Jolestemning

img_8938
Sjølv om eg nyt stille minuttar på morgonkvisten, så kan eg ikkje påstå at eg har alt på stell nå før jol. Eg har ikkje vaska noko meir enn det eg gjer til vanleg, ikkje tatt fram det eg har av jolepynt og har ikkje rukke å baka noko til jol. Eg har ikkje så høge krav til meg sjølv, for når lysta ikkje er så stor så er det greitt å gjere det enkelt. Det blir nok jol uansett tenkjer eg, sjølv om eg ligg litt etter.

Det er ikkje fulle kjøpesentre, såpelukt eller blinkande jolepynt som gjev meg jolestemning uansett, det er kosen og vere i lag med dei ein er glad i. Så nå har eg sendt ut jolekort til folk eg ikkje treffer så ofte. Eg håpar korta kjem fram i posten og gledar mottakarane. Ha ei framleis fin førjolstid!

 

Vintertid

Hei 2016!
Eg er glad for at joli er over, det er heilt greitt og hive ut pynten og treet før kvardagen byrjar. Nå er me inne i ei fin vintertid med strikkekveldar, utedagar og ei tid for å bli inspirert. Inspirert av interiør, baking, mat og naturlandskap. Hjå oss har det skjedd endringar i romjoli, – me har fått oss bikkje! Me er glade, stolte over å ha fått Simba i hus. Ein golden retriever som gjev oss mykje glede, nokre våte skvettar på golvet og mykje jobb. Det er utrulig moro å sjå korleis katten Pascal og Simba har gradvis lært kvarandre å kjenne. Me har det fint i lag, me bur i eit lite hus og det fungerer overraskande fint. Det har sin sjarm, sjølv om eg tenkjer det ville vore fint å hatt meir plass til ting og tang.
DSC_1920
Til jol strikka eg nokre jolegåver, her er klutane som eg laga. Hadde dei oppi korger med mykje ana godt og pakka korga i cellofan og ei fin sløyfe. Eg synes det er morosamt å gje slike gåver. Eg strikka og ein genser til veslesyster, men den har eg ikkje bilete av enda.

Her er Simba og Pascal, eg er så glade i dei at det finst ikkje ord. På dagtid er dei inne i lag, det går veldig fint. Dei er veldig opptekne av kvarandre og held kvarandre med selskap.

Ha ei fin vintertid!

Lag rustikk jolekrans

DSC_1951 (2)Eg teller ned til jol ved å sjå på Amalies jul i desember, skikkelig nostalgi! Nisseungen finner på nissestrekar, mens Amalie og blomster-Johan kjem nærare kvarandre kvar dag. Dette er gode minner frå barndommen, kvar dag klokka seks var dette fast tid framfor fjernsynet. Eg forstend at dette ikkje fenger ungar i dag, men eg trur eg kjem til å halde på tradisjonen likevel.

Eg har prøva meg på jolekrans i dag, ein rustikk og enkel krans. Dette er mitt fyrste forsøk, men ikkje den siste for dette var moro å lage.
Du treng: Aviser, teip, tynn ståltråd, ulike materialar som mose, kvistar, blomar. Dekor.

DSC_1931
Eg krulla to vesleblad og teipa dei saman, sjå bilete over. Dette er «innmaten» i kransen. Kutt opp kvistar frå grantre i passande størrelsar. Dander kvistane slik at det dekker avisa og surr rundt ståltråden, enten om du let noko henge laust eller om du festar det godt med ståltråd. Spørs litt på kva for uttrykk du ynskjer. Eg bruka ein vissen bukett til å dekorere med roser. Fest det innimellom med ståltråd undervegs. Eg hadde slik gull-dekor som eg har kjøpt på søstrene grene, stikk desse innimellom.

DSC_1937

DSC_1946
Eg ventar spent på om det blir kaldare ute snart, kvit jol stend høgt på ynskjelista! 🙂 Ha ein fin sundagskveld!

Honningkaker

Hei.
I dag har eg baka honningkaker, dei blei innmari gode synes eg. Oppskrifta fant eg i månadens Lev Landig. Dei er gode å eta for seg sjølv, men eg kan førestelle meg at dei er knallgode med ein mild ost på. Dei har ein herlig kombinasjon av ingefær, sitron og søtt, liknar på pepperkaker berre at dei er mjuke og ljose i førehald. Eg synes det er spennande å prøve noko nytt, smake på nye kombinasjonar og utvide repertoaret litt.

DSC_1903 (2)

Oppskrift på honningkaker

150 g honning (Gjerne kortreist)
100 g brunt sukker
125 g smør
2 egg
1 økologisk sitron
500 g kveitemjøl
1 ts hornsalt
1 ts ingefær
1 ts kanel

Ha honning, sukker og smør i ein kjele på middels temperatur, rør til sukkeret har smelta. Avkjøl noko. Pisk egg, riv sitronskallet, tilsett dette.
Bland det tørre i deigen. La deigen stå kjølig i minst 30 minuttar. Set omnen på 200 grader, kjevle deigen og stikk ut former. Steik i 6-8 minuttar. Til du ser at kakene har blitt større og fått litt farge. Avkjøl på rist.

DSC_1889 (2)DSC_1897 (2)DSC_1898 (2)DSC_1911 (2)DSC_1912 (2)
Ha ein framleis fin sondag!

DIY: Adventsstake

Heisann.
Endelig fekk eg gjort ferdig adventsstaken min. Eg mangla berre mose for å få gjort den ferdig og på grunn av sno her eg bur så måtte eg få tak i mose ein plass det er bart. Eg synes det er koselig med joletradisjonar, og det er ikkje så nøye om ein ligg litt bak, det kjem på plass tidsnok likevel. I dag henta me joletre til å ha ute, innmari koselig å kunne gå rett ut for å finne seg eit joletre.

Det er mange fine adventsstakar å velje på, men viss du vil ha ein som ikkje alle andre har så kan ein enkelt lage sin eigen. Her kjem framgangsmåten.
DSC_1845 (2)
Du treng: Fuktig mose, fire små glas, tråd, hjarte som er laga av leire, fire ljos og saks.

Stapp glasa godt med mose, stikk ljoset ned i midten. Tre tråden gjennom hjarta og heng dei på ljosi.

DSC_1861 (2)

Eg er veldig fornøgd med resultatet, koselig å lage dekorasjon sjølv.
Ha ein fin sondag!

DIY: Lag din eigen jolepynt

Heisann.
Nå har eg laga noko nytt i heimen som eg vil vise fram og forhåpentlegvis inspirere til å lage ting sjølv. Joleverkstad er den aller finaste joletradisjonen, høyre på jolemusikk i bakgrunnen og samle familien rundt eit bord for å lage jolegåver eller pynt til heimen. Eg har ikkje alltid gjort det i vaksen alder, men då eg var liten hadde me ofte joleverkstad og eg synes det var utrulig koselig å samlast på denne måten.

DSC_1836 (2)
Nå har eg laga dekorasjon på trollhassel-kvisten min som eg tenkte passa til vinteren. Eg er glad i og ha det mest mogleg enkelt og det synes eg at eg fekk til.
DSC_1813
Eg laga hjarte og nokre andre figurar av leire frå panduro. Stakk ut med pepperkakeformer og let det turke i nokre dagar. Eg bruka mohair silk til snor, greitt å bruke opp litt restegarn. Ein kan og måle figurane, eller strø på glitter.

Girlander er dekorativt og spennande, inspirasjonen har eg funnet på pinterest. Du treng ullkuler, spiss nål og tråd.
DSC_1826 (2)
DSC_1830 (2)
Eg trer kulene innpå tråden, lagar ein knute slik at kulene sit fast og henger girlanderen på kvisten min. Enkelt og dekorativt.

Eg vil ynskje alle ei god veke.

 

Nokre jolegåver

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å strikke jolegåver i år, for eg trudde at det bare ville bli stress. Men når eg kom over den fine Islandsgenseren i Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen så klarte eg bare ikkje å halde meg. Eg måtte strikke den, så eg la inn ein bestilling til Sandnes garn på deilig alpakkaull.
IMG_8609
Inspirasjon til fargevalet fant eg når eg søkte på #islandsgenser på instagram.
Mønsterstrikk er ikkje det som eg gjer mest av, men å strikke denne genseren har gitt meg god trening i nettopp det, avstanden frå fargebytte er ikkje så langt og det er eit stort pluss for meg.
10921735_10152498087750836_386882176_n
Etter Islandsgenseren sat eg igjen med så mykje restegarn at eg bestemte meg for å strikke ei jakke til yngstemann og. Det gjekk akkurat, og eg blei ferdig med denne på jolaften, ferdig montert og vaska. Eg tenkte at det ville gå fort med denne, men eg bruka mykje lengere tid enn eg trudde.
IMG_8606
Den siste tanteguten min fekk heimestrikka hals i gåve. Denne halsen er strikka i babyull og er eit plagg guten kan bruke lenge, veldig praktiske og fine synes eg. Det blei litt ulik vanskelighetsgrad på gåvene, men får sjå korleis eg løyser dette til neste jol. Det er jo litt slik med strikking at ein følger dei impulsane som ein får, ein må og bli inspirert og motivert for kvart einaste prosjekt.
10913140_10152498097935836_1858819094_n
Til nokon av dei eldre så strikka eg hjarte som eg hang på vinflasker,
litt moro synes eg. Fine til å bruke som joletrepynt etterpå.

Nå er eg i gang med litt egostrikk og småstrikk, viser det fram seinare.
Ha ei fin veke.

DIY: Personlige pakkelappar

IMG_4852-0

Det er ikkje så enkelt å skrive nokre ord når kosesjuke Løve rullar seg over 
tastaturet. Ein heilt spesiell katt. 

Når eg er ferdig med jolegåvene brukar eg tid på innpakking og lagar egne
pakkelappar. Då har eg tid til litt joleverkstad, det er eit fint barndomsminne
som mamma gjorde med oss dei dagane me var heime frå barnehagen.
Det er jo det joli handlar om, å gjera koselige ting saman.

Her er eit tips om korleis du kan lage personlige pakkelappar:

IMG_4867

Du treng:
Penslar, kan og bruke q-tips eller liknande
Hobbymåling
Pakkelappar
Paper Punch, til å lage sjablong med
Saks

IMG_4868

Finn eit blad med litt tjukt papir og lag sjablongar, eg trykker ut ny
for kvar gong, for det kan bli litt søl om eg målar på dei i fleire omgangar.

IMG_4870

Legg sjablongen der du vil ha figuren, mål over med pensel, varier gjerne
mellom å legge tjukt lag med måling og tynt for ulike uttrykk.

IMG_4873

Ta sjablongen rett av og la det turke.

image

Nokon av pakkelappane krulla seg litt, men da la eg dei berre under trykk.

image

Eg laga små prikkar med penselen.

image

Slik blei resultatet. Håpar at mottakarane blir fornøgd!
Ha ei fortsatt fin jolehøgtid.

Siste innspurt

Hei!
Nå er det siste innspurt før jolaften, og eg har framleis
nokre ærender igjen før eg kan sei meg heilt ferdig.
Eg får alltid følelsen av at eg ikkje har kjøpt «nok», så eg
vil bare legge til litt meir  for å vera sikker på at eg har kjøpt
minst like fin gåve som eg får. Eg hatar og åpne ei gåve
på jolaften som er mykje dyrare og finare enn avtalt.

Dessutan vil eg bare legge til at det er tanken som teller, eg blir alltid
glad når eg får eit fint kort for eksempel. Eg har jo alt som eg treng,
så ting er det faktisk ikkje så farlig med lengere. Eg veit at eg høyres
gamal ut, men det finaste med heile jola er stemningen og minnene.
Det som eg har sett mest fram til i år, er faktisk og samle
venninene mine, for det er så sjeldent me ser kvarandre.

gåve

Eg har eit lite innpakkingstips: 
Når eg pakkar inn gåver så blir det ofte mykje restar, når ein klypper av
på sidene. I dag sparte eg på restane som er tjukke remsar.
Eg snurra det rundt ei lita gåve, litt hjerte-dekor og ein tråd.
Resultatet blei ein rustikk innpakkning som eg synes var ein smart måte
og bruke opp alt papiret på.

lla 028

sb 015

pus 018