Organisering av garn

IMG_9562
Nå er eg skikkelig inne i ryddemodus, etter nokre kapittel av boka Synnøves system så kjenner eg meg gira til å få full oversikt og orden. For det å få baby gjev ein domino-effekt i huset. Mitt kjære hobbyrom skal ryddas vekk til fordel for babysaker og då må eg finne ein god langsiktig løysning på korleis garnet mitt kan lagras fint og ryddig. Resten av hobbysakene mine må eg vurdere etter kor hyppig det blir bruka og korleis eg kan lagre det. Har eg lært ein ting av ryddedamene Synnøve Skarbø og Marie Kondo så er det at ein må rydde etter kategori og ikkje rom, for elles kan det fort bli halvhjerta. Så derfor tek eg føre meg garnlageret mitt fyrst og deretter andre ting. Eg har skrive innlegg om dette tidligare, – og kjem sikkert til å gjere det igjen men her er det førre innlegget om garn-organisering (Ganske nøyaktig eit år sidan).
IMG_9564Eg har garnet mitt lagra jamt over heile huset og i fleire rom, eg ser at det ikkje er så praktisk. Eg har garn i tv-benken, ein full bed-roller med øydelagde hjul, hyller, korger, handlenett og dekorative boksar med garn. Eg merkar at eg har ikkje så god oversikt som eg skulle ynskje. Eg manglar oversikt og system over kva eg faktisk har av garn.
IMG_9577Fyrst måtte eg samle saman alt eg har av garn for å få meg eit overblikk. Eg har ein god miks av alt, effektgarn, merino, ull, til store prosjekt og til små prosjekt. Det er mykje som eg har samla på i mange år og som eg aldri kjem til å sakne om det forsvinn. Derfor fylte eg ein papirpose med restegarn og heile nøste som eg aldri kom til å bruke. Innimellom kjente eg at det gjorde litt vondt, for eg har stor affeksjonsverdi til garnet mitt, men eg var i modus så eg berre haldt fram. Når eg hadde fylt posen med garn så måtte eg bare få det ut av huset med eingong, for av erfaring veit eg at eg kan angre meg litt og ta noko tilbake, sjølv om eg ikkje har planer med det. Eg gav det vekk til SFO, dei blei glade og eg blei letta, så det var heilt klart vinn-vinn. Ana garn som var til genserar og var heilt og fint bestemte eg meg for å prøve å selje, ein låg pris og ti minuttar seinare var det selt. Fantastisk!
IMG_9636Etter å ha kvitta meg med så mykje garn så følte eg meg ganske flink, litt skrekkslagen men flink. Då byrja eg å rydde alt i korgstativ, på den måten er det lett tilgjengelig og godt synlig. Eg organiserte garnet i merinoull, babyull og ull og alpakka. Det eg har spart på er heile nøste, og garn som kan strikkas på pinnestørrelse 2,5  – 4. Eg har allereie lagt opp til ei lita kufte frå lagergarnet og det kjem eg til å halde fram med.
IMG_9625
IMG_9660
Slik blei resultatet etter min ryddesjau, eg er så nøgd med korleis det blei. Enkelt og oversiktelig, og viss eg skal sjå på garn frå ein kategori så er det berre å ta med ei korg og kikke gjennom. Eg elskar det og skal verkeleg gjere alt for at dette systemet ikkje blir øydelagt eller nedprioritert. Fram til eg får min eigen draum oppfylt med eit hobbyrom med innebygde spesiallaga garnhyller og eit stort sybord og alle oppskriftene mine sortert, så brukar eg hjørnet på soverommet mitt til garnlagring. Håpar dette var til inspirasjon!

 

Uforama

Me er berre to veker inn i det nye året og eg har endelig fått ferdig to ufoar som har ligge og irritert meg i lang tid. Eg har nesten ikkje ord for kor godt det kjennes å kunne legge desse genserane vekk og finne fram noko nytt og spennande. Og kva har eg lært av dette? Jo, vere kritisk over prosjekt eg startar på og lese oppskriftar meir nøye. For i alle fall den brune genseren, sukk* den har vore med på å påverka ei strikketørke.
IMG_9597
Her er den fyrste genseren som eg har strikka til mannen min og eg skulle gjerne ha starta på ein enklare genser, men gjort er gjort. Det er Aran-mønstra genser som er henta ifrå KK strikk nr. 2 haust 2016. Garnet er frå gjestal og heiter Bambus Soft, ikkje eit garn som eignar seg til ein varm genser men meir som ein kvardagsgenser. Garnet er ganske glatt, og eg trur mønsteret hadde blitt finare i eit grovare ullgarn. Likevel så er eg ikkje flink til å bytte ut garn frå oppskriftar og brukar stort sett det som står. Eg har litt blanda kjensler til genseren, heilt ærlig, men nestegong skal han få ein meir tradisjonell ullgenser det er sikkert. Eg skal likevel vere stolt av meg sjølv at eg fullførte, ein personlig seier med ein såpass krevjande genser.
IMG_9592

Så til Sondregenseren. Dette var i utgangspunktet ikkje eit så stort prosjekt, handlar meir om manglande disiplin til å fullføre. Når eg tok for meg genseren så var eg ferdig på to kveldar så her kan eg ikkje skulde på nokon andre enn meg sjølv. Den er litt stygt sydd saman under armane og ikkje heilt feilfri, men akkurat nå er eg fornøgd. Den er strikka i størrelse 2 år, så blir ei stund til den blir bruka. Veldig morosamt mønster, ein fryd!
IMG_9602
Så då er eg i gang med ufo-strikkinga, endelig. Det som er det flauaste er kor kort tid det tek, nokre kveldar og vips så er det berre å sy i trådar. Eg er i alle fall utrulig nøgd med alt eg klarer å bli ferdig med og alt eg klarer å bruke opp av garn. Eg kjenner at eg blir meir inspirert og mindre frustrert når det er system. Nå må eg berre halde fram med uforama og ta ein og ein prosjektbag som ligg nede i boden. Der er det både gull og fiasko som har støva ned i lang tid.

Mine nyttårsforsett

Eit nytt år og ein ny start. Dette året blir nok endå eit flott år, kanskje ikkje så travelt som 2017 men minst like bra. I fjor hadde eg nokre strikkenyttårsforsett, men i år vil eg ha ei blanding sidan det er ikkje sikkert at det er strikking som blir høgst prioritert i året som kjem. Eg ser i alle fall fram til å sjå kva dette året vil bringe og vil gjerne ha bloggen med meg vidare.

Mine nyttårsforsett for 2018

– Bli strengare med sløsing. Dette handlar sjølvsagt om økonomi, for her kan eg skjerpe meg utan å lide for mykje. Eg ser at eg sløsar ein del, kjøper garn, magasiner, blomar, har høgt matbudsjett (kan kanskje redusere noko?), interiørnips og andre ting som eg strengt talt ikkje treng. Eg har lett for å la følelsane styre lommeboka og eg ser at små summar blir ein god del over tid. Nå må eg tenkje meir over kva me faktisk treng og har bruk for, tenkje over kva som blir «husfyll» og kva som er nyttig. Sparing blir framleis prioritert, men nå vil eg og spare til ting me kjem til å trenge.IMG_9520

– Rydde meg lykkelig. Eg ynskjer å ha gode system med tanke på ein travel kvardag. Eit godt system for klesvask, ein oversikt over garnet mitt og eit system over barneklede og utstyr. Eg vil bruke opp garn, strikke ferdig ting eg har byrja på og bli meir strukturert når det kjem til hobbyen min. Eg ynskjer ikkje at barneting skal overta heile huset, eg må ha gode oppbevaringsmoglegheiter og pakke vekk ting som ikkje blir bruka. Eg skal kvitte meg med ting, gi bort og hive det eg ikkje treng. Bruke opp matvarer regelmessig  både i frysaren og i tørrvarelageret. Planlegge middagar og ete opp restemat. Rydding gjev meg ein lykkekjensle, for då kjenner eg at kvardagen går som ein leik.
IMG_9524

– Ta ting som det kjem. Eg veit ikkje korleis den nye kvardagen blir med baby og rutinar, men eg tenkjer at det er viktig å ta ting som det kjem. Ikkje ha for høge krav til meg sjølv, sove når eg kan og bare nyte den fine tida. Økonomi og system er viktig for meg, men det viktigaste er familien vår akkurat nå, så då kjem alt ana i andre rekke.
IMG_9516
Kva er dine nyttårsforsett for 2018?

Mine 5 uferdige prosjekt

Det nye året og den siste tida utan barn så vil eg prøve å gjere ferdig nokre prosjekt som bare har ligge her. Prøve å sette i gang med ein ufo i månaden eller noko, innimellom litt ana slik at eg ikkje går lei. Eg har mange uferdige prosjekt og det er ikkje alle eg orkar å konsentrere meg om akkurat nå, eg får ta litt om gongen. Eg har bare lyst til å rydde opp, gjere ferdig og ha meir system i strikketøyet mitt. Eg har valt ut 5 uferdige prosjekt som eg skal konsentrere meg om dette året her.

1. Genseren til mannen min
IMG_9499
Denne genseren falt eg for i KK-strikk og det var vel i grunn eit spontant prosjekt. Eg har lagt den frå meg fleire gonger, vore lei og rekke opp fleire gonger. Endelig i haust felte eg av rundt halsen, men då mannen min skulle prøve den på så var den altfor vid. Så må rekke opp og felle meir, og hanke inn igjen dei maskene som lause under armen. Gjort på ein-to-tre tenkjer du kanskje, men då eg mangla garn så blei heile genseren gløymt. Dette er den fyrste ufoen eg skal ferdigstille i 2018. Denne må eg få ferdig.

2. SondregenserenIMG_9503.JPG
Denne genseren starta eg på for to eller tre år sidan og har blitt rekt opp ein gong fordi eg strikka armane på feil i mønsteret. Mens den andre gongen den blei rekt opp var på grunn av at eg strikka med for liten pinnestørrelse. Slik blir det når ein legg vekk prosjekt, då gløymer ein kva pinnar som blei bruka. Dette er eit overkommelig prosjekt og få ferdigstilt og særlig nå som me får ein gut som kan ha glede av genseren. Så denne genseren skal eg gjere ferdig på nyåret.

3. BladkransvottIMG_9506
Enda eit endelaust prosjekt. Dette hadde eg fyrst tenkt som gåve men nå har eg heilt lagt det frå meg. Eg falt så for mønsteret, men blei ikkje så fornøgd med resultatet derfor har det stoppa opp. Eg har tenkt at eg må tove votten og kanskje den ikkje blir så gale, men akkurat nå har eg lyst til å kaste den i søpla. Framtid er uvisst, eg har ikkje bestemt meg for å ferdigstille eller kvitte meg med prosjektet.

4. Langeland hals frå Tusindfryd
IMG_9509
Denne halsen er eit overkommelig prosjekt. Eg må bare finne oppskrifta og sette meg inn i mønsteret igjen. Det er litt plunder sjølvsagt, ellers hadde det ikkje blitt ein ufo i utgangspunktet. For det er ikkje det enklaste strikketøyet og sitte med på kveldstid for det krev godt ljos og konsentrasjon. Så eg skal ferdigstille det etter kvart og prioritere det når det er meir dagsljos.

5. Enkel cardigan frå Marthe Helgetun
IMG_9512
Denne cardiganen er så flott at den vil eg få til skikkeleg. Eg har ein ana strikkefasthet enn i oppskrifta, så eg må finne ut proposisjonane før eg feller av. Den er mykje større enn det den eigentlig skulle ha vore, men det gjer ingenting så lenge eg har garn. Denne skal og bli prioritert, for den er ikkje så vanskelig å få ferdig.

One more chance to be inspired

Det nærmar seg jol, det er ei fin høgtid som både vekker mykje sorg og glede. Ein minnas dei som ein har mista og kjenner på saknet av dei. Og så gler ein seg over alle dei gode menneska ein har rundt seg, for dei må ein ikkje gløyme. Det blir litt ekstra med kjensler i høgtida, og det er viktig å ta seg tid til å kjenne på.
20171125_103108
20171126_085440.jpg
Eg har starta så smått på jolevask og pyntinga. Eg brukar mange produkt frå C Heyerdahl, og det er mykje på grunn av at det luktar så reint. Eg er så nøgd med desse såpene, og kjøper dei på min lokale gardsbutikk «Siloen».
Det blir enkelt her i år, ljos i glasi og etter kvart nokre nissar, men eg har ikkje nok til å pynte eit heilt hus. Synes det er heilt greitt og ha det litt enkelt. Eg tenkjer at eg har lyst til å lage kransar til å henge ute, men spørs om at det endar med at eg kjøper.
20171126_145451
Eg gjer alt eg kan for å redusere stresset, for denne joli kjenner eg bare at det ikkje går. Bare tanken på alt som skjer i desember gjer at eg gruar meg, eg må bare akseptere at eg kan ikkje vere med på alt. Det er viktig å lytte til seg sjølv og eigne grenser, uansett om ein er gravid eller ei. Det har lett for å bli for mykje og advent skal vere ei hyggelig ventetid. Så eg hentar meg inn der eg kan, kosar meg der eg kan og senkar skuldrane. Eg skal gjere ting som gjev meg energi, slik som her om dagen, då eg og venninna mi lagde Sarah Bernhardt (link for oppskrift). Det er slike ting eg gjerne vil ha tid til, også droppar eg kjøpesenter-stresset og det synes eg er ein fin ting.
20171127_180438

Litt strikke-relatert slik på tampen. Her er buksa som eg strikkar på. Snøløvbukse trur eg den heiter. Eg strikkar den i mini sterk, eit nydelig silkemjukt og tynt garn. Heilt herlig frå fødsel til våren tenkjer eg. Så koselig og strikke så smått, eg nyter det berre. 20171125_154058.jpg
Ein liten sjavfie, nå er eg i 2. trimester og føler at tida går så fort. Eg er så stolt av at det endelig byrjar å synes og det er fint synes eg. Eg kjenner masse spark og full aktivitet der inne så det er veldig koselig.

Garnkjøp i vinterland

I dag har eg vore innom min lokale garn- og interiørbutikk. Den er sesongstengt mellom jol og påske så nå gjeld det og fylle opp i garnlageret sitt. Eg held på med hemmelig jolegåvestrikk så derfor kan eg ikkje vise fram ferdige prosjekt heilt enda. Så då får eg vise fram mitt nye garnkjøp.
23768695_10154847523790836_1440204733_o
Eg kjøpte nokre nøster mini sterk frå Du store alpakka. Dette skal bli to ullbukser med selar og snøløvmønster. Det er nokså kjappstrikka så då tenkte eg ein bukse i nyfødt størrelse og ein som passar til hausten. Grønfargen synes eg var heilt utrulig fin, og håpar den kjem godt fram på bilete. Dei søte skoa bruka min mann då han var liten, og eg synes det er kjempefint og ta vare på slike koselige ting.

23798047_10154847523780836_1092101404_o.jpg

Eg synes det er så koselig og endelig ha ork og motivasjon til å strikke igjen, kjenner at det gjer noko med meg. Nå er strikkemotivasjonen her som aldri før, og eg ser fram til å gjere ferdig nokre prosjekt og starte på nye prosjekt til barnet som kjem. Eg skal oppdatere når eg har kome igang, for desse er det ingenting hemmelig med.

Ny strikkebok

Strikkelysten har ikkje vore til stades på fleire månadar, eg har rett og slett ikkje hatt særlig overskot til det. Eg har kjøpt garn, lagt opp og rekt opp igjen før eg har fått strikka fyrste omgang. Gnisten har nok berre ikkje vore til stades, og eg har sjølvsagt sakna strikkegleda. Men eg merkar at nå, endelig etter så mange månadar så må eg strikke igjen, det kriblar i fingrane og det kjennes så godt. Eg har kjøpt meg ny og fin strikkebok; «Strikk meg» av @knitsandpieces på Instagram.
20171028_124951.jpg
Eg har jo veldig mange strikkebøkar nå men eg blei så positivt overraska over at denne var så grundig og ryddige oppskriftar. Dette er ei bok med høg kvalitet, den er veldig ordentlig og nøye. Den er utrulig stor og tjukk og heilt fantastisk gjennomført og fin. Det er ei slik type strikkebok som ein får lykkekjensle av. Så herlig! Nokre av oppskriftene har eg frå før, men eg er meir glad i og bla i ei bok enn mange lause ark.
Eg har lyst til å strikke det aller meste, det klør i fingrane til å produsere nokre plagg.
20171029_115754
Eg kjøpte og litt garn til den vakre Snøløvgenseren, det måtte bli sterk frå du store alpakka. Dette blir fint altså, oker er ein heilt fantastisk farge samtidig som den er kjønnsnøytral. Det er herlig når ein kjenner seg motivert for eit nytt strikkeprosjekt. Nå skal eg halde koken framover.

Terrakotta

New in! Eg har lenge sikla etter å strikke noko til meg sjølv i garnet Line. I dag reiste eg innom den lokale garnbutikken og kjøpte meg nytt og fint garn. Eg skal strikke Ella-genseren, som er ein enkel genser med raglanfelling og fletter på framsida. Heilt sikker på at den kjem til å bli mykje bruka. Terrakotta er ein farge som eg synes er så utrulig fin, og som eg håpar på at eg kler. IMG_9441.JPG

IMG_9435.JPG
Ha ei fin helg!

Bursdagshelg

På fredag blei eg eitt år eldre, og det kjentes heilt greitt ut. Eg synes det var spennande med tidlig 20-åra, men det er jammen spennande med seint 20-åra og. Ein må ikkje vere redd for å bli eldre, så lenge ein har det bra med seg sjølv så tyngder ikkje alderen så mykje. Min gode bestemor blir 90 år til sumaren, og det synes eg er heilt fantastisk!

IMG_9369.JPG
Det var ein ting eg ønska meg til bursdagen, og det var ein bukett med tulipanar og gåsungar, eit teikn på våren som kjem. Eg elskar tulipanar, på våren får eg ikkje nok av friske tulipanar i alle fargar. Gåsungar minner meg om ein fin barndom, der eg sparte på alle gåsungane eg fant i ein boks… Og når eg opna den boksen igjen, så lukta det så vondt.
IMG_9366Eg må sjølvsagt ha ein strikkeoppdatering. Nå har eg lagt vekk tunge varme genserar til fordel for lette sommarplagg. Den ljoseblå er sommerbluse frå Pickles, som er strikka i eit garn som eg er veldig glad i – summer wool! Perfekt garn til den norske sommaren, tjukt og svalt på sama tid. Den ljosegrå er ein oppskrift frå dale garn sitt hefte «sommerfavoritter», ei hefte som eg har lyst til å strikke mykje i. Dobbel tråd av garnet lerke. Eit nydelig garn. Eg gledar meg til eg kan bruke desse plagga.
IMG_9372.JPG

Vlog favorittar

I går måla eg peisen i det nye huset med kalkmåling, moro og måle på kryss og tvers men litt nervepirrande og. Det er liksom ikkje eit tema eingong og måle peisen igjen, det får berre bli bra på fyrste forsøk. Eg er utrulig spent på korleis den røffe peisen blir inntil eit klassisk kjøken og ei luftig stoge. Når me har kome lengre med huset så skal eg vise det meir fram, men det er ikkje så spennande med isolasjon og verktøy. Eg fram mot ljosare tider og framgangen med huset.
16736139_10154109035370836_436703775_n.jpg
Nå vil eg skrive litt om vlog, om strikke-vlog som er populært for tida. Eg byrja å kikke på vlog i joleferien min og har fått heilt dilla på dette. Tidligare har eg berre bruka youtube for å sjå framgangsmåtar på ulike strikketeknikkar, men nå har det jo kome noko enda meir spennande for dei som er slik som meg, strikke-tullerusk. Strikke-vlog er jo så moro, eg likar desse berre så godt. Då kan ein ta fram strikketøyet, og sjå ei episode når det passar, det er så koselig. Det finnes mange fleire enn dei eg nemner, men det er jo ein start så kan ein leite seg fram i eit hav av fine podkastar. Det er nok mykje bra som eg ikkje veit om enda, har du nokre tips så skriv det i kommentarfeltet.
IMG_9262.JPG

Mine vlog favorittar

strikkk
Strikketerapi
https://www.youtube.com/channel/UCVdgDjwEoP2yJHpNLGENc9Q
Kristin driv bloggen einkopptetakk og den populære instagram-kontoen med sama namn. Ho er kjempesjarmerande og inspirerande og eig eit hav av sjøgrønt garn. Episodane hennar er innhaldsrike og varierte og det beste av alt; ho snakkar norsk i episodane og derfor blir det naturleg og personleg. Kvar gong eg ser ei episode så vil eg berre starte på eit nytt prosjekt og handle eksklusivt og mjukt garn. Dette er min absolutte favoritt podkastar. Ein får lyst på alt ho viser fram, godt at ho har garnstopp i ny og ne. 🙂

Koselig-bilde-av-Thea-og-Mette-rektangulært-e1469976169711.jpg
Topinner.no https://www.youtube.com/channel/UCN8UctAalR4TjAC05Tbdong
Thea og Mette er to kjempeflinke podkasterar som visar fram teknikkar, intervjuar strikkedesignerar og har innhaldsrike videoar. Eg likar desse damene kjempe godt, og er sjølvsagt glad for at dei snakkar norsk. Ein merkar godt kor genuint glad i strikking dei er og engasjementet smittar over. Desse går meir grundig inn i emne som dei har om, og derfor lærer ein mykje i kvar episode. Den siste episoden eg såg så lærte eg ein ny fin måte og felle til raglan og det er ein teknikk som eg kjem til å lære meg.

vl.png
Thelittletailoress https://www.youtube.com/channel/UCU-ncF_kQ52d9JBGBLky0Bg
Her kjem ein vlog som eg nylig kom over som eg likar kjempe godt. Ami er engelsktalande og bur i landlige omgivnadar i UK. Ho har ein romantisk og dus stil som eg likar godt og ho er sprudlande og energisk. Ho deler ei episode inn i emne, fyrste del er om strikking og andre del er om sying noko som gjer det ryddig og oversiktelig. Eg blir så inspirert av dei enkle fine sy-prosjekta hennar, det klør etter å investere i ei symaskin og melde meg på sykurs. Eg har så lyst til å lære meg å sy. Eg likar godt at ho har ein gjennomført stil og legg ut videoar jamleg.
madevik.png
Madevik Podkast https://www.youtube.com/channel/UCIxTCVOVpF3VMQvrYHAXCIw
Karin er svensk, bur i Norge og snakkar engelsk i podkastane sine. Ho har ikkje lagt ut så mange episodar endå, men dei som ligg ute likar eg godt. Det som eg synes er spennande er at ho handfargar garn og ho sel så mykje fint på etsy. Eg trur eg må bestiller nokre hesper fordi ljose glade fargar er det eg har lyst på akkurat nå. Eg likar Karin kjempe godt og synes at ho har gode og inspirerande episodar. Det er spennande og følgje med!

Det var alt eg hadde, eg håpar at eg kan finne enda fleire flinke podkastar som eg kan følgje. Ein blir så inspirert og glad for at folk deler erfaring og kunnskap.