Såtid

 

IMG_9989.JPGIMG_9945.JPGEg har smått byrja på å tenkje og planlegge hagen til sommaren. Akkurat som i fjor så tenkjer eg å ha lågt ambisjonsnivå, sjå om ripsbusken min har klart seg over vinteren og stelle til det me ikkje rakk i fjor. Eg satsar på krukker, men vil gjerne og teste ut kva ana som kan trivast her. Eg har jo fine staudebed, om eg skal utvide eller berre vedlikehalde er eg usikker på.
IMG_9935.JPG
Når eg kikkar på fine hage-program blir eg så freista til å opparbeide ein frodig og flott hage, med steinheller, prydebuskar og flott kjøkenhage. Alt dette er ikkje gjort over ein sesong, det er eit livsprosjekt! Ein ser jo at desse med flotte hagar, dei lev og ånder for hagen sin, men dei har og feila mange, mange gonger. Eit tips eg fekk av nokon når ein skal finne ut kva som trivast i området ein bur er å sjå kva naboane har for planter, då får ein peikepinn på kva som kan gå. Eg synes i alle fall at hagen er verdt og slite for, ein får så igjen for det når det er blomstringstid.

Eg sådde og kattegras, det var veldig populært for Pascal. Nå treng han ikkje ete på dei andre plantene mine. Dei gale har det godt! Ha ei fin veke!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s