Dåpsførebuing

Hei! Då var 17.Mai over for i år. Stress på morgonen for å rekke toget, nokre gnagsår og kanskje litt ugod i magen etter mykje kake og kaffi – men vel verdt det! For så koselig det er å bu i ei lita bygd på ein dag som dette, heilt perfekt! Eg legg ved nokre bilete av Lårdal.

32821415_10155270646305836_4344681538156232704_n.jpg32855166_10155270646340836_5854097160965980160_n.jpg
Nå hiv me oss rundt og gjer oss klare for neste feiring, nemlig dåpen til guten vår. Eg er så spent og ser så fram til denne dagen. Eg har heldt på ei god beite med planlegging, og det sparar oss nok for ein del stress, men likevel er det mykje som må gjeras rett før. IMG_0099
IMG_0038
IMG_0102IMG_0093IMG_0101
Eg har gått for mint-farge som pynt, men det blir uansett litt miks av fargar, eg er jo ikkje så nøye på å matche uansett. Babyblått er jo utrulig søtt det og, men eg kjenner at eg trekker mest mot grønt desse dagar.

Dåpskjolen er noko av det finaste eg har sett. Det er min mamma som har sydd den og eg synes at den er heilt fantastisk vakker. Den er i mine auger heilt perfekt. Ikkje for mykje dill og dall, men stilrein og tidlaus. Eg er så nøgd med denne kjolen, og ser så fram til å kle vesle Magnar opp i den. Det kjem bilete frå dåpen etterpå reiknar eg med. Nå får eg hive meg rundt og bake og styre på! Ha ein flott dag!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s