Vår i lufta

Nå som våren er her for fullt så har eg ikkje lyst til å strikke krevjande og tunge plagg. Nå vil eg halde på med friske fargar og lette kvalitetar. Eg visste med eingong kva garn eg ville strikke med – nemlig Madevik Yarns som eg har kjøpt på Etsy. Håndfarga garn synes eg er heilt herlig, det er meir eksklusivt og meir inspirerande å strikke med. Eg har lenge hatt lyst til å strikke eit sjal av dette garnet så nå trålar eg nettet for å finne ein enkel sjaloppskrift.
IMG_9863
IMG_9866.JPG
Det er mange flinke damer som fargar garn, eg prøvar stadig vekk å få tak i garn frå Lillerilledesign men det er nesten håplaust. Det er så populært at det blir rive vekk på få minuttar, eg er aldri rask nok til å sikre meg nokre hesper. Eg draumer om å få tak i fargen tulipan eller farmors pute, ein dag så..
IMG_9877.JPG
Det er fyrste gong eg nøstar opp med garnvinde, så koselig syssel. Dette kunne eg gjort dagen lang, lett. Eg prøva å sette guten min i tripp-trapp-stolen sin for at han kunne kikke på, men det var liten interesse enda. Om nokre månedar synes han heilt sikkert at det er like morosamt som sin mor.
IMG_9883.JPG
IMG_9884.JPGVoilà! For eit fargebad, nå skal eg prøve å få lagt opp på pinnane så fort eg finn ein passande oppskrift.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s