Nytt strikkeår

Hei igjen og godt nyttår kjære leserar!
Enda eit nytt strikke-år er omme og eg har mange tankar rundt det som eg ynskjer å dele. Eg er så evig glad i den fine hobbyen min, den betyr så utrulig mykje i ein hektisk kvardag. Får eg strikka litt kvar dag så er eg glad.
strikk.png

Nye strikkemål for 2019
1. Strikke frå garnlageret mitt. Eg skal ikkje ha full kjøpestopp, men eg ynskjer å sjå fyrst på kva eg allereie har før eg handlar. Dette året har eg gitt vekk fleire posar med «tullegarn» og nå har eg bare gode kvalitetar igjen og heile nøste.

2. Halde fram med UFO-strikk. Bare for å skryte av meg sjølv. Dette året har eg vore heilt rå på UFO-strikk, noko har eg rekt opp, noko har eg hive og mesteparten har eg gjort ferdig. Eg har att ei kufte, ein vott og ei babybukse og etter det så har eg ingen ting som ligg på vent. Eg skal fullføre eller rekke opp det eg byrjar på.

3. Strikke plagg som er praktiske og som blir bruka. Dette handlar om korleis eg tidligare strikka 8 upraktiske babyluver eller ein sokk som var for trong. At eg skal slutte med denne produseringa og heller bruke tid på strikkeplagg som er nyttige, god passform og god ull. Eg har hive litt, som berre har vore mislykka. Eg vil strikke varme gode plagg for barnehagestart og plagg som mottakaren treng.

og tilslutt..
4. Bruke tid på å lære nye teknikkar. Her har eg vore slapp, for eg har berre ville blitt ferdig med strikkinga. Ikkje bruka tid på å lære meg noko nytt. Magic loop for eksempel, bruka tid på å øva på det. Lære meg montering, lære å like montering og ikkje bare sende det til mamma. Gjere det sjølv. Men få hjelp når alt går i kluss.

Dette er mine strikkemål, eg rekker heller opp fem gonger og blir fornøgd enn å strikke plagg som ikkje blir bruka. Ha eit flott strikkeår! 🙂
cropped-dsc_2105-21.jpg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s