Feriestrikk

… Eller strikkerot som det er akkurat no.
Når eg ser tilbake på mine strikkeprosjekt så ser eg at eg har strikka ein god del i sommar. Monteringshaugen har auka gradvis og eg har starta på nye prosjekt utan at eg har vore heilt ferdig med det eg har heldt på med. Nå har det berre blitt ein haug med rot og det er unødvendig. Det er ei uvane eg har, som eg berre burde slutte med.

IMG_8658

Så nå skal eg ta meg saman, sy på knappar, feste trådar, lage duskar og sy i bukse-strikk. Det er ikkje det mest lystprega arbeidet som finnes, men det blir bra når eg kan pakke det vekk og planlegge kva som blir gåver.

IMG_8673

Eg får hive meg rundt, for på måndag startar eg endelig i jobb og då blir det mindre tid til hobbysyssel.

Til den nyfødte

Hei.
For nokre dagar sidan var eg på barselbesøk for å helse på
ei nydelig lita jente. Ettersom min strikkedilla tok av i starten
av svangerskapet, kunne eg gje burt ei heimestrikka barselgåve.
Jakka var ei utfordring, på eit tidspunkt trudde eg ikkje at eg kom
til å få den ferdig, men takket være ein snill og tålmodig mamma, så
klarte eg å bli ferdig til «fristen».
Mønsteret på jakka og vottane er henta frå sandnesgarn i heftet
0514 Lanett Baby. For dykk som ikkje har muligheten til å strikke
sjølv, men har lyst å gje burt ei gåve som varmar, så vil eg annbefale
ullungene, dei har så mykje fint.