DIY: Ny bokhylle

IMG_0110.JPGNå har det vore stille på bloggen ei stund, eg har heldt på med syltetøylaging, saft og den vesle babyen min. Det kan vere travelt nok det og. Nå er babyen vår 4 månadar og me merkar endring frå dag til dag, det er så spennande. Nå merkar me at han vil ting, og kan sei ifrå viss livet ikkje er heilt tilfredstillande. Det er ein god start. Eg legg ved eit bilete av den søte buksa og fine bodyen, synes det er heilt topp at grønt er moderne og eg meiner at det er unisex, for begge kjønn. Men nok om det. IMG_0076
Eg og mannen min har lenge snakka om at me må kjøpe oss ei bokhylle, for i kjellaren har det stått fleire kasser med bøkar og det er så trist. Me har ikkje funnet noko som har passa inn og heller ikkje prioritert det økonomisk heller, så bøkane våre har berre fått støva ned. Men her om dagen fekk mannen min ein ide om å bygge ei heilt enkel, midlertidig bokhylle. Nokre timar med bråk ifrå garasjen, så ville han ha hjelp til å få inn det nye møbelet vårt.
IMG_0122
.. Og slik såg det ut. Eg blei utrulig imponert, solid og rustikk, og enkelt. Eg synes det passa utrulig godt inn i den vesle kroken min. Det er så godt å få omtrent alle bøkane opp i stua. Når eg ser rundt i huset er det meste kjøpt bruka, eller laga sjølv, det gjev ein lun og personleg stil synes eg. Eg er i alle fall kjempe fornøgd, her kan eg strikke eller lese og berre kose meg i rolige stunder. Me bur oss framleis inn, det vil ta lang tid før me er heilt ferdige, men det hjelper seg.
IMG_0127
Det einaste som manglar i kroken min er nokre bilete på veggen og eit lite rundt teppe. Det trur eg kan bli fint. Det kjem i alle fall eit til DIY innlegg snart. Ha ein flott kveld.

Svangerskapsboka mi

IMG_9993.JPG
Under graviditeten tok eg jamleg bilete av meg sjølv for å dokumentere endringa som skjedde i kroppen. Det er jo ein enorm endring både for kroppen og i sinnet, ein gjer seg klar til å bli mor, det største ein opplever i livet. Eg lagra alle bileta inne på ein gravid-app, og derfor ville eg lage min eigen svangerskapsbok slik at eg framleis kunne ha glede over bileta.
IMG_0002.JPG
Sjølv om boka ikkje er spesielt tjukk så tok det veldig lang tid å lage den, finne bilete, laste opp og redigere boka. Eg vil anbefale å ikkje vente for lenge viss ein tenkjer at ein vil lage sin eigen bok. For ein har jo litt bilete her og der, på Instagram, facebook og graviditets-app som regel. Dessutan gløymer ein og, særlig kanskje i ammetåka (?), eg gjer i alle fall det. IMG_0003.JPG
Dette er dei siste bileta eg har av magen. Eg blir heilt blank i augo av å tenkje på at ei veke seinare kom guten vår til verda. Det er så rart å tenkje på, alt har gått så fort. Eg ser tilbake på graviditeten som ein vakker tid, og dei fine stundene er sjølvsagt det ein hugsar i ettertid. Svangerskapsplager blir gløymt, litt etter litt, sjølv om eg jublar inni meg over kor lett det er å ta på seg sko. Ingen sak, når ein ikkje går gravid!
Me fotograferte ikkje under fødselen, men tok nokre få bilete rett etterpå, dei blir meir private for oss, men er fint å ha med i boka. Fødselen var og ein stor opplevelse, eg følte meg trygg og på ein måte rolig inni meg. Jordmor var fantastisk, så flink til å motivere, så snill og ærlig. Det hadde mykje å sei for meg som var fyrstegongsfødande, eg var i trygge hender. Då guten vår blei lagt opp på brystet, følte eg ein bølgje med følelsar som kom over meg. Eg var så lukkelig!
Ingrid og John Gunnar8
Tilbake til boka. Eg kjem nok til å ha mykje glede av den og er glad når eg kan ha bilete fysisk i ein bok. Eg bestilte min på foto knudsen, og det tok ikkje leng tid før den låg i postkassa mi. Eg har ikkje lyst til å ha alt av bilete på data og telefon, eg blir så lei. Vil prioritere å lage album eller fotobok viss eg har tid til slikt framover.

Din mamma

Nå er eg din mamma. Rett over midtnatt 2. mars blei eg mamma til ein velskapt gut. Eg har aldri kjent ei slik lykke som det eg gjorde då eg fekk deg opp på mitt bryst. Det er det finaste eg har opplevd i mitt liv. Eg kan ikkje forklare det, men det er mykje sterkare kjensler enn ein forelsking eller noko ana eg har kjent på tidligare. Å vere din mamma er den viktigaste jobben eg noko gong kjem til å ha. Eg kjenner meg så heldig som gradvis blir meir kjent med deg, er med på å danne ein grunnmur for livet ditt og får vere din mamma. Eg kunne ikkje ønska meg meir, lykkebarometeret er overfylt!

IMG_9835.JPG
Det er ingen av strikkeplagga som passar enda, alt er for stort. Men eg pakkar han inn i byssanlull-teppe som eg har strikka frå Klompelompe, det likar han godt.

Vårbarn

IMG_9787.JPG
I dag snør det igjen, men det synes eg ikkje gjer nokon ting. Eg bare nyter det vakre vinterlandskapet frå vindauget og kosar meg med kryssord og babybøkar. Nå er det cirka ein månad til termin, og sjølvsagt kjenner eg meg fryktelig spent. Det meste av tida går til å bygge reir, eg er nok inne i ei «babyboble» for tida. Nå som me har fått kjøpt bilstol, vogn og det siste me treng av utstyr så blir det meir ekte og det er utrulig fint. Eg nyter siste delen av graviditeten, og tenkjer at sjølv om det skal bli herlig å få kroppen min tilbake så kjem eg til å sakne det og. For å gå gravid er ganske slitsamt, men eg har og opplevd mykje støtte og gode ord frå andre mødre. Og det er ein utrulig fin ting som betyr mykje!
IMG_9780.JPG
Over til litt strikking. Eg har ikkje strikka så mykje dei siste vekene. Det er nok på grunn av at det er andre ting som blir prioritert, likevel har eg noko å vise fram. Eg har ikkje nokon spesielle strikkeplaner framover, men eg går snart ut i permisjon så eg må ha noko å drive med. Eg har veldig lyst å strikke eit sjal. Me får sjå. Her er i alle fall den vakre snøløvbuksa.
IMG_9783
Denne strikka eg på i månedane før jol og har nok sydd på dei søte Snella og Petronella knappane etter jol. Oppskrifta kjem frå boka Strikk meg av Marianne J. Bjerkman som er @knitsandpieces på Instagram. Det eg likar med denne boka er at den er så grundig og god. Denne oppskrifta er så godt forklart og perfekt passform og praktisk. Strikka i du store alpakka mini sterk som er eit godt garn å strikke av. Bare positivt å sei om dette prosjektet.
IMG_9786
Her har eg strikka heilt vanlige babysokkar, veldig koselig prosjekt. Strikka i Dale babyull. Så små og søte!
IMG_9797IMG_9800
Eg har og blitt ferdig med «Langeland halsrør» Strikka i eit mjukt og fint dansk garn som heiter Tusindfryd Engleuld. Eg bruka opp alt garnet då eg strikka matchande panneband. Eg ser fram til trilleturar med ny hals og panneband. Dette var ein ufo, av ein eller annan grunn, ikkje veit eg, dette gjekk jo fort. Det var alt eg hadde for denne gongen, veldig glad for at eg klarer å bli ferdig med ting. Blir jo så inspirert når eg ser kva andre får til, så eg får prøve å vere flink og strukturert eg og.
IMG_9802
Eg må bare vise fram dette på slutten, for det fins så mykje fint å få kjøpt til dei små. Fekk baby milepæl-kort av ei venninne, det synes eg var så koselig. Eg er så heldig. Det virkar som mint snik seg inn som babyfarge blant blått, rosa og kvitt og det synes eg er så bra. Eg elskar dei fleste grøn-variantane, særlig oliven, støvet mint og skogs-grøn.
Ha ein fin kveld!

Mine nyttårsforsett

Eit nytt år og ein ny start. Dette året blir nok endå eit flott år, kanskje ikkje så travelt som 2017 men minst like bra. I fjor hadde eg nokre strikkenyttårsforsett, men i år vil eg ha ei blanding sidan det er ikkje sikkert at det er strikking som blir høgst prioritert i året som kjem. Eg ser i alle fall fram til å sjå kva dette året vil bringe og vil gjerne ha bloggen med meg vidare.

Mine nyttårsforsett for 2018

– Bli strengare med sløsing. Dette handlar sjølvsagt om økonomi, for her kan eg skjerpe meg utan å lide for mykje. Eg ser at eg sløsar ein del, kjøper garn, magasiner, blomar, har høgt matbudsjett (kan kanskje redusere noko?), interiørnips og andre ting som eg strengt talt ikkje treng. Eg har lett for å la følelsane styre lommeboka og eg ser at små summar blir ein god del over tid. Nå må eg tenkje meir over kva me faktisk treng og har bruk for, tenkje over kva som blir «husfyll» og kva som er nyttig. Sparing blir framleis prioritert, men nå vil eg og spare til ting me kjem til å trenge.IMG_9520

– Rydde meg lykkelig. Eg ynskjer å ha gode system med tanke på ein travel kvardag. Eit godt system for klesvask, ein oversikt over garnet mitt og eit system over barneklede og utstyr. Eg vil bruke opp garn, strikke ferdig ting eg har byrja på og bli meir strukturert når det kjem til hobbyen min. Eg ynskjer ikkje at barneting skal overta heile huset, eg må ha gode oppbevaringsmoglegheiter og pakke vekk ting som ikkje blir bruka. Eg skal kvitte meg med ting, gi bort og hive det eg ikkje treng. Bruke opp matvarer regelmessig  både i frysaren og i tørrvarelageret. Planlegge middagar og ete opp restemat. Rydding gjev meg ein lykkekjensle, for då kjenner eg at kvardagen går som ein leik.
IMG_9524

– Ta ting som det kjem. Eg veit ikkje korleis den nye kvardagen blir med baby og rutinar, men eg tenkjer at det er viktig å ta ting som det kjem. Ikkje ha for høge krav til meg sjølv, sove når eg kan og bare nyte den fine tida. Økonomi og system er viktig for meg, men det viktigaste er familien vår akkurat nå, så då kjem alt ana i andre rekke.
IMG_9516
Kva er dine nyttårsforsett for 2018?

One more chance to be inspired

Det nærmar seg jol, det er ei fin høgtid som både vekker mykje sorg og glede. Ein minnas dei som ein har mista og kjenner på saknet av dei. Og så gler ein seg over alle dei gode menneska ein har rundt seg, for dei må ein ikkje gløyme. Det blir litt ekstra med kjensler i høgtida, og det er viktig å ta seg tid til å kjenne på.
20171125_103108
20171126_085440.jpg
Eg har starta så smått på jolevask og pyntinga. Eg brukar mange produkt frå C Heyerdahl, og det er mykje på grunn av at det luktar så reint. Eg er så nøgd med desse såpene, og kjøper dei på min lokale gardsbutikk «Siloen».
Det blir enkelt her i år, ljos i glasi og etter kvart nokre nissar, men eg har ikkje nok til å pynte eit heilt hus. Synes det er heilt greitt og ha det litt enkelt. Eg tenkjer at eg har lyst til å lage kransar til å henge ute, men spørs om at det endar med at eg kjøper.
20171126_145451
Eg gjer alt eg kan for å redusere stresset, for denne joli kjenner eg bare at det ikkje går. Bare tanken på alt som skjer i desember gjer at eg gruar meg, eg må bare akseptere at eg kan ikkje vere med på alt. Det er viktig å lytte til seg sjølv og eigne grenser, uansett om ein er gravid eller ei. Det har lett for å bli for mykje og advent skal vere ei hyggelig ventetid. Så eg hentar meg inn der eg kan, kosar meg der eg kan og senkar skuldrane. Eg skal gjere ting som gjev meg energi, slik som her om dagen, då eg og venninna mi lagde Sarah Bernhardt (link for oppskrift). Det er slike ting eg gjerne vil ha tid til, også droppar eg kjøpesenter-stresset og det synes eg er ein fin ting.
20171127_180438

Litt strikke-relatert slik på tampen. Her er buksa som eg strikkar på. Snøløvbukse trur eg den heiter. Eg strikkar den i mini sterk, eit nydelig silkemjukt og tynt garn. Heilt herlig frå fødsel til våren tenkjer eg. Så koselig og strikke så smått, eg nyter det berre. 20171125_154058.jpg
Ein liten sjavfie, nå er eg i 2. trimester og føler at tida går så fort. Eg er så stolt av at det endelig byrjar å synes og det er fint synes eg. Eg kjenner masse spark og full aktivitet der inne så det er veldig koselig.

Bryllaupet og tida etter

Ingrid og John Gunnar49.JPG
Hei. Nå kan ein for lengst sei at kveitebrødsdagane er forbi og kvardagen har innhenta oss. Eg skal innrømme at det var deilig og byrje på jobb igjen etter bryllaupet, leve i huset vårt – og berre vera oss to saman med dei firbeinte. Det er virkelig koselig med bryllaup og førebuingar, men eg er nok aller mest glad i kvardagen som ektepar. Der det blir diskutert kven sin tur det er til å vaske golvet eller der eg sender sms om han kan kjøpe med brød og mjølk. Slik er det nok for dei fleste, romantikken er der framleis men i kvardagen må ein samarbeide og finne løysningar som passar for begge.

Me rakk ikkje å lande heilt etter bryllaupet, for dagar etter fant me ut at me venta vårt fyrste barn. Den hyggeligaste nyheiten me kunne få, men og eit lite sjokk. Til våren kjem det ein gut på garden og me ser fram til å bli kjent med han. Me skal kose oss i denne fine ventetida, lese litt babybøkar, gjere klart eit babyrom og sjølvsagt strikke babyklede.
Eg veit ikkje heilt kor mykje varme plagg eg treng til ein vårbaby, men må prøve og planegge fram mot neste haust og tenkte eg. Det vil nok bli mange strikkeoppdateringar framover, og kanskje litt ana.

Ingrid og John Gunnar8.JPG
Ha ei fin helg!

Roterommet

Heilt sidan me flytta inn i huset så har me hatt eit «roterom». Der alt som ikkje har hatt ein fast plass har blitt lagt. Her lagrar me bøkar, hobbysaker og alt mogleg ana rot. Eg har irritert meg over dette rommet i lang tid nå, og eg føler at dette rommet påverkar resten av huset. Etter nokre episodar med «norske rotehjem» fant eg ut at eg måtte ta tak i dette rommet, for eg orkar ikkje å ha det slik.22768335_10154783270165836_1573167735_o.jpg
22752063_10154783269940836_337719315_n.jpg
Slik såg det ut då eg starta med å tømme rommet. Eg må legge til at dette er midlertidig oppbevaring, for mesteparten av dette skal opp på loftet (bortsett frå garnet og hobbytinga mine). Men foreløpig er loftet fullt av barneklede frå 80-talet så der skal svigermor vere med på dugnad, men det tek me til våren eller sommaren. Ein ting om gongen, nå skal bruksarealet fyrst koma i orden. Eg har framleis ting som eg ikkje veit kva eg skal gjere med. Gamle bilete frå ungdomsskulen til dømes, det er jo morosamt og ha, men korleis organisere det best mogleg? Det får eg tenke litt på.
22711152_10154783269945836_1478481697_n
Slik skulle eg gjerne hatt det, men tinga må sorteras og ryddas i fyrst.
22751940_10154783270100836_2003717146_n
Slik blei resultatet etter fleire timars arbeid, så godt og få sett gjennom alt og sortert John Gunnar sine ting og mine ting frå kvarandre. Nå har eg askar som eg skal ta med til bruktbutikken, posar med sommarklede og klede som eg skal legge i Fretex container.
Det er ikkje sikkert at ryddeguruen Marie Kondo hadde blitt imponert, for ho er nok litt streng. Men eg er sikker på at Synnøve Skarbø hadde blitt litt imponert over prosessmålet. For nå er eg eit steg nærare oversikt og orden, sjølv om det framleis er ein lang veg og gå. Neste rom som eg må ta for meg er kontoret mitt, men der må eg ha ein skikkelig plan før eg startar. For der blir det forandring!

Eg gledar meg så

20170701_1550261.jpgOm 15 dagar stend eg der, med lort under neglene og ein heilt vedunderleg kjole. Perfekt kan det ikkje bli, men det er heller ikkje meininga. Me har framleis litt og gjere før dagen er her, men det byrjar verkelig og kjennes at me snart er i mål. Sjølv om eg er sliten og min framtidige mann og er det, så kjenner eg meg så lykkelig. Me har nettopp flytta inn på garden og eg skal gifte meg med den snillaste mannen eg kjenner. Eg føler meg så heldig. Tida nå går til rydding på låven, koma på plass i huset og dei seiste detaljane før alt er på plass. Eg kosar meg med førebuingane, og eg gledar meg verkelig til eg sit i den frisørstolen igjen, og korleis eg då vil føle meg. *Det kriblar i magen.
IMG_20170630_134857_843[1]
IMG_20170701_163023_944[1].jpgSnapchat-671654537[1].jpg

Vårreingjering

IMG_9398.pngMars er den fyrste vårmånaden og då synes eg at det er greitt og i alle fall starte på vårreingjeringa. Det kan godt hende at eg er ekstra ivrig i år, sidan eg ventar spent på å snart få flytte inn i vårt nye hus. Eg tenkjer og at viss eg startar nå så blir det lettare når me skal flytte og vaske oss ut frå det vesle huset. Det er nokon ting eg kan gjere nå, mens det er andre ting som eg får ta utover våren. Det er lurt å lage seg ei god liste, som du hukar av etter kvart som du har gjort det.

Forslag om kva som burde inngå i vårreingjeringa:

□ Vaske glasrutene. Fjern spindelvev og lort utvendig og vask glasrutene grundig. Eg brukar ei sprayflaske med eddik til å vaske speglar og ruter, det blir så fint!

□ Vask gardinene og tørk støv av gardinstengene.

□ Reingjer frysaren. Ein frykteleg jobb, i alle fall når ein ser så mykje som er fryseskada og kva som faktisk ligg på botn. Men etterpå føler ein seg heilt fantastisk, for det gjer kvardagen lettare når ein veit kva ein har.

□ Gå igjennom vintergarderoben din og sjekk kva som du ikkje har bruka heile denne sesongen. Gje vekk eller kast klede som ikkje har vore i bruk.

□ Vask og organiser bokhylla. Bokhylla vår er overfylt og det skal derfor ikkje så mykje til før det blir uorganisert.

□ Vask kjøkkenet grundig. Sjekk datoar på tørrvarer, vask i skuffar og skåp. Reins filteret på oppvaskmaskina og vask steikeomnen grundig.

□ Tøm vedomnen for aske. Eg kastar asken i søpla, men eg veit at mange strør asken på snoen for at den skal smelte fortare. Utrulig greitt og gjera etter ein kald vinter.

Etter kvart som ein har gjort eit punkt så hukar ein av, då ser ein framgang og blir motivert av kor koselig det blir når ein tek ein sjau i heimen.

IMG_9399.JPGLukke til!