Vlog favorittar

I går måla eg peisen i det nye huset med kalkmåling, moro og måle på kryss og tvers men litt nervepirrande og. Det er liksom ikkje eit tema eingong og måle peisen igjen, det får berre bli bra på fyrste forsøk. Eg er utrulig spent på korleis den røffe peisen blir inntil eit klassisk kjøken og ei luftig stoge. Når me har kome lengre med huset så skal eg vise det meir fram, men det er ikkje så spennande med isolasjon og verktøy. Eg fram mot ljosare tider og framgangen med huset.
16736139_10154109035370836_436703775_n.jpg
Nå vil eg skrive litt om vlog, om strikke-vlog som er populært for tida. Eg byrja å kikke på vlog i joleferien min og har fått heilt dilla på dette. Tidligare har eg berre bruka youtube for å sjå framgangsmåtar på ulike strikketeknikkar, men nå har det jo kome noko enda meir spennande for dei som er slik som meg, strikke-tullerusk. Strikke-vlog er jo så moro, eg likar desse berre så godt. Då kan ein ta fram strikketøyet, og sjå ei episode når det passar, det er så koselig. Det finnes mange fleire enn dei eg nemner, men det er jo ein start så kan ein leite seg fram i eit hav av fine podkastar. Det er nok mykje bra som eg ikkje veit om enda, har du nokre tips så skriv det i kommentarfeltet.
IMG_9262.JPG

Mine vlog favorittar

strikkk
Strikketerapi
https://www.youtube.com/channel/UCVdgDjwEoP2yJHpNLGENc9Q
Kristin driv bloggen einkopptetakk og den populære instagram-kontoen med sama namn. Ho er kjempesjarmerande og inspirerande og eig eit hav av sjøgrønt garn. Episodane hennar er innhaldsrike og varierte og det beste av alt; ho snakkar norsk i episodane og derfor blir det naturleg og personleg. Kvar gong eg ser ei episode så vil eg berre starte på eit nytt prosjekt og handle eksklusivt og mjukt garn. Dette er min absolutte favoritt podkastar. Ein får lyst på alt ho viser fram, godt at ho har garnstopp i ny og ne. 🙂

Koselig-bilde-av-Thea-og-Mette-rektangulært-e1469976169711.jpg
Topinner.no https://www.youtube.com/channel/UCN8UctAalR4TjAC05Tbdong
Thea og Mette er to kjempeflinke podkasterar som visar fram teknikkar, intervjuar strikkedesignerar og har innhaldsrike videoar. Eg likar desse damene kjempe godt, og er sjølvsagt glad for at dei snakkar norsk. Ein merkar godt kor genuint glad i strikking dei er og engasjementet smittar over. Desse går meir grundig inn i emne som dei har om, og derfor lærer ein mykje i kvar episode. Den siste episoden eg såg så lærte eg ein ny fin måte og felle til raglan og det er ein teknikk som eg kjem til å lære meg.

vl.png
Thelittletailoress https://www.youtube.com/channel/UCU-ncF_kQ52d9JBGBLky0Bg
Her kjem ein vlog som eg nylig kom over som eg likar kjempe godt. Ami er engelsktalande og bur i landlige omgivnadar i UK. Ho har ein romantisk og dus stil som eg likar godt og ho er sprudlande og energisk. Ho deler ei episode inn i emne, fyrste del er om strikking og andre del er om sying noko som gjer det ryddig og oversiktelig. Eg blir så inspirert av dei enkle fine sy-prosjekta hennar, det klør etter å investere i ei symaskin og melde meg på sykurs. Eg har så lyst til å lære meg å sy. Eg likar godt at ho har ein gjennomført stil og legg ut videoar jamleg.
madevik.png
Madevik Podkast https://www.youtube.com/channel/UCIxTCVOVpF3VMQvrYHAXCIw
Karin er svensk, bur i Norge og snakkar engelsk i podkastane sine. Ho har ikkje lagt ut så mange episodar endå, men dei som ligg ute likar eg godt. Det som eg synes er spennande er at ho handfargar garn og ho sel så mykje fint på etsy. Eg trur eg må bestiller nokre hesper fordi ljose glade fargar er det eg har lyst på akkurat nå. Eg likar Karin kjempe godt og synes at ho har gode og inspirerande episodar. Det er spennande og følgje med!

Det var alt eg hadde, eg håpar at eg kan finne enda fleire flinke podkastar som eg kan følgje. Ein blir så inspirert og glad for at folk deler erfaring og kunnskap.

Knappar

Knappar vekker nokre barndomsminner sjå meg, nokre små glimt som eg synes er koselig å sjå tilbake på. I den gamle boksen til mamma var det alle slags knappar, treknappar, stoffknappar og i variert mengde. Eg synes alltid at det var så moro når ho tok den fram, det var litt som ei skattekiste. Veldig spennande viss eg fekk lov til å tømme ut på bordet og studere dei ulike og rare knappane. Eg hadde nok synes at det hadde vore like moro i dag som då, men for ein litt ana grunn.

Eg og er nok ein byrjande knappe-samlar, kjøper gjerne med meg litt knappar frå garnbutikken viss eg ser noko som eg har lyst på. Eg lagrar dei i ein te-boks, praktisk og lett å halde oversikt. Her får ikkje Pascal putte labben sin nedi for å sei det slik.

IMG_8751.JPG
Eg som strikkar så mykje brukar ein del knappar, å det blir fort litt dyrt når ein stadig må kjøpe knappar. Dessutan har eg sakna å ha eit lite lager her heime, for då er det fort gjort å finne knappar som passar plagget. Eg bestemte meg derfor å søke rundt på Etsy for å sjå om eg likegodt kunne gjere eit godt knappe-kjøp.
IMG_8759.JPG
Eg var på utkikk etter enkle knappar som ville vera fine til strikkeplagg. Eg synes sjølvsagt at det er treknappar som gjer seg aller best til det føremålet. Eg kjøpte fine treknappar i ulike størrelsar på Heartsupplies, her var det rask levering og fine prisar.
IMG_8763.JPG
Det billigaste er sjølvsagt knappar av plastikk, det kan vere fint på småstrikk og kanskje til ulike hobbyprosjekt. Kjøpte desse knappane frå CartmellCrafts.
IMG_8769.JPG
Nokre andre knappar som eg likar godt er dei frå Snella og Petronella som ein får tak i sjå dei fleste garnbutikkar. Desse er av porselen og har eit bodskap på seg. Desse kostar litt, men eg synes dei gjer seg fint på silkemjukt og eksklusivt garn. Gjerne småstrikk eller innimellom på store plagg.

Håpar dykk fekk nokre tips! Ha ein fin laurdag.

Brodering

I sommar byrja eg med litt brodering, veldig enkelt med berre korssting. Eg synes at det er utrulig morosamt, både enkelt og avansert på sama tid. Frå materiell til ferdig produkt så tek det innmari lang tid, men nå vil eg gjerne vise fram to broderi som eg har gjort ferdig.
DSC_1792

DSC_1797

Bilete av sjiraffen er eit broderi som eg har kjøpt på europris, ferdig kit som gjer det lettvint for ein nybyrjar.

DSC_1796
Dette er mitt favorittbilete, det heng i gangen hos oss. Eg kjøpte mønsteret på Etsy, her. Der finn du mange fine mønster, mykje fint. Nål, tråd og og stoffet kjøpte eg på Panduro. Det som eg synes er morosamt med bilete av Pascal i koppen er at det er akkurat slik han er, både ramp og søtnos.

Enda ein hobby

Eg har lenge hatt lyst til å sy, men har nedprioritert det i ein travel kvardag. Den siste tida har eg måla her i det vesle huset, det har derimot tatt lengre tid enn eg hadde trudd, men nå som eg straks nærmar meg ferdig, så har eg lyst til å gjere noko ana på kveldstid. Eg har fått låne mamma sin gamle symaskin, ei maskin som ho sydde på då ho var på min alder. Akkurat no berre trener eg, festar over- og undertråd, syr på tøystykke og lærer meg det grunnleggande.

_DSC1109

Akkurat nå vil eg berre sjå om det er ein hobby som eg kan trivast med, om eg gjer det, så kan det hende at eg kjøper meg eigen symaskin om nokre år. Men akkurat nå er den maskina eg har fått lånt meir enn god nok til mitt bruk.

_DSC1123
Det fyrste prosjektet som eg skal prøve meg på er ei postlomme som hengas på veggen, bare ein slik sak som ein heng opp på veggen og kan legge postkort i. Eg startar i det enkle, stoffet eg skal bruke heng på korga mi, nydelig stoff.

_DSC1112

Ville bare kikke innom, ha ein fin dag!