Bryllaup: Invitasjonane

Heisann.
Lenge sidan sist. Her går dagane i oppussing og bryllaupsførebuing så tid er noko me ikkje har for mykje av. Dette er den seiste tida vår i det vesle huset, me flyttar i nær framtid(!!) og om ein kort månad så giftar me oss på låven. Eg skal ikkje legge skjul på at det er slitsamt, men på sama tid så er det spenning i kvardagen. Eg trur dette er i periode i livet me kjem til å sjå tilbake på om nokre år og vere glade for at me ikkje treng og gjenta det. Me satsar på at både ekteskapet og huset er ein langvarig investering.

Førebuingane til bryllaupet har vore overveldande, men når eg har verdas flinkaste, mest støttande og oppmuntrande trulovar så må eg sei at det har gått overraskande bra. Trulovaren min Line, har hjelpe til med det meste av førebuingane og ein av dei fyrste tinga me gjorde saman var og lage invitasjonane. Her er det Line som skal ha all æra, eg sat berre og sa ja eller nei, det var ho som designa heile oppsettet. Invitasjonane er for lengst sendt ut og svara på, og utan at eg hadde planlagt det så hadde eg att eitt som eg skal spare på. Tips: Spar på ein invitasjon, bordkort og eit takkekort som minne. Det trur eg er noko som ein kjem til å sette stor pris på i ettertid.

_DSC9588.JPG

_DSC9590.JPG
_DSC9586Slik blei det sjåande ut, eg er så fornøgd med korleis det blei til slutt. Då eg var i botanisk have i fjor sommar fekk eg så dilla på grøne planter og hageliv. Derfor har eg vidareført noko av dette til bryllaupet og eg synes at det passar godt til oss. Me valte også og lage personelge frimerke og det blei prikken over i’en. Eg håpar invitasjonane gjev eit lite innblikk i korleis me er som par, litt humor og lite glam. Me snakkas!

Leila Hafzi

Førjolstida er det koseligaste synes eg, ingenting kan måle seg med baking, jolemusikk og kvalitetstid med familien. Jolegåvene starta eg tidlig med i år, og har berre noko småplukk igjen, eg gjer alt for å unngå å havne på eit kjøpesenter som er stappfullt av stressa folk. Då har eg ekstra tid til å gjera akkurat det som eg har lyst til i desembermånaden. Det passar meg fint.

IMG_4801.JPG

Eg tenkte at eg ville vise fram Leila Hafzi jakka mi som eg strikka på i sommar. Den er strikka i perlestrikk med alpakka ull frå Sandnes garn, knappen og merket kjøpte eg på nettsida deira. Oppskriften er i Leila Hafzi kolleksjonen vol. 1.
Dette er det finaste hittil som eg har strikka, eg er utrulig stolt og tenkjer at det er ei tidlaus jakke som eg kan bruke til mykje. Mamma har montert jakka, eg veit at eg må lære det sjølv, men eg er ikkje så nøye som ho og synes derfor at det er fint og trygt når ho tek tak i det.

Ha ei fortsatt fin førjolstid!