Fastelavn

God kveld!
Hyggelig med fastelavn, sjølv når ein ikkje har planer om å faste, for eg er ein av dei mange som berre likar slike merkedagar for kosen sin skyld. Det er slik det har blitt. Ein tenkjer ikkje så mykje over kva desse merkedagane eigentlig tyder, me vil berre pynte med fastelavnsris og glede oss til påskeferie og vårlige dagar. Eg tenkjer at det er heilt greitt, sjølv om det er greitt og vite litt om kvifor me markerar denne dagen. Viss me skal på quiz eller blir spurt av ungar til dømes. IMG_9336.JPG

IMG_9329.JPG
Denne helga har blitt ei koselig og sosial helg der eg sit att og føler at eg har fått gjort ein del. Måla i huset, vore med venner og hatt middagsbesøk, så eg seier meg nøgd med helg for denne gong. Nå gjer eg meg klar for blåmåndag og feitetysdag, eller nei, helst ikkje.

Eg har og strikka litt, ein frisk og fin luve som eg kallar «Olav Thon»- lua mi. Strikka i Pickles sitt garn Abuelita 4-tråds merino. Eg er så nøgd med den vårfriske luva!
IMG_9325.JPG
IMG_9340.JPGHåpar alle har hatt ein fin fastelavn!

 

Eg treng fargar

Når livet ikkje viser seg frå si beste side så er det fint med trøystegarn, og då var Madevik Yarns eit godt val. Eg blei berre så lei av mørke fargar, inkludert genseren til sambuaren min. Når eg i tillegg strikka feil igjen og må rekke opp igjen så trur eg det er lurt med ei pause frå genseren. Det er uansett godt og ha litt å bytte på.

Og akkurat nå er det glade fargar som freistar aller mest. Karin bak Madevik Yarns er flink til å farge garn, så lekkert med eigefarga hesper. Det er mange som snakkar om å håndfarge garn i diverse podkastar og det er heilt klart populært for tida. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg og lært det sjølv, men då vil eg bli kursa i det fyrst. Utrulig spennande med fargar!

IMG_9277.JPG

Garnet bestend at 80% Merinoull og 20% Nylon, så det passar til mykje. Eg tenkjer det eine hespe blir nok eit sokkepar og det andre blir sjal. Eg elskar fargane og synes varm gul inntil rosa er så friskt og fint. Det er fyrste gongen eg handlar garn som er handfarga og synes at det er ein ganske kul greie.
IMG_9271.JPG

Strikkeåret 2016

Akk ja, endå eit strikkeår er forbi. Dette året har eg spart på alle magebanda frå garnnøste eg har byrja på. Eg mistenker at eg manglar nokre mageband frå yndlingskufta, men det gjev ein peikepinn på kor mykje eg har strikka dette året her. Eg telte opp 52 mageband og det seier eg meg nøgd med. Hurra for strikkegalskap!
IMG_9009.JPG
Eit strikkeår går fort, så fort at det ikkje er alt eg får vist fram på bloggen. Eg har alltid fleire prosjekt på gang, og gjerne fleire små prosjekt innimellom dei store kufteprosjekta. Slik held eg på, og fullfører mange fleire småprosjekt enn dei litt større og vanskeligare. Så derfor gjekk eg gjennom strikkehaugen min for å sjå om det var noko eg kunne vise fram, og det var det sjølvsagt! Så her kjem strikkeprosjekt som passar når ein må ha noko som passar inntil ein spennande film eller serie.
IMG_9014.JPG
Her har eg strikka ein shorts med strikk i livet og fin knyting, frå klompelompe. Eit artig strikkeprosjekt som gjekk fort. To sokkepar i ulik størrelse som eg strikkar for å få til hæl, det er jo ein kunst og få til vil eg sei.
IMG_9018.JPG
Dette er ei jakke frå Sandnes garn som er strikka i garnet Line. Det kjennes så deilig ut, så finn eg ein fin oppskrift så må eg nok strikke til meg sjølv og. Fantastisk garn. IMG_9021.JPG
Dette lilla Line garnet vant eg på Instagram og det blei ein kjole/tunika. Oppskrift frå Marte Helgetun.IMG_9026.JPG
Dette er eit restegarnprosjekt berre for å kvitte meg med litt garn. Strikka av babyull.
IMG_9028.JPG
Det var dei småprosjekta. Veldig greitt med variasjon når ein strikkar såpass mykje. Her kjem nokre av dei store prosjekta som eg har fullført.
IMG_8697 Denne kufta er min store stoltheit og det vanskeligaste eg nokon gong har strikka. Eg er så glad i denne kufta, og har bruka den mykje.
IMG_8696
Denne genseren er eg også sjukt nøgd med. Vakkert mønster.

Mammas bladrillejakke ligg klar for montering, har ikkje fått tatt bilete av den enda.
Eg har og to sommartoppar som er uferdige, ein i lille lerke og ein i summerwool, dei tek eg fram tidlig på våren.

Mine strikkemål for 2017 er…

.. Skrive strikkedagbok, dokumentere kva eg har fullført.

.. Strikke meir til min framtidige mann.♥

.. Bli meir spenstig når det gjeld fargeval, tørre å prøve andre kombinasjonar.

Tusen takk for eit flott år, eg held fram med bloggen så lenge eg kjenner meg kreativ og har skapartrong. Handarbeid gjev meg så mykje glede i ein hektisk kvardag. Me sjåast i 2017.

Strikka jolegåver

Det blir litt av det kvart einaste år, nokre mjuke pakker under treet til heldige utvalte. Eg tenkjer kvart år at eg skal byrje med strikkegåvene like etter jol, men då er eg mest lysta på ego-strikk. Det er utrulig koselig å strikke noko som mottakaren blir glad for, det er lurt når ein skal gje bort at ein passar på å strikke kvaliteter som tåler litt vask.

15801454_10153984854995836_79282230_n.jpg
Mary-genseren strikka eg i fjor, eg byrja på den omtrent rundt 1.desember og blei ferdig med den til jol. Garnet er Pus av Du store alpakka, eit herlig mjukt, tjukt garn som eg likar godt. Denne fekk veslesyster og eg blir så glad når ho fortel at ho brukar den masse, eg har så lyst til å strikke ein Mary-genser til meg sjølv ein vakker dag. Eg elskar mønsteret!

IMG_8805 (2).JPG
Lilly-hals og perslestrikk-pannebandet strikka eg til snille svigermor. Oppskrift til halsen finn ein i den siste klompelompe boka, og garnet er sjølvsagt merinoull. Merinoull er ikkje så varmt som ull, det har ein ana eigenskap, det er kløfritt og ein kan vaske det. Det er fint å strikke barneklede og småplagg av, men ein må aldri finne på å strikke vottar av garnet. Det gjorde eg, dei vottane blei våte og kalde på eit blunk, det var skuffande vottestrikk.
IMG_8820.JPG
Fint å feste ein liten vaskelapp til strikketøyet synes eg, lurar på om det går å kjøpe desse ferdig laga. Det hadde vore så kult. IMG_8827.JPGKoselig med personlege klistremerke, «jol jol» blei litt feil berre.
IMG_8958.JPG
Heimestrikka sokkar trur eg at vil bli storproduksjon av til neste år, me får sjå om eg får det til slik bestemor gjer. Eit langsiktig mål i livet er å bli ein ræser på sokkestrikk.
IMG_8997.JPG
Her har eg strikka Andrine-sommerkjole og knytelua, eit kjempe snålt sett som eg blei veldig nøgd med. Det var ei lita jente som heiter Natalie som fekk, som eg håpar vil falle i smak. Moro og gje bort strikka gåver, må nok seta meg ned å planlegge neste jol.IMG_9005.JPG
Ha ein framleis god jol!

Heimelaga yoghurtis

Her om dagen prøva eg meg på ein variant av yoghurtis, eg synes resultatet blei veldig bra derfor vil eg dele det her. Is høyrer heilt klart sumaren til, så med god samvit kan ein kose seg med heimelaga yoghurtis. Det er ein is som ein lagar på 1-2-3 og som er svært barnevennleg.

untitled-17

Du treng:
Yoghurt som du likar
Bær
Isformar
Ispinnar

untitled-29untitled-21-2

Slik gjer du:
Legg bær og yoghurt lagvis i isforma og frys. 1-2-3 sjølvsagt!

untitled-47

untitled-21

Etter nokre timar i frysaren har du heimelaga yoghurtis.

Crêpes med kvit sjokoladekrem

Åhh.. For ein nydelig sommar, endelig litt temperatur, nå skal eg ikkje klage på at det er for varmt, det er perfekt uansett, me må kose oss nå og nyte lange dagar. I dag har eg vore ute og ordna i hagen, Pascal ligg under trillebåra mens eg nappar ut løvetann frå plenen, me kosar oss veldig. Eg har bare hatt han i tre veker, men det kjennes ut som at han alltid har vore her. Han er heilt perfekt i mine auger, ei liten kosegut, einaste ulempe er at han er like vill etter garn som meg. Haha, dårlig kombinasjon.
Edvin_Pannekaker_Eirefjell-87
Eg tenkte at eg ville dele ei heilt nydelig oppskrift på crêpes, altså tynne pannekaker og ein silkemjuk sjokoladekrem som er at kvit sjokolade. Eg lagde det i førre veke og skulle gjerne hatt ei runde til, men nå får det halde. Ein kan ikkje ete så mykje ein vil av det, men uansett om ein gjer det, så er det likevel verdt kvar einaste kalori. Oppskrifta låg på ein fin blogg som heiter klisjèhjemmet. Oppskrifta er så god at ein lett kan doble den.

Crêpes:
250 gram kveitemjøl
3 ss sukker
Salt
4 egg
6 dl mjølk
60 gram smør

Bland alt det tørre saman fyrst, smelt smør og tilsett egg og mjølk, rør godt slik at det blir ei klumpfri røre. La røra svelle på benk i 15 minuttar. Steik og server.

Edvin_Pannekaker_Eirefjell-79
Kvit sjokoladekrem
Lag gjerne kremen nokre timar før servering, gjerne dagen før den skal serveras.
3 dl kremfløte
300 gram kvit sjokolade

Varm opp kremfløten til kokepunktet, knekk sjokoladen i ein bolle. Hell den varme fløten over sjokoladen og rør til det er ei jamn blanding. Sett blandingen kaldt, enten frysaren eller i kjøleskåpet. Pisk den opp, ha den i kjøleskåpet nokre timar eller server med eingong. Den blir fastare om den får stått kjølig etter den har blitt piska. Server med friske bær.

Edvin_Pannekaker_Eirefjell-80
Edvin_Pannekaker_Eirefjell-81

Server gjerne med nutella om du har. Nam nam!

Livsnyting

I dag har eg og Pascal drive på med noko som heiter livsnyting. Me har ete frukost, kosa litt, leika og kikka på fuglane som flyg forbi snuta til veslepus. Pascal vil så gjerne fange ein fugl, han sit på rekkverket på verandaen og ventar på byttet sitt. Sjølv om det blir for vanskelig å fange ein fugl, så har han fanga ei fluge. Det er jo ein viktig milepæl for Pascal.

_DSC1401

_DSC1395

_DSC1392

Akkurat nå så kosar eg meg med ei bok som heiter Du elsket alltid havet skrive av Lucy Clarke, ei spennande feriebok. Den handlar om eit dødsfall og ei reisedagbok, meir vil eg ikkje sei. Eg gler meg til å finne ut kva som har hendt.
Nå skal eg ut og kose meg enda litt meir, ha ein strålande dag!

Womankind

image

Hei.
Nå har eg tatt sommarferie. Eg er endelig ferdig med mine 3 år på førskulelærarutdanninga, tenk på det, det har gått så fort og eg har lært så mykje. Eg angrar ikkje ein dag på at eg tok denne utdanninga, det kjennes bare riktig ut.
Nå skal sommarferien nytas, lesa bøkar, strikke, drive med hagearbeid og besøke venner.

På fredagen henta eg eg liten guttepus på 12 veker, han heiter Pascal, oppattkalla etter mitt store idol. Pascal er ein utrulig snill, kosen, leiken, sosial og tillitsfull katt. Eg blei forelska i han ved fyrste blikk, han er bare så god! Einaste problemet er at han hoppar opp på fanget mitt kvar gong han ser ein tråd eller eit garn. Det er faktisk fryktelig irriterande, han prøvar og bite av alt som han kjem over. Han har fått restegarn frå skappeljakka, men det er ikkje like spennande som det som eg har.

image

Pascal er dessutan veldig nysgjerrig, han hoppar opp på bordet mange gonger dagleg, det får han ikkje lov til. Sjølv om eg er streng så føler eg ikkje at det nyttar, han bare hoppar opp igjen, et på blomane mine og gjer seg upopulær. Han tek att på sjarmen, for han er fryktelig søt.

image
Ha ein fin dag!

Tilleggslitteratur

Hei og god morgon.

Nå har eg offisielt budd saman med min kjærast i ei veke, eit lite jubileum som skal feiras med pizza og vin. Akkurat no bur me i eit flyttekaos, det ser virkelig ikkje ut, ingenting er på plass sjølv om eg ryddar og vaskar så ofte eg har tid. Når me har kome meir på plass skal eg vise fram dette koselige huset, eg ser mykje potensial her.

image

Eg skal straks reise ned på biblioteket for å lese nokre kapittel, skulle ynskje at bolig pluss var pensumlitteratur akkurat nå. Draumer meg vekk i nordisk design og reine linjer.

Ha ein fin fredag!

Mindfulness: Fargebok

Hei!

Nå har eg levert bacheloroppgåva mi, tenk på det, snart er studietida over for denne gong. Det kjennes ut som i går då eg møtte opp på høgskulen både spent og nervøs, umedviten om korleis dette studiet skulle endre meg som person. Det har vore ei fantastisk reise, eg har blitt kjent med nokre fantastiske jenter og eg har lært så mykje. Nå ventar det ei ny epoke i livet mitt, det skal eg fortelje litt om seinare.

Sjølv om eg har levert bacheloroppgåva mi, har eg framleis nokre eksamenar att, så eg kan ikkje slappe av heilt enda. Dagane mine går stort sett til å lese fagteori, nokre dagar går det fint, mens andre dagar er forferdelig tunge og slitsame. Her om dagen trudde eg at eg hadde nådd botnen, eg var så sliten at eg hadde tvil om eg i det heile tatt orka å fullføre utdanninga mi (ei klype salt). Tilfeldig kom eg over ein artikkel i Varden, der det sto at dessa populære fargebøkane hadde positiv effekt i førehald til eksamensstress. Fargebøkane hadde sama effekt som strikking, så dette måtte eg bare prøve. Så då får eg bruke begge hjernehalvdelane, den kreative og den akademiske.

Eg har teikna i nokre dagar, ein blir jo så hekta, for det er utrulig morosamt. Det er så lenge sidan eg har fargelagt, hugsar at eg gjorde det mykje som barn. Det er verdt og prøve om ein sit med nasen i skulebøkane og treng ein pause som ikkje inneheld facebook statusar som berre er til irritasjon og plage. Folk som skriv statusar som liknar på ein karakterutskrift, slutt med det!

 

DSC01196

DSC01198

Ha ein fin kveld!