Bursdagshelg

På fredag blei eg eitt år eldre, og det kjentes heilt greitt ut. Eg synes det var spennande med tidlig 20-åra, men det er jammen spennande med seint 20-åra og. Ein må ikkje vere redd for å bli eldre, så lenge ein har det bra med seg sjølv så tyngder ikkje alderen så mykje. Min gode bestemor blir 90 år til sumaren, og det synes eg er heilt fantastisk!

IMG_9369.JPG
Det var ein ting eg ønska meg til bursdagen, og det var ein bukett med tulipanar og gåsungar, eit teikn på våren som kjem. Eg elskar tulipanar, på våren får eg ikkje nok av friske tulipanar i alle fargar. Gåsungar minner meg om ein fin barndom, der eg sparte på alle gåsungane eg fant i ein boks… Og når eg opna den boksen igjen, så lukta det så vondt.
IMG_9366Eg må sjølvsagt ha ein strikkeoppdatering. Nå har eg lagt vekk tunge varme genserar til fordel for lette sommarplagg. Den ljoseblå er sommerbluse frå Pickles, som er strikka i eit garn som eg er veldig glad i – summer wool! Perfekt garn til den norske sommaren, tjukt og svalt på sama tid. Den ljosegrå er ein oppskrift frå dale garn sitt hefte «sommerfavoritter», ei hefte som eg har lyst til å strikke mykje i. Dobbel tråd av garnet lerke. Eit nydelig garn. Eg gledar meg til eg kan bruke desse plagga.
IMG_9372.JPG

Summer Wool

Nå skal eg vise fram to strikkeprosjekt eg har heldt på med i år, det tek gjerne
litt tid med meg, men når eg faktisk fullfører så blir eg så inspirert at eg kan
starte med ti nye prosjekt samtidig. Det er så mykje fint nå, eg har lyst på
ein genser i marineblå, ein flettegenser, ein perlestrikka jakke og ein genser
som ville passa perfekt til påska i 2015. Det boblar liksom litt over sjølv om eg
akkurat nå held på med ein genser frå DIY frå Sandnes garn og ein Leila Hafzi jakke.
Eg må le litt, men det gjeld nok bare å fullføre det eg held på med.

Vimpeltee

Nå er eg ferdig med Vimpel-tee toppen frå Pickles. Eg innrømmer at fargevalet var
noko dristig, så eg er i tvil om korleis eg skal style toppen, nokon forslag? Eg bruka garnet
summer wool, som er ein blanding av bomull og merino som gjer at toppen eignar
seg godt til norsk sommar. Eg ville ikkje ha mønsteret på heile toppen, då hadde
eg nok aldri blitt ferdig. Eit moro strikkeprosjekt, rundfelling er heller ikkje så gale.

IMG_0541

Eg har og fullført noko som har ligge i monteringshaugen i evighetar.
Ein baby-topp som er frå Dale garn nr.277. Eg strikka den i eit utgått babygarn
frå pickles. Eg ville bare bli kvitt litt garn og strikka utan mål og meining, ofte
då det bare blir liggande.

Babystrikk

20130512_100349

Babystrikk er så utrulig koselig. I garnbutikkar har dei friske, duse fargar, fargesortimentet er komplett. Garnet er så mjukt at det nesten luktar litt baby av det. Det er så mange fine oppskrifter og velje på, gamalt design i ei ny utgåve. Eg likar best det enkle og klassiske snittet med duse fargar som gjev eit lett og luftig utsjåande.IMG_9736
Denne jakka strikka eg i haust til ein liten tantegut, eg gjorde nokre endringar, festa på trykk-knappar og strikka raglan utan perlestrikk. Eg festa på to knappar frå Snelle og Petronella, rampe gutt. Det var litt vanskelig å få fram fargen på bilete, men det er ein dus lilla farge.
Oppskrifta er frå Dale Garn, som ein ser på det øvste bilete.
IMG_9733

109 dagar

 

 

 

Her er det nedtelling for supertantene, for om 109 dagar er det
termin. Eg har kjøpt litt meir babyull frå Dale Garn, og nokre supersøte
knappar. 
20130512_100349

20130512_100336
Legg merke til knappane.
20130512_100344

Gammeldags omslagstrøye

Eg kom over eit heilt nydelig strikkehefte her om dagen,
det er dansk og heiter «babystrik på pinde 3».
Det inneheld klassiske oppskrifter, men med eitt
nostalgisk preg over seg, det er så fint!
Nå som eg skal bli tante igjen, så ser eg
gjennom alt eg finner av
oppskrifter og ulike garnkvalitetar. Saman med
ein kopp Chai Latte, så er dette oppskriften på
kvardagsluksus.

20130417_150140

20130417_150237

babystrik

20130417_125717

Så til overskrifta. Akkurat no strikkar eg på ei omslagsjakke frå
boka «myk start», eg gledar meg til resultatet. Eg starta med armane fordi eg
alltid gjev opp når eg har kome dit i oppskrifta, og fordi eg trur det begrensar
seg kor ofte eg kan bestikke mamma til å strikke armar for meg.

Smette-skjerf

Eg er stadig under utvikling på strikkefronten, i sist veke
strikka eg mitt aller fyrste «smette-skjerf».
Det er både klassisk og praktisk.

Oppskriften på babysokkane fant eg her.
Smette-skjerfet er frå Dale, men det er ein klassisk oppskrift som
finnes mange stadar.