Feriestrikk

… Eller strikkerot som det er akkurat no.
Når eg ser tilbake på mine strikkeprosjekt så ser eg at eg har strikka ein god del i sommar. Monteringshaugen har auka gradvis og eg har starta på nye prosjekt utan at eg har vore heilt ferdig med det eg har heldt på med. Nå har det berre blitt ein haug med rot og det er unødvendig. Det er ei uvane eg har, som eg berre burde slutte med.

IMG_8658

Så nå skal eg ta meg saman, sy på knappar, feste trådar, lage duskar og sy i bukse-strikk. Det er ikkje det mest lystprega arbeidet som finnes, men det blir bra når eg kan pakke det vekk og planlegge kva som blir gåver.

IMG_8673

Eg får hive meg rundt, for på måndag startar eg endelig i jobb og då blir det mindre tid til hobbysyssel.

Smette-skjerf

Eg er stadig under utvikling på strikkefronten, i sist veke
strikka eg mitt aller fyrste «smette-skjerf».
Det er både klassisk og praktisk.

Oppskriften på babysokkane fant eg her.
Smette-skjerfet er frå Dale, men det er ein klassisk oppskrift som
finnes mange stadar.

Mint

Då var eg i gang med endå eit strikkeprosjekt, denne gongen er det enkle
babysokker. Eg var innom ein garnbutikk og skulle i utgangspunktet bare ha
nokre strikkepinnar, eg kom ut med endå meir garn. Nokon som kjenner seg att?

Denne fargen var så fin at eg bare måtte ha eit nøste, det er babyull frå
Dalegarn, nydelig farge. Av og til skulle eg ynskje at eg ikkje var bit av basillen,
men det er allikevel ein utrulig koslig hobby.