Dåpsdagen

DSC_9787Det blei ein utrulig fin feiring på sundag. Ei fin gudsteneste, eit koselig selskap og eit dåpsbarn som tok livet med ro. Det var utrulig koselig å vere i kyrkja igjen, etter bryllaupet vårt for eit knapt år sidan. Eg kjente att nervøsiteten og lykkekjensla, eg var nok like spent som det eg var då. Nokre månadar etter bryllaupet vart me foreldre, eg kjenner meg så heldig og takknemlig. Eg forstend at folk ein møter på sin veg, skildrar småbarnslivet som den lykkeligaste tida i livet, mogleg at det er delte meiningar om dette men me har det verkeleg koselig.

Eg vil dele nokre bilete frå dåpsdagen, og kanskje inspirere andre som skal arrangere dåp. For eg tenkjer at når ein arrangerer selskap, uansett om det er bryllaup eller noko ana så er det fint å skape atmosfære og at ein dekor og ana seier litt om korleis dei som arrangerer er. At det blir eit personlig preg, me likar at det er enkelt og koselig, og sjølvsagt vårlig og friskt!

DSC_9764 (2)
DSC_9763 (2)
Her er eit forslag til enkel borddekking. Markblomar, enkle bordkort som eg har dekorert på sjølv og fine serviettar. Bordkorta er kjøpt på Nille, også utstyr finn ein på hobbybutikkar, då kan ein sette sitt preg på dei. Løparen, som du nesten ikkje ser har eg kjøpt på wish, kanskje ikkje eit knallkjøp men. I alle selskap eg er i, så sparar eg på bordkortet mitt for minne og inspirasjon. Eg samlar på slike ting i ein ask også kikkar eg på det når eg søker inspirasjon og vil mimre.
DSC_9841 (2)Eg synes det er veldig moro med kaker. Å det er veldig greitt og takke ja når folk spør om dei skal bake. Sjølv laga eg dåpskaka, heilt enkelt med ekte vaniljekrem og bringebær. Enkelt og greitt, men neste gong tenkjer eg at eg vil utvide repertoaret mitt, spennande det og, sjølv om eg tenkjer at folk flest likar vanlig marsipankake. Vimpelen med namn er kjøpt på Etsy.
DSC_9844 (2)Uten vaa
Til slutt vil eg dele eit bilete av Magnar i den flotte dåpskjolen. Me hadde ein liten shoot i hagen ein dag og då blei dette eit av bilete. Han ligg oppå eit strikka babyteppe, heilt nydelig med ubehandla færøysk ull. Aldri klamt og varmt, berre lunt og godt for ein liten baby. Håpar nokon blei inspirerte til eigen dåp.

New York -ostekake

Hei.
Nå vil eg dele ein kjempegod ostekake-oppskrift, lett og fyldig på same tid. Den smeltar på tunga og er avhengigskapande, guilty pleasure med andre ord. Eg var på ein cafè for nokre år sidan og der såg eg at dei hadde stekt ostekake, den var heilt nydelig og smaken sette seg i minnet. Det er ikkje så vanlig med stekt ostekake her i landet, eg har ikkje kome over det seinare nokon stad. Denne oppskriften er henta frå bakeboka the hummingsbird bakery, og er ein av mine favoritt bakebøkar.
IMG_0031
Du treng:
900 gram kremost
190 gram sukker
1 ts vanilje
4 egg

Botn:
140 gram kveitemjøl
1/4 ts bakepulver
50 gram sukker
50 gram smør
1 eggeplomme

Springform 23 cm med bakepapir i botn.

Forvarm omnen til 150 grader.
IMG_0015
Bruk ein kjøkenmaskin, tilsett alt utenom eggeplomma og kjør til ein sandaktig konsistens. Ha i eggeplomma og kjør til den er blanda inn ( Eg tok heile egget, åh.. ammetåka). IMG_0020
Fordel blandinga i kakeforma og press den jamt og tett saman. Steik i 20 – 25 minuttar og avkjøl.
IMG_0021
Tilsett kremost, sukker og vanilje(-sukker, ekstrakt, essens .. ) i ein bakebolle og kjør på låg hastighet til det er blanda saman. Tilsett eit egg om gongen, ikkje bland saman for lenge berre til blandinga er glatt og kremete.
IMG_0024
Pakk aluminiumsfolie rundt forma, ha den i ein djup langpanne og fyll med vatn så 2/3 av forma er dekka. Steik på sama temperatur 30 – 40 minuttar til kaka eg gylden og framleis skjelven i midten. La ostekaka avkjølas i forma og la den stå i kjøleskåp natta over. (Eg gjorde ikkje dette heller, eg bare stekte den på 150 grader i 35 minuttar, det gjekk fint for meg)IMG_0025IMG_0029Eg tenkjer at denne passar perfekt til 17. mai, litt bringebær og blåbær inntil – deilig!
Denne kjem eg til å bake fleire gonger, hadde vore spennande og eksperimentert litt med rømme og kanskje ein drope sitron.

One more chance to be inspired

Det nærmar seg jol, det er ei fin høgtid som både vekker mykje sorg og glede. Ein minnas dei som ein har mista og kjenner på saknet av dei. Og så gler ein seg over alle dei gode menneska ein har rundt seg, for dei må ein ikkje gløyme. Det blir litt ekstra med kjensler i høgtida, og det er viktig å ta seg tid til å kjenne på.
20171125_103108
20171126_085440.jpg
Eg har starta så smått på jolevask og pyntinga. Eg brukar mange produkt frå C Heyerdahl, og det er mykje på grunn av at det luktar så reint. Eg er så nøgd med desse såpene, og kjøper dei på min lokale gardsbutikk «Siloen».
Det blir enkelt her i år, ljos i glasi og etter kvart nokre nissar, men eg har ikkje nok til å pynte eit heilt hus. Synes det er heilt greitt og ha det litt enkelt. Eg tenkjer at eg har lyst til å lage kransar til å henge ute, men spørs om at det endar med at eg kjøper.
20171126_145451
Eg gjer alt eg kan for å redusere stresset, for denne joli kjenner eg bare at det ikkje går. Bare tanken på alt som skjer i desember gjer at eg gruar meg, eg må bare akseptere at eg kan ikkje vere med på alt. Det er viktig å lytte til seg sjølv og eigne grenser, uansett om ein er gravid eller ei. Det har lett for å bli for mykje og advent skal vere ei hyggelig ventetid. Så eg hentar meg inn der eg kan, kosar meg der eg kan og senkar skuldrane. Eg skal gjere ting som gjev meg energi, slik som her om dagen, då eg og venninna mi lagde Sarah Bernhardt (link for oppskrift). Det er slike ting eg gjerne vil ha tid til, også droppar eg kjøpesenter-stresset og det synes eg er ein fin ting.
20171127_180438

Litt strikke-relatert slik på tampen. Her er buksa som eg strikkar på. Snøløvbukse trur eg den heiter. Eg strikkar den i mini sterk, eit nydelig silkemjukt og tynt garn. Heilt herlig frå fødsel til våren tenkjer eg. Så koselig og strikke så smått, eg nyter det berre. 20171125_154058.jpg
Ein liten sjavfie, nå er eg i 2. trimester og føler at tida går så fort. Eg er så stolt av at det endelig byrjar å synes og det er fint synes eg. Eg kjenner masse spark og full aktivitet der inne så det er veldig koselig.

Fastelavn

God kveld!
Hyggelig med fastelavn, sjølv når ein ikkje har planer om å faste, for eg er ein av dei mange som berre likar slike merkedagar for kosen sin skyld. Det er slik det har blitt. Ein tenkjer ikkje så mykje over kva desse merkedagane eigentlig tyder, me vil berre pynte med fastelavnsris og glede oss til påskeferie og vårlige dagar. Eg tenkjer at det er heilt greitt, sjølv om det er greitt og vite litt om kvifor me markerar denne dagen. Viss me skal på quiz eller blir spurt av ungar til dømes. IMG_9336.JPG

IMG_9329.JPG
Denne helga har blitt ei koselig og sosial helg der eg sit att og føler at eg har fått gjort ein del. Måla i huset, vore med venner og hatt middagsbesøk, så eg seier meg nøgd med helg for denne gong. Nå gjer eg meg klar for blåmåndag og feitetysdag, eller nei, helst ikkje.

Eg har og strikka litt, ein frisk og fin luve som eg kallar «Olav Thon»- lua mi. Strikka i Pickles sitt garn Abuelita 4-tråds merino. Eg er så nøgd med den vårfriske luva!
IMG_9325.JPG
IMG_9340.JPGHåpar alle har hatt ein fin fastelavn!

 

Meir jol

Litt meir jol, berre litt til..
Jolestemninga snik seg innpå, det er ikkje så mykje eg rekk, men det eg rekk gjev jolestemning. Eg har pynta litt meir no, eg har fått nokre koselige jolekort i posten og det byrjar å roe seg på shoppingfronten. Eg har framleis litt eg må gjera før jolefreden senkar seg og då skal eg vere glad. Det blir rart å tenkje at neste gong eg pyntar til jol, så pyntar eg i mitt nye flotte, gardshus! Så bra det blir, men inntil vidare får det halde med å ordne jol i det vesle koselige huset. IMG_8947.JPG
Å bake peparkaker er obligatorisk, og så koselig! Inviterte min gode venn og for alltid nabo Line til peparkakebaking og gløgg. Slikt blir det gode samtaler av, noko som er eit herlig avbrekk frå stress og mas. IMG_8991.JPGIMG_8989.JPG

IMG_8950.JPG
Strikkinga er heller ikkje lagt på hylla, men eg held på med for mange prosjekt akkurat no. Så det spørs nok om eg må ta eit røsk på nyåret, for slikt blir det kaos av. Alle strikkepinnane mine ligg i UFO’ar. korleis vil dette ende? IMG_8964.JPG

Pascal lev det gode liv med latter, papir og song. Han elskar lyden av papir og vil gjerne ta del i innpakninga. Ha ei framleis god førjolstid!

Mai, du skjønne milde

DSC_2736

DSC_2740

13064662_10153504484251791_1537244969008662551_o.jpg

DSC_2738

Eg legg ved nokre bilete frå 17.Mai feiringa vår. Ein fin 17.Mai feiring med gode venner og masse utskeiingar. Det blei enkel servering med rullekake, is og kaffi. Rullekake har eg faktisk ikkje laga sidan fagprøva mi, då fekk eg kritikk på at den ikkje var så fin og rund som den burde ha vore. Den blei ikkje rund denne gongen heller, men det blei ikkje så gale likevel håpar eg. Håpar alle hadde ein fin feiring!

Frukost

Eg er veldig glad i lange frukostar, lage rundstykke og seta på kaffien. Det er noko heilt ana enn å ta med seg eit par knekkebrød i bilen på morgon. I dag laga eg rundstykke med litt grovt og fersk oregano. Det smakar så godt med urter i gjærbakst, nam!


Her kjem oppskrift på gode oregano-rundstykke

9 stk.
25 gram gresskarkjerner
25 gram linfrø
25 gram sesamfrø
25 gram solsikkekjerner
100 gram grovbakstmjøl / rugmjøl
400 gram kveitemjøl
20 gram gjær
1 ts salt
4 dl vatn
1 kvast grovhakka oregano

DSC_2398
Bland ut gjæren med vatnet, tilsett alt det tørre.
Dekk bollen med plast og la den heve i ein times tid.
Mjøl på bakebordet, del i emne, legg på brett og la dei etterheve i ca. ein time.

Set omnen på 180 grader og steik til dei er ferdige, eg sjekkar alltid om det er ein
dunkelyd når eg trur dei er ferdige. Avkjølas på rist.
God baking!

DSC_2412

Ha ein framleis god påske, her går det i late dagar med familie, quiz og matlaging.

Honningkaker

Hei.
I dag har eg baka honningkaker, dei blei innmari gode synes eg. Oppskrifta fant eg i månadens Lev Landig. Dei er gode å eta for seg sjølv, men eg kan førestelle meg at dei er knallgode med ein mild ost på. Dei har ein herlig kombinasjon av ingefær, sitron og søtt, liknar på pepperkaker berre at dei er mjuke og ljose i førehald. Eg synes det er spennande å prøve noko nytt, smake på nye kombinasjonar og utvide repertoaret litt.

DSC_1903 (2)

Oppskrift på honningkaker

150 g honning (Gjerne kortreist)
100 g brunt sukker
125 g smør
2 egg
1 økologisk sitron
500 g kveitemjøl
1 ts hornsalt
1 ts ingefær
1 ts kanel

Ha honning, sukker og smør i ein kjele på middels temperatur, rør til sukkeret har smelta. Avkjøl noko. Pisk egg, riv sitronskallet, tilsett dette.
Bland det tørre i deigen. La deigen stå kjølig i minst 30 minuttar. Set omnen på 200 grader, kjevle deigen og stikk ut former. Steik i 6-8 minuttar. Til du ser at kakene har blitt større og fått litt farge. Avkjøl på rist.

DSC_1889 (2)DSC_1897 (2)DSC_1898 (2)DSC_1911 (2)DSC_1912 (2)
Ha ein framleis fin sondag!

Vaniljesnittar

I dag tidlig vakna eg ikkje av at Pascal gjekk på ansiktet mitt på veg til vindauget, men av at regnet slo mot ruta så kraftig at eg ikkje kunne unngå å høyre det. Eit teikn på at hausten er på veg, litt vemodig men og noko som eg har sett fram til. For denne hausten byrjar eg i ny jobb og blir til tider travel men eg vil framleis halde fram med bloggen. For så lenge eg får glede av å blogge og kjenner at eg får bruka kreativiteten min så vil eg bruke denne plattforma. Dette har vore ein hobby eg har hatt i nokre år nå,  og sjølv om det er stille her i periodar så kjem eg plutselig tilbake med eit innlegg att. I dag sendte eg ut sambuaren for å kjøpe vaniljekrem og friske jordbær, ganske vellukka, sett bort i frå at jordbæra var ganske mygla, det er vel litt sjarm i det og. 😉

Nå skal eg dele oppskrift på nokre godsaker som ein gjerne kan bake på regnværsdagar. For gjærbakst er noko av det koseligaste ein kan bake, då har ein tid til å strikke eller lese bok når deigen hevar. Her kjem oppskrift på Vaniljesnittar som henta frå bloggen til Anne Brith.

kake-17

Vaniljesnittar

Du treng:

– Vaniljekrem, oppskrift på ekte vaniljekrem finn du her.

– Søt grunndeig.

– Friske bær eller syltetøy. (Eg bruka friske, men etter steiketida ser det ut som syltetøy uansett)

kake-1

Oppskrift på søt grunndeig:

150 gram smør
5 dl mjølk
50 gram gjær
1/2 ts salt
100 gram sukker
1 ts kardemomme
15 dl kveitemjøl.

Varm opp smør og mjølk til 37 grader, ha gjær i ein bakebolle, tilsett mjølk- og smørblandinga. Tilsett salt, kardemomme og sukker, ha i kveitemjøl til deigen blir fast og smidig.
La deigen heve i 20 – 30 minuttar. Ta mjøl på bakebordet og elt deigen, del opp i mindre emnet. kjevle deigen flat.

kake-4

Her bruka eg linjal og ein skrap kniv, emnet skal vere 10 x 10 cm og lag eit snitt inn mot midten.
kake-8

Brett den eine spissen på langsida inn mot midten, og ta annakvar spiss slik at dei ser ut som på bilete over. Eg bruka litt tid på å få det til, men blei nøgd med resultatet.

kake-12

Ha vaniljekremen i ein sprøytepose, ha passe mengde på kvar og ta på jordbæret.

Sett på steikeomnen på 200 grader. La snittane etterheve i 20 minuttar. Steik vaniljesnittane i cirka 10 minuttar.
Legg dei på ei rist til avkjøling.

kake-23

kake-29

Skikkelige godsaker, burde prøvas. Ha ein fortsatt fin regnværsdag!

 

Fraiser

I går baka eg Pascal Dupuy’s Fraisier, som er ei kake beståande av dynka sukkerbrød,
fløyelsmjuk eggekrem, søte jordbær og marsipanlokk. Eg fekk god respons på kaka,
det er ein fransk klassiker, som vil imponere på eit kakebord.

Oppskriften er henta her.

IMG_8569
IMG_8546IMG_8577
Eg er fornøgd med kaka, men eg hadde litt lite krem mot slutten, så den blei
ujamn som synes godt på marsipanlokket.