Bryllaup: Invitasjonane

Heisann.
Lenge sidan sist. Her går dagane i oppussing og bryllaupsførebuing så tid er noko me ikkje har for mykje av. Dette er den seiste tida vår i det vesle huset, me flyttar i nær framtid(!!) og om ein kort månad så giftar me oss på låven. Eg skal ikkje legge skjul på at det er slitsamt, men på sama tid så er det spenning i kvardagen. Eg trur dette er i periode i livet me kjem til å sjå tilbake på om nokre år og vere glade for at me ikkje treng og gjenta det. Me satsar på at både ekteskapet og huset er ein langvarig investering.

Førebuingane til bryllaupet har vore overveldande, men når eg har verdas flinkaste, mest støttande og oppmuntrande trulovar så må eg sei at det har gått overraskande bra. Trulovaren min Line, har hjelpe til med det meste av førebuingane og ein av dei fyrste tinga me gjorde saman var og lage invitasjonane. Her er det Line som skal ha all æra, eg sat berre og sa ja eller nei, det var ho som designa heile oppsettet. Invitasjonane er for lengst sendt ut og svara på, og utan at eg hadde planlagt det så hadde eg att eitt som eg skal spare på. Tips: Spar på ein invitasjon, bordkort og eit takkekort som minne. Det trur eg er noko som ein kjem til å sette stor pris på i ettertid.

_DSC9588.JPG

_DSC9590.JPG
_DSC9586Slik blei det sjåande ut, eg er så fornøgd med korleis det blei til slutt. Då eg var i botanisk have i fjor sommar fekk eg så dilla på grøne planter og hageliv. Derfor har eg vidareført noko av dette til bryllaupet og eg synes at det passar godt til oss. Me valte også og lage personelge frimerke og det blei prikken over i’en. Eg håpar invitasjonane gjev eit lite innblikk i korleis me er som par, litt humor og lite glam. Me snakkas!

Pilea

Akkurat nå er det huset som tek mesteparten av tida, samtidig som eg har vore litt sjuk nå og derfor har det blitt dårlig med oppdatering. Eg steller i blomsterbeda etter vinteren og eg ser at det kjem opp mange laukar, så moro! Eg la jo i blant ana tulipanar i fjor, moro altså!

Nå til overskrifta, Pilea er jo ein populær plante og ha i hus, og ikkje for utan grunn. For den er så lettstelt og veks så fint. Eg ville dele min opp litt, for eg synes att den blei for tett og det gjekk veldig greitt. Dei miste avleggarane har eg hatt oppi vatn og det tok ikkje mange dagane før dei la nye røter. Dei litt større hadde eg rett oppi jord og det gjekk fint.
Eg har ein del igjen, så eg må få gitt bort til nokon fleire ser eg, eg fyller så fort opp glaskarmane av ein eller ana grunn.
_DSC9503
_DSC9506.JPG
_DSC9511.JPG
_DSC9513.JPG
_DSC9516.JPG
Planter og blomar gjer meg så glad, i alle fall dei lettstelte og takknemlige.
Ha ein fin sondag!

Påskekos

IMG_9460.JPG
Det er så godt at påska er i gang! Det blir nok ikkje ski-påske i år, her er det hus-jobbing som blir prioritert. Eg gledar meg stort over og ha samanhengande dagar der me jobbar med huset, i lag. Nå er alle dei store tinga på plass, slik som tak, panel, golv, kjøken og så vidare. Det er så moro og sjå at det går framover, sjølv om me har ein god del igjen før me kan flytte inn.
Dette er utan tvil ein spennande prosess, der ein lærer mykje og får ta i overkant mange val, men det er ein prosess som krev ein god del.
IMG_9459
Sjølv om husprosjektet tek mesteparten av tida så må me kose oss, sjølvsagt! Eg skal lese Voodoo på vestkanten av Knut Nærum, drikke te og løyse kryssord for å nemne noko. Boka har eg spart til påska, så den gledar eg meg veldig til å starte på. Eg må og strikke litt, sjølv om det er litt pes akkurat nå. Kanskje det er våren som gjer det, eller oppussinga, eller kanskje eg har hatt for mange mislykka prosjekter? Mogleg at det er ein kombinasjon av desse tre.

IMG_9453
Eg synes det er ekstra godt og kose seg med varmt drikke på kveldane, og akkurat nå er det chai latte som eg har mest lyst på.
For å lage chai latte så treng du:
H-mjølk, krydra te (eg brukar Ernas røde busk av te-tøsene), sukker og varmt vatn.
La te-posen trekke i vatnet, sukre godt og hell mjølkeskummet på toppen. Litt kanel på toppen og nyt! Dette er skremmande godt!

Ha ei god påske! 🙂

Vårreingjering

IMG_9398.pngMars er den fyrste vårmånaden og då synes eg at det er greitt og i alle fall starte på vårreingjeringa. Det kan godt hende at eg er ekstra ivrig i år, sidan eg ventar spent på å snart få flytte inn i vårt nye hus. Eg tenkjer og at viss eg startar nå så blir det lettare når me skal flytte og vaske oss ut frå det vesle huset. Det er nokon ting eg kan gjere nå, mens det er andre ting som eg får ta utover våren. Det er lurt å lage seg ei god liste, som du hukar av etter kvart som du har gjort det.

Forslag om kva som burde inngå i vårreingjeringa:

□ Vaske glasrutene. Fjern spindelvev og lort utvendig og vask glasrutene grundig. Eg brukar ei sprayflaske med eddik til å vaske speglar og ruter, det blir så fint!

□ Vask gardinene og tørk støv av gardinstengene.

□ Reingjer frysaren. Ein frykteleg jobb, i alle fall når ein ser så mykje som er fryseskada og kva som faktisk ligg på botn. Men etterpå føler ein seg heilt fantastisk, for det gjer kvardagen lettare når ein veit kva ein har.

□ Gå igjennom vintergarderoben din og sjekk kva som du ikkje har bruka heile denne sesongen. Gje vekk eller kast klede som ikkje har vore i bruk.

□ Vask og organiser bokhylla. Bokhylla vår er overfylt og det skal derfor ikkje så mykje til før det blir uorganisert.

□ Vask kjøkkenet grundig. Sjekk datoar på tørrvarer, vask i skuffar og skåp. Reins filteret på oppvaskmaskina og vask steikeomnen grundig.

□ Tøm vedomnen for aske. Eg kastar asken i søpla, men eg veit at mange strør asken på snoen for at den skal smelte fortare. Utrulig greitt og gjera etter ein kald vinter.

Etter kvart som ein har gjort eit punkt så hukar ein av, då ser ein framgang og blir motivert av kor koselig det blir når ein tek ein sjau i heimen.

IMG_9399.JPGLukke til!

Terrakotta

New in! Eg har lenge sikla etter å strikke noko til meg sjølv i garnet Line. I dag reiste eg innom den lokale garnbutikken og kjøpte meg nytt og fint garn. Eg skal strikke Ella-genseren, som er ein enkel genser med raglanfelling og fletter på framsida. Heilt sikker på at den kjem til å bli mykje bruka. Terrakotta er ein farge som eg synes er så utrulig fin, og som eg håpar på at eg kler. IMG_9441.JPG

IMG_9435.JPG
Ha ei fin helg!

Bursdagshelg

På fredag blei eg eitt år eldre, og det kjentes heilt greitt ut. Eg synes det var spennande med tidlig 20-åra, men det er jammen spennande med seint 20-åra og. Ein må ikkje vere redd for å bli eldre, så lenge ein har det bra med seg sjølv så tyngder ikkje alderen så mykje. Min gode bestemor blir 90 år til sumaren, og det synes eg er heilt fantastisk!

IMG_9369.JPG
Det var ein ting eg ønska meg til bursdagen, og det var ein bukett med tulipanar og gåsungar, eit teikn på våren som kjem. Eg elskar tulipanar, på våren får eg ikkje nok av friske tulipanar i alle fargar. Gåsungar minner meg om ein fin barndom, der eg sparte på alle gåsungane eg fant i ein boks… Og når eg opna den boksen igjen, så lukta det så vondt.
IMG_9366Eg må sjølvsagt ha ein strikkeoppdatering. Nå har eg lagt vekk tunge varme genserar til fordel for lette sommarplagg. Den ljoseblå er sommerbluse frå Pickles, som er strikka i eit garn som eg er veldig glad i – summer wool! Perfekt garn til den norske sommaren, tjukt og svalt på sama tid. Den ljosegrå er ein oppskrift frå dale garn sitt hefte «sommerfavoritter», ei hefte som eg har lyst til å strikke mykje i. Dobbel tråd av garnet lerke. Eit nydelig garn. Eg gledar meg til eg kan bruke desse plagga.
IMG_9372.JPG

Fastelavn

God kveld!
Hyggelig med fastelavn, sjølv når ein ikkje har planer om å faste, for eg er ein av dei mange som berre likar slike merkedagar for kosen sin skyld. Det er slik det har blitt. Ein tenkjer ikkje så mykje over kva desse merkedagane eigentlig tyder, me vil berre pynte med fastelavnsris og glede oss til påskeferie og vårlige dagar. Eg tenkjer at det er heilt greitt, sjølv om det er greitt og vite litt om kvifor me markerar denne dagen. Viss me skal på quiz eller blir spurt av ungar til dømes. IMG_9336.JPG

IMG_9329.JPG
Denne helga har blitt ei koselig og sosial helg der eg sit att og føler at eg har fått gjort ein del. Måla i huset, vore med venner og hatt middagsbesøk, så eg seier meg nøgd med helg for denne gong. Nå gjer eg meg klar for blåmåndag og feitetysdag, eller nei, helst ikkje.

Eg har og strikka litt, ein frisk og fin luve som eg kallar «Olav Thon»- lua mi. Strikka i Pickles sitt garn Abuelita 4-tråds merino. Eg er så nøgd med den vårfriske luva!
IMG_9325.JPG
IMG_9340.JPGHåpar alle har hatt ein fin fastelavn!

 

Eg treng fargar

Når livet ikkje viser seg frå si beste side så er det fint med trøystegarn, og då var Madevik Yarns eit godt val. Eg blei berre så lei av mørke fargar, inkludert genseren til sambuaren min. Når eg i tillegg strikka feil igjen og må rekke opp igjen så trur eg det er lurt med ei pause frå genseren. Det er uansett godt og ha litt å bytte på.

Og akkurat nå er det glade fargar som freistar aller mest. Karin bak Madevik Yarns er flink til å farge garn, så lekkert med eigefarga hesper. Det er mange som snakkar om å håndfarge garn i diverse podkastar og det er heilt klart populært for tida. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg og lært det sjølv, men då vil eg bli kursa i det fyrst. Utrulig spennande med fargar!

IMG_9277.JPG

Garnet bestend at 80% Merinoull og 20% Nylon, så det passar til mykje. Eg tenkjer det eine hespe blir nok eit sokkepar og det andre blir sjal. Eg elskar fargane og synes varm gul inntil rosa er så friskt og fint. Det er fyrste gongen eg handlar garn som er handfarga og synes at det er ein ganske kul greie.
IMG_9271.JPG

Vlog favorittar

I går måla eg peisen i det nye huset med kalkmåling, moro og måle på kryss og tvers men litt nervepirrande og. Det er liksom ikkje eit tema eingong og måle peisen igjen, det får berre bli bra på fyrste forsøk. Eg er utrulig spent på korleis den røffe peisen blir inntil eit klassisk kjøken og ei luftig stoge. Når me har kome lengre med huset så skal eg vise det meir fram, men det er ikkje så spennande med isolasjon og verktøy. Eg fram mot ljosare tider og framgangen med huset.
16736139_10154109035370836_436703775_n.jpg
Nå vil eg skrive litt om vlog, om strikke-vlog som er populært for tida. Eg byrja å kikke på vlog i joleferien min og har fått heilt dilla på dette. Tidligare har eg berre bruka youtube for å sjå framgangsmåtar på ulike strikketeknikkar, men nå har det jo kome noko enda meir spennande for dei som er slik som meg, strikke-tullerusk. Strikke-vlog er jo så moro, eg likar desse berre så godt. Då kan ein ta fram strikketøyet, og sjå ei episode når det passar, det er så koselig. Det finnes mange fleire enn dei eg nemner, men det er jo ein start så kan ein leite seg fram i eit hav av fine podkastar. Det er nok mykje bra som eg ikkje veit om enda, har du nokre tips så skriv det i kommentarfeltet.
IMG_9262.JPG

Mine vlog favorittar

strikkk
Strikketerapi
https://www.youtube.com/channel/UCVdgDjwEoP2yJHpNLGENc9Q
Kristin driv bloggen einkopptetakk og den populære instagram-kontoen med sama namn. Ho er kjempesjarmerande og inspirerande og eig eit hav av sjøgrønt garn. Episodane hennar er innhaldsrike og varierte og det beste av alt; ho snakkar norsk i episodane og derfor blir det naturleg og personleg. Kvar gong eg ser ei episode så vil eg berre starte på eit nytt prosjekt og handle eksklusivt og mjukt garn. Dette er min absolutte favoritt podkastar. Ein får lyst på alt ho viser fram, godt at ho har garnstopp i ny og ne. 🙂

Koselig-bilde-av-Thea-og-Mette-rektangulært-e1469976169711.jpg
Topinner.no https://www.youtube.com/channel/UCN8UctAalR4TjAC05Tbdong
Thea og Mette er to kjempeflinke podkasterar som visar fram teknikkar, intervjuar strikkedesignerar og har innhaldsrike videoar. Eg likar desse damene kjempe godt, og er sjølvsagt glad for at dei snakkar norsk. Ein merkar godt kor genuint glad i strikking dei er og engasjementet smittar over. Desse går meir grundig inn i emne som dei har om, og derfor lærer ein mykje i kvar episode. Den siste episoden eg såg så lærte eg ein ny fin måte og felle til raglan og det er ein teknikk som eg kjem til å lære meg.

vl.png
Thelittletailoress https://www.youtube.com/channel/UCU-ncF_kQ52d9JBGBLky0Bg
Her kjem ein vlog som eg nylig kom over som eg likar kjempe godt. Ami er engelsktalande og bur i landlige omgivnadar i UK. Ho har ein romantisk og dus stil som eg likar godt og ho er sprudlande og energisk. Ho deler ei episode inn i emne, fyrste del er om strikking og andre del er om sying noko som gjer det ryddig og oversiktelig. Eg blir så inspirert av dei enkle fine sy-prosjekta hennar, det klør etter å investere i ei symaskin og melde meg på sykurs. Eg har så lyst til å lære meg å sy. Eg likar godt at ho har ein gjennomført stil og legg ut videoar jamleg.
madevik.png
Madevik Podkast https://www.youtube.com/channel/UCIxTCVOVpF3VMQvrYHAXCIw
Karin er svensk, bur i Norge og snakkar engelsk i podkastane sine. Ho har ikkje lagt ut så mange episodar endå, men dei som ligg ute likar eg godt. Det som eg synes er spennande er at ho handfargar garn og ho sel så mykje fint på etsy. Eg trur eg må bestiller nokre hesper fordi ljose glade fargar er det eg har lyst på akkurat nå. Eg likar Karin kjempe godt og synes at ho har gode og inspirerande episodar. Det er spennande og følgje med!

Det var alt eg hadde, eg håpar at eg kan finne enda fleire flinke podkastar som eg kan følgje. Ein blir så inspirert og glad for at folk deler erfaring og kunnskap.

Sidan sist

IMG_9177.JPGEin liten strikkeoppdatering synes eg er på sin plass. Me har kome godt i gang med det nye året og då er det greitt å sjå litt korleis starten har vore.

Mine strikkemål for 2017 er…

.. Skrive strikkedagbok, dokumentere kva eg har fullført.

Det går som ein leik, dokumenterer i ei strikkedagbok og på Ravelry kva eg planlegg, held på med og kva som er ferdig. Det gjer at det blir motiverande og fullføre prosjekt.

.. Strikke meir til min framtidige mann.♥

I do! Eg held på med ein genser til han og reiknar med å bli ferdig om nokre veker. Eg er så spent om han faktisk kjem til å bruke genseren.

.. Bli meir spenstig når det gjeld fargeval, tørre å prøve andre kombinasjonar.

Eg har nok blitt tøffare når eg vel ut fargar, eg utforskar meir og ser på ulike fargekombinasjonar. Eg har fått fleire nye favorittfargar, sjølv om eg nok alltid kjem til å vere svak for lyseblå og mint.

Ein liten oppdatering om kva eg har strikka på i det nye året. Ein kombinasjon av småstrikk og nokre støre prosjekt.
IMG_9182.JPGTo sett med hjertevottar har vore ferdig ei stund, men eg ville ikkje blogge om det før min søte veslesyster fekk paret sitt i posten. Eg er veldig fornøgd med hjertevottane som eg har strikka, dei tova seg fint i maskina og hjertemønsteret blei bra. Ein strikkar eit par på nokre kveldar.
IMG_9237.JPG70-talsjakka er endeig ferdig, etter å ha vore ein ufo sidan i sommar. Fekk rettleiing og hjelp på mamma med knappestolpen, for min blei så stygg.
IMG_9224.JPG
IMG_9234.JPG
Det finaste Løvlisjalet. Eg er så utrulig glad i dette varme sjalet, det er så vakkert. Mitt blei ikkje så stort, men det dekker godt over skulrane.
IMG_9185.JPGPascal og Simba lurar fælt på kva som hender her. Nyfikne gutar.