Plutselig bursdag

20140309-211033.jpg

I dag er eg 23 år, då kan eg legge ut selfie med eit påklistra smil og med nokre visdomsord. Det høyrer liksom til synes eg. Til vanlig har eg nedtelling til denne viktige dagen, men i år har det skjedd så mykje at eg ikkje har rukket å tenkt på alle gåvene og all oppmerksomheten, derav overskrifta.

23 år og halvvegs i utdanninga, tante til tre gutar og tilsynelatende eit plettfritt liv i hvert fall på sosiale medier. Dagen blir feira med spinning
jobbe med oppgåver og husarbeid. Hurra for å ha bursdag på ein måndag! 🎉

20140309-211015.jpg
To selfiar er bedre enn ein, derfor vil eg legge ut dåps-smilefjæs-selfien når eg var så godt i gang. Viktig å understreke at eg har bursdag. Einaste dagen i året eg føler for å spre kvalme rundt meg sjav.

10.Mars i 1991

Hei!

I dag fyller eg 22 år, eg er ikkje endå «ein gamal ørn», men eg har opplevd og lært noko
på tida fram til no. Eg har slutta med bleie, eg har slutta å vatne plastikkblomar,
eg klarer meg utan økonomisk støtte frå foreldre, eg kan fylle på  spylarvæske,
eg lærer stadig noko nytt i utdanninga mi, eg veit forskjell på sukker og salt,
eg let ikkje mamma klyppe håret mitt meir, eg opprettar ikkje «baksnakkingsklubbar» lengere,
eg synes ikkje at hotell Cæsar og nugatti er livets høgdepunkt (tvert imot) og
eg synes at sysken ikkje lengere er ei byrde.

IMG_20130310_094132

Derfor vil eg påpeke at det har skjedd ein utvikling i årene som har gått, eg har blitt
ein ung vaksen og det føles faktisk heilt greit og bli litt eldre og litt klokare.

Ha ein fin sondag, her er det fint ver og eg sit inne med oppgåveskriving, det
er litt av baksida med å bli eldre, ansvar. 🙂