Svangerskapsboka mi

IMG_9993.JPG
Under graviditeten tok eg jamleg bilete av meg sjølv for å dokumentere endringa som skjedde i kroppen. Det er jo ein enorm endring både for kroppen og i sinnet, ein gjer seg klar til å bli mor, det største ein opplever i livet. Eg lagra alle bileta inne på ein gravid-app, og derfor ville eg lage min eigen svangerskapsbok slik at eg framleis kunne ha glede over bileta.
IMG_0002.JPG
Sjølv om boka ikkje er spesielt tjukk så tok det veldig lang tid å lage den, finne bilete, laste opp og redigere boka. Eg vil anbefale å ikkje vente for lenge viss ein tenkjer at ein vil lage sin eigen bok. For ein har jo litt bilete her og der, på Instagram, facebook og graviditets-app som regel. Dessutan gløymer ein og, særlig kanskje i ammetåka (?), eg gjer i alle fall det. IMG_0003.JPG
Dette er dei siste bileta eg har av magen. Eg blir heilt blank i augo av å tenkje på at ei veke seinare kom guten vår til verda. Det er så rart å tenkje på, alt har gått så fort. Eg ser tilbake på graviditeten som ein vakker tid, og dei fine stundene er sjølvsagt det ein hugsar i ettertid. Svangerskapsplager blir gløymt, litt etter litt, sjølv om eg jublar inni meg over kor lett det er å ta på seg sko. Ingen sak, når ein ikkje går gravid!
Me fotograferte ikkje under fødselen, men tok nokre få bilete rett etterpå, dei blir meir private for oss, men er fint å ha med i boka. Fødselen var og ein stor opplevelse, eg følte meg trygg og på ein måte rolig inni meg. Jordmor var fantastisk, så flink til å motivere, så snill og ærlig. Det hadde mykje å sei for meg som var fyrstegongsfødande, eg var i trygge hender. Då guten vår blei lagt opp på brystet, følte eg ein bølgje med følelsar som kom over meg. Eg var så lukkelig!
Ingrid og John Gunnar8
Tilbake til boka. Eg kjem nok til å ha mykje glede av den og er glad når eg kan ha bilete fysisk i ein bok. Eg bestilte min på foto knudsen, og det tok ikkje leng tid før den låg i postkassa mi. Eg har ikkje lyst til å ha alt av bilete på data og telefon, eg blir så lei. Vil prioritere å lage album eller fotobok viss eg har tid til slikt framover.

Bryllaupet og tida etter

Ingrid og John Gunnar49.JPG
Hei. Nå kan ein for lengst sei at kveitebrødsdagane er forbi og kvardagen har innhenta oss. Eg skal innrømme at det var deilig og byrje på jobb igjen etter bryllaupet, leve i huset vårt – og berre vera oss to saman med dei firbeinte. Det er virkelig koselig med bryllaup og førebuingar, men eg er nok aller mest glad i kvardagen som ektepar. Der det blir diskutert kven sin tur det er til å vaske golvet eller der eg sender sms om han kan kjøpe med brød og mjølk. Slik er det nok for dei fleste, romantikken er der framleis men i kvardagen må ein samarbeide og finne løysningar som passar for begge.

Me rakk ikkje å lande heilt etter bryllaupet, for dagar etter fant me ut at me venta vårt fyrste barn. Den hyggeligaste nyheiten me kunne få, men og eit lite sjokk. Til våren kjem det ein gut på garden og me ser fram til å bli kjent med han. Me skal kose oss i denne fine ventetida, lese litt babybøkar, gjere klart eit babyrom og sjølvsagt strikke babyklede.
Eg veit ikkje heilt kor mykje varme plagg eg treng til ein vårbaby, men må prøve og planegge fram mot neste haust og tenkte eg. Det vil nok bli mange strikkeoppdateringar framover, og kanskje litt ana.

Ingrid og John Gunnar8.JPG
Ha ei fin helg!

Kjærleik

Eg er så lukkelig, på laurdagen gifta eg meg med verdas flottaste og snillaste mann. Me flytta inn på garden tre veker før bryllaupet skulle stå. Det har vore hektisk og stressande, for utan familie og venner hadde me aldri hatt sjans. Me har så mange fine folk rundt oss og eg blir heilt rørt over kor mykje dei har stilt opp. Bryllaupet har vore ein stor jobb, og me har levd i ei «jobbe-boble». Der me har stått opp tidlig, jobba med hus og låven og avslutta ved leggetid. Me har ikkje hatt tid til fjellturar, sosiale arrangement og kjærast-tid, alt har gått til planlegging og jobbing. Nå som alt er over så kjenner eg meg litt tom, eg har grått mykje dagane etter bryllaupet. Det vekker så mange kjensler, som eg ikkje har hatt tid til å kjenne på før nå. Det er mest gledestårer, eg les gjennom kort og helsingar og blir så rørt. Eg gret ein skvett og tenkjer kor heldige me er, me har lært mykje om oss sjølve og kvarandre i denne prosessen. Eg har fått kjenne på kor sterk denne kjærleiken er, og kor fint det er å ha ein bestevenn og kjærast. Eg er sikker på at eg er verdas lukkeligaste og det er vel derfor kjenslene går løpsk. Det er så overveldane og eg sit att med så mange intrykk. Dette blei eit personleg innlegg, men akkurat nå trong eg og sette ord på kva eg kjenner. Nå framover når ryddinga er over, så skal eg sysselsette meg med hobbyar igjen, og det skal bli heilt fantastisk !!
20170715_152821.jpg

Eg gledar meg så

20170701_1550261.jpgOm 15 dagar stend eg der, med lort under neglene og ein heilt vedunderleg kjole. Perfekt kan det ikkje bli, men det er heller ikkje meininga. Me har framleis litt og gjere før dagen er her, men det byrjar verkelig og kjennes at me snart er i mål. Sjølv om eg er sliten og min framtidige mann og er det, så kjenner eg meg så lykkelig. Me har nettopp flytta inn på garden og eg skal gifte meg med den snillaste mannen eg kjenner. Eg føler meg så heldig. Tida nå går til rydding på låven, koma på plass i huset og dei seiste detaljane før alt er på plass. Eg kosar meg med førebuingane, og eg gledar meg verkelig til eg sit i den frisørstolen igjen, og korleis eg då vil føle meg. *Det kriblar i magen.
IMG_20170630_134857_843[1]
IMG_20170701_163023_944[1].jpgSnapchat-671654537[1].jpg

Bryllaup: Invitasjonane

Heisann.
Lenge sidan sist. Her går dagane i oppussing og bryllaupsførebuing så tid er noko me ikkje har for mykje av. Dette er den seiste tida vår i det vesle huset, me flyttar i nær framtid(!!) og om ein kort månad så giftar me oss på låven. Eg skal ikkje legge skjul på at det er slitsamt, men på sama tid så er det spenning i kvardagen. Eg trur dette er i periode i livet me kjem til å sjå tilbake på om nokre år og vere glade for at me ikkje treng og gjenta det. Me satsar på at både ekteskapet og huset er ein langvarig investering.

Førebuingane til bryllaupet har vore overveldande, men når eg har verdas flinkaste, mest støttande og oppmuntrande trulovar så må eg sei at det har gått overraskande bra. Trulovaren min Line, har hjelpe til med det meste av førebuingane og ein av dei fyrste tinga me gjorde saman var og lage invitasjonane. Her er det Line som skal ha all æra, eg sat berre og sa ja eller nei, det var ho som designa heile oppsettet. Invitasjonane er for lengst sendt ut og svara på, og utan at eg hadde planlagt det så hadde eg att eitt som eg skal spare på. Tips: Spar på ein invitasjon, bordkort og eit takkekort som minne. Det trur eg er noko som ein kjem til å sette stor pris på i ettertid.

_DSC9588.JPG

_DSC9590.JPG
_DSC9586Slik blei det sjåande ut, eg er så fornøgd med korleis det blei til slutt. Då eg var i botanisk have i fjor sommar fekk eg så dilla på grøne planter og hageliv. Derfor har eg vidareført noko av dette til bryllaupet og eg synes at det passar godt til oss. Me valte også og lage personelge frimerke og det blei prikken over i’en. Eg håpar invitasjonane gjev eit lite innblikk i korleis me er som par, litt humor og lite glam. Me snakkas!