg eit joletre.

Det er mange fine adventsstakar å velje på, men viss du vil ha ein som ikkje alle andre har så kan ein enkelt lage sin eigen. Her kjem framgangsmåten.
DSC_1845 (2)
Du treng: Fuktig mose, fire små glas, tråd, hjarte som er laga av leire, fire ljos og saks.

Stapp glasa godt med mose, stikk ljoset ned i midten. Tre tråden gjennom hjarta og heng dei på ljosi.

DSC_1861 (2)

Eg er veldig fornøgd med resultatet, koselig å lage dekorasjon sjølv.
Ha ein fin sondag!

DIY: Lag din eigen jolepynt

Heisann.
Nå har eg laga noko nytt i heimen som eg vil vise fram og forhåpentlegvis inspirere til å lage ting sjølv. Joleverkstad er den aller finaste joletradisjonen, høyre på jolemusikk i bakgrunnen og samle familien rundt eit bord for å lage jolegåver eller pynt til heimen. Eg har ikkje alltid gjort det i vaksen alder, men då eg var liten hadde me ofte joleverkstad og eg synes det var utrulig koselig å samlast på denne måten.

DSC_1836 (2)
Nå har eg laga dekorasjon på trollhassel-kvisten min som eg tenkte passa til vinteren. Eg er glad i og ha det mest mogleg enkelt og det synes eg at eg fekk til.
DSC_1813
Eg laga hjarte og nokre andre figurar av leire frå panduro. Stakk ut med pepperkakeformer og let det turke i nokre dagar. Eg bruka mohair silk til snor, greitt å bruke opp litt restegarn. Ein kan og måle figurane, eller strø på glitter.

Girlander er dekorativt og spennande, inspirasjonen har eg funnet på pinterest. Du treng ullkuler, spiss nål og tråd.
DSC_1826 (2)
DSC_1830 (2)
Eg trer kulene innpå tråden, lagar ein knute slik at kulene sit fast og henger girlanderen på kvisten min. Enkelt og dekorativt.

Eg vil ynskje alle ei god veke.

 

Nytt i heimen: Stubbebord

Rett til overskrifta, me har fått oss stubbebord!
Eg har sett det rundt omkring, instagram, interiørblad og i butikkar. Eg har vore usikker på om eg har ville hatt det sjølv, for det var ei tid der eg synes at pallesofa og trommelbord var fint. Stilen endrar seg, det er heilt sikkert, men me kan i tilfelle berre bruke det som ved om eg går lei. Akkurat nå synes eg det er utrulig tøft, kvifor har me ikkje gjort dette før?
Det einaste me har gjort er å tatt av barken og olja det, det er ei tørrgran, men ser det sprekker litt opp.
Eg er uansett utrulig nøgd, synes det er skikkelig stilig og passar inn som eit blikkfang.
DSC_1807

DSC_1810
Bileta på veggen er postkort frå Emmeselle som er ramma inn. Figuren på stubben er frå Willow Tree og heiter «hope».
Postkortet er illustrert av Elsa Beskow og garnet er i frå Sandes Garn.

DSC_1805

DIY: Blomsterskilt

Eg var innom Panduro i førre veke og kom ut med mykje nytt, så nå kan det godt hende at det kjem nokre DIY innlegg i tida som kjem. Eg strikkar framleis, men etter at Pascalpus kom i hus så har det blitt noko mindre strikking – fordi han bit av garn om han får moglegheita. Sommaren er uansett tida for å halde på med mange andre hobbyar, eg prøvar meg på hagearbeid, eg lærer litt nytt og har mykje glede av det – sjølv om eg heilt klart ikkje klarer å halde alt like fint. Førre veke blei eg ferdig med nokre blomsterskilt som er både dekorative og praktiske, ein fin aktivitet som ein kan gjere med litt eldre barn (om ein har).
Her kjem instruksane på blomsterskilta, inspirasjon fant eg på pinterest.

Blomsterpinnar-10

 Du treng:
Grillspyd i tre eller ispinnar
Hobbyleire (eg bruka leire som skal luft-tørkas)
Hobbymåling
Tynne penslar
Kniv
Sprit-tusj
Kjevle (eg bruka vinflaske med klingfilm uttapå)
Eventuelt lim

Blomsterpinnar-12

Slik gjer du:
Kutt grillspyda i ynskja lengde. Kjevle ut leira, skjær opp like delar. Legg to delar saman med grillpinnen i midten og press det godt saman. Er leiren våt klistrar dei seg saman, har den tørka kan ein enten ha på litt lim eller fukte den litt.
La dei tørke i nokre dagar, mål eit strøk med kvit måling, for då tåler dei litt fukt.
Dekorer skilta slik du ynskjer, gjerne med friske og fine fargar.

Blomsterpinnar-13Blomsterpinnar-14 Blomsterpinnar-17 Blomsterpinnar-21

Koselig med sommar! Ein ana tips litt på tampen, kjøp blomsterpotter på brukthandel og spraylakker dei, det blir så fint!

Katt_ vår_2015-1293

Framleis god sommar, kosar frå Pascal.

DIY: Påske-egg

Her kjem ein liten DIY på å dekorere egg.

imageimageimage

Det å lage påske-egg er obligatorisk påskesyssel synes eg, det er jo så morosamt. Dei små oppheng-greiene kjøpte eg på panduro, alternativt kan ein bruke ei halv fyrstikk til å få hengt opp egget. Eg lagde to variantar av eggene i år, spraylakk og måling, enkelt og greitt. Spraylakk og gummistrikk fungerte dessverre ikkje som eg hadde håpa, men dei blei fine og spennande likevel. image

Det eine egget er spraya med kobber, mens det andre er måla med hobbymåling der eg har hatt gummistrikk på egget. Til neste år får eg prøve noko ana, kjekt med dekorasjon som ein berre kan kaste i matsøpla når høgtida er over.

imageimage
Fortsatt god påske! 😀

DIY: Gips-egg

Kreativiteten og skapargleda er så stor denne våren her, eg har funnet så mykje inspirasjon på nettet og synes det er utrulig morosamt alt ein kan lage med enkle materialar. Det som eg har laga nå, er gips-egg som er så enkelt men så morosamt. Denne gongen laga eg med gips, men har og seinare lyst til å lage med betong. Inspirasjon har eg funnet på Hverdagsbloggen via pinterest.

image

Dette treng du:
Gipsmasse eller Betongmasse
Desilitermål
Trakt eller sprøytepose
Eggeskall

image
Etter litt prøving og feiling fant eg ut at det blei finast å lage hol i botnen av egget, ganske logisk men eg gjorde feil der den fyrste gongen. Det er jo toppen på egget som vil vera fin i ein dekorasjon!

image

Vask og tørk eggeskallet godt på førehand, ha i gipsmasse og la dette tørke. For å få eggeskallet av enklast mogleg så kan det vera lurt å kakke i egget slik at det sprekker opp, blir litt bys men då får ein fram med støvsugaren.

imageimage

Eg blei veldig nøgd med mine egg, å blei glad då det var ein som skulle til å koke dessa egga til frukost 😉
Dei ser veldig ekte ut, så det kan vere lurt å informere alle i heimen om at dei ikkje må lage noko av dessa egga!

Ha ei fortsatt fin påske, eg reiknar med at det kjem fleire slike innlegg!

 

DIY: Eggholdere

Hei 😀
Eg er så glad, for ei stund nå har tanteprinsen min prøva å sagt «tante», men så har det vore for likt «traktor» så me har vore så i tvil om kva han har meint. I dag når eg henta han i barnehagen sa han plutselig «tante» klart og tydelig, å då var eg ikkje i minste tvil! 😀 Eg er så stolt og glad, det er så moro å vera tante, den beste jobben ein kan ha!

På fredag startar påskeferien, det blir utrulig koselig, eg har allereie kjøpt inn kryssordblad og kvikk lunsj så nå er eg klar for å ha litt fri. Eg har planer om å eta egg til frukost, så derfor hadde eg lyst til å dekorere mine eigne eggholderar. Eit lite prosjekt men veldig moro, og alt får ein kjøpt på panduro.

image

image

image image image image

Eg synes resultatet blei fint, og ein artig stilmiks mellom moderne kobber og romantiske blomar.

DIY: Personlige pakkelappar

IMG_4852-0

Det er ikkje så enkelt å skrive nokre ord når kosesjuke Løve rullar seg over 
tastaturet. Ein heilt spesiell katt. 

Når eg er ferdig med jolegåvene brukar eg tid på innpakking og lagar egne
pakkelappar. Då har eg tid til litt joleverkstad, det er eit fint barndomsminne
som mamma gjorde med oss dei dagane me var heime frå barnehagen.
Det er jo det joli handlar om, å gjera koselige ting saman.

Her er eit tips om korleis du kan lage personlige pakkelappar:

IMG_4867

Du treng:
Penslar, kan og bruke q-tips eller liknande
Hobbymåling
Pakkelappar
Paper Punch, til å lage sjablong med
Saks

IMG_4868

Finn eit blad med litt tjukt papir og lag sjablongar, eg trykker ut ny
for kvar gong, for det kan bli litt søl om eg målar på dei i fleire omgangar.

IMG_4870

Legg sjablongen der du vil ha figuren, mål over med pensel, varier gjerne
mellom å legge tjukt lag med måling og tynt for ulike uttrykk.

IMG_4873

Ta sjablongen rett av og la det turke.

image

Nokon av pakkelappane krulla seg litt, men da la eg dei berre under trykk.

image

Eg laga små prikkar med penselen.

image

Slik blei resultatet. Håpar at mottakarane blir fornøgd!
Ha ei fortsatt fin jolehøgtid.

Soft Alpakka


IMG_0175

Nå er eg endelig ferdig med denne nydelige perlestrikka genseren frå Sandnes garn. Oppskriften er frå heftet 1316 Do it yourself, garnet er soft alpakka, eit herlig mjukt garn med gode egenskaper. Varmeregulering, sjølvrensande (nok å lufte den) og dessutan er det ikkje eit garn som loar mykje, bare litt.

Eg elskar den friske mintfargen, tenkte det ville blitt fint om eg hadde ei mørk skjorte under genseren, det er i hvert fall slik den blir stylet i heftet. Denne genseren blir heilt klart bruka mykje framover, den passar så godt inn i min
«eg er ein nerdete student»-stil som eg kjøyrer nå.

20140915_09354420140915_09372420140915_093050

Ha ei fin veke!

DIY

Sandnes garn  har kome med eit nytt strikkehefte som heiter DIY,
altså do it yourself. Eg klør litt etter å starte på noko nytt, det fristar
veldig, likevel må fornuften seta ned foten. Eg må strikke ferdig genseren
som eg held på med nå, eg må bli ferdig med litt jolegåvestrikk,
strikke ferdig babysokkar og lista fortsett i det uendelige.
Eg er glad i å strikke, men føler at det er ein pakkeavtale
som innheld både halvstrikka sokkar og mykje restgarn i alle
kvalitetar. Fleire som har det slik? 

Sjølv om eg ikkje skal hoppe på noko nytt akkurat no så må det vera
lov å drøyme seg vekk i duse fargar, klassiske snitt og design som kjem
igjen gong på gong. Sandnes garn er så i vinden med skappelgarn,
moderne oppskriftshefter og herlig garn.

Modell 6 ( . )Modell 4 ( ... )Modell 5 ( .. )Modell 7 ( . )Modell 10 ( ... )